Strekk- og støytskadar
Det er musklane, som er festa til skjelettet med sener, som set oss i stand til å røre armar og bein. Under sport og idrett blir dette systemet utsett for store belastningar, av og til så store at det oppstår skadar. Ei vanleg skadeform er det vi kallar strekkskade. Ein strekk kjem anten av at sener blir slitne laus frå skjelettet, at sambandet mellom sener og musklar blir slite av, eller at fibrar inne i ein muskel ryk. Samtidig kan også større og mindre blodårer bli slitne av, slik at det oppstår blødingar.
Strekkskadar i låret er svært vanlege i idrettar som fotball, handball, bandy og ishockey. Desse skadane oppstår særleg i dei såkalla hamstringsmusklane på baksida av låret. Som regel oppstår dei i samband med «eksplosive» spurtløp. Hamstringstrekk er derfor den vanlegaste skaden blant sprintarar.
Også blant fotballspelarar er hamstringstrekk den vanlegaste skaden. Det gjeld både på elitenivå og på amatør- og skolenivå. Om lag ein firedel av alle akutte skadar er ein hamstringstrekk. Slike strekkar kan det ta lang tid å lækje, og har vi først fått skaden ein gong, er det lett å få han igjen seinare på same stad.
Risikoen for å få ein strekkskade blir mindre om du varmar opp skikkeleg før du set i gang med spurtar, skotskyting eller andre former for kraftaktivitetar.
Støytar og slag mot ulike delar av kroppen kjenner vi alle til. Det fører til blåmerke, som kan vere ganske uskuldige. Men kraftige samanstøytar, fall, slag eller spark kan også få alvorlegare konsekvensar, særleg når muskulatur og store blodårer blir hardt skadde.
Dei fleste har vel hørt uttrykket «lårhøne». Ei lårhøne er nettopp ein slik skade på framsida av låret, som fører til at blodkar under huda blir sprengde. Slike skadar kan gi varige mein om dei får mangelfull eller feil behandling.
Det er skilnad på om blødinga blir stengd inne i ein einskild muskel, eller om blodet får fordele seg over eit større område. Ved ei «lårhøne» kan blodet for eksempel leke inn i veva nedover mot kneet. Dei alvorlegaste skadane er dei intramuskulære, der blodet blir stengt inne i muskelen.