Hopp til innhald

Fagstoff

Havmiljøet – abiotiske faktorar

Miljøet i havet omfattar ei rekkje biotiske (levande) og abiotiske (ikkje-levende) faktorar. Denne artikkelen handlar om nokre av dei abiotiske faktorane som påverkar livet til fisken, og som fiskaren må ta omsyn til i arbeidet sitt.
Ein fisk og dei ulike faktorane som påverkar livet til fisken: predasjon, straum, lys, temperatur, salthaldigheit i vatnet, vasskjemi, fiske, føde, botnforhold og omrøring. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det fysiske havmiljøet har mykje å seie for fiskeressursane. Storleik på ein årsklasse blir til dømes bestemd av døyelegheit i larvestadiet, som igjen blir bestemt av forholda i havet. Ei sentral årsak til døyelegheit er at larvene blir transporterte med straumen til eit område med liten mattilgang og ugunstige temperaturforhold. Lysforhold har betyding for oppvekstforholda, for larvene nyttar synet når dei fangar byttedyr.

Rekrutteringa til ein årsklasse blir òg regulert ved at havmiljøet påverkar produksjonen av planteplankton (primærproduksjon).

For ein fiskar er det viktig å ha oversikt og kunnskap om havstraumar. Dette er spesielt viktig når ein skal forankre reiskap/bruk, eller for å ha oversikt over fart på snurrevad eller trål gjennom vassmassane.

Temperatur

Vekst og vandring er styrt av temperaturen. Makrellen overvintrar ute i Atlanterhavet og vandrar først inn i Nordsjøen når temperaturen er høg nok. Eit anna døme er torsken. Det er ei minimumsgrense for kor kaldt vatn torsken i nordområda kan opphalde seg i. Temperaturendring i havet påverkar utbreiinga av artar. Vi ser til dømes at taskekrabbe stadig blir meir utbreidd lenger nord.

Det er samanheng mellom vekst og temperatur. Fisk er vekselvarm og vil vekse raskare jo høgare temperaturen er.

Havstraumar

Corioliseffekten

Straumen i havet blir påverka av corioliseffekten. Ein effekt av jordrotasjonen er at vindar og havstraumar blir bøygde av. Luftstraumar og havstraumar som går i nord–sørleg retning, vil bøyast av. På den nordlege halvkula blir nordgåande rørsler trekte mot aust, medan dei sørgåande blir dreidde mot vest.

I tillegg blir havstraumane drivne av vindpåverknad, lufttrykk og tidvatn.

Tidvatn

Det vekslar mellom høgvatn (flo) og lågvatn (fjøre) omtrent kvar sjette time (6 timar + 12,5 min). Tidvatnet varierer med faste periodar som gir ein syklus på 14 dagar. I kvar ende av periodane har vi springflo og springfjøre.

Årsaka til tidvatn er at den sterkare gravitasjonskrafta til månen vil trekkje havet mot seg i ca. 12,5 timar på den eine sida av jordkloden. På motsett side trekkjer den svakare gravitasjonskrafta til sola vatnet mot seg i ca. 12 timar.

Topografien (botnforholda) er avgjerande for korleis straumforholda blir. Enkelte stader har ein nesten ikkje tidvasstraum. Desse stadene blir kalla amfidromiske punkt. Gjennom smale og grunne stader kan tidvasstraumen bli ti gonger sterkare enn i ope farvatn.

Havsirkulasjon (Golfstraumen)

Nordvest for Storbritannia strøymer det inn varmt atlanterhavsvatn (Golfstraumen) som har høg salthaldigheit og er rikt på næringssalt.

Vatnet spreier seg inn i Skagerak, langs norskekysten, vest mot Jan Mayen inn i Barentshavet og nord og aust mot Svalbard og Nordishavet.

Utan denne store tilførselen av salt og varmt atlanterhavsvatn ville stort sett alle dei norske havområda vore frosne til om vinteren. Klimaet langs norskekysten ville likna det arktiske klimaet på nordkysten av Alaska.

Atlanterhavsvatnet blir gradvis avkjølt, og nord og aust i Barentshavet og vest i Norskehavet møter vatn med lågare salthaldigheit vatn med sjøis på overflata (Polarfronten). Når det salte og varme vatnet blir nedkjølt eller frys, aukar tettleiken (tyngda). Dette fører til at vatnet søkk ned.

Tilsvarande mengde vatn som kjem inn, må strøyme ut av systemet. Hovudstrøyminga skjer mellom Grønland og Skottland, og nedsokne vassmassar renn tilbake i dei djupaste rennene.

Kart med pilar som viser korleis Golfstraumen beveger seg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Havet