Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: tang og tare

Langs norskekysten er dei store tareskogane dominerande heilt ned til om lag femten meters djup. Nokre store brunalgar dominerer tareskogane, men på stilken av dei store brunalgane veks mange mindre tareartar. I fjøresona er mangfaldet av grøne, brune og raude algar ofte stort i eksponerte område.
Nærbilete av tang og tare på havbotnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I denne feltoppgåva er målet å samle inn og artsbestemme tang- og tareartar frå fjøresona og ned i tareskogen ved hjelp av ei tangrive.

Om tangriva

Tangrive på svaberg. Foto.

Ei tangrive er ei lita rive av metall festa til enden av eit langt og sterkt tau. Når de har kasta riva ut i tareskogen, vil ho fange tarestilken når de dreg ho sakte på land. Det er ein fordel å kaste riva frå ein stad der botnen er relativt glatt og ikkje full av store steinar, fordi riva lett kan setje seg fast.

Dersom de har tilgang på båt, er det lurt å ha ei sikringsline med ei lita dobbe på riva og sleppe riva ut frå båten. Om riva set seg fast når de haler ho mot land, kan de losne ho frå båten ved å hale i sikringslina motsett veg.

Om stortare og fingertare

Stortare ligg på eit lag med grisetang og blæretang i fjøra. Foto.

Stortare og fingertare er store brunalgar som liknar på kvarandre og er utbreidde langs heile kysten vår. Begge artane har eit festeorgan nedst, ein kraftig stilk og ein fingerforma bladplate øvst.

Stortaren kan bli opptil 4–5 meter høg, men er vanlegvis omkring 2 meter. Stilken er lite fleksibel og ganske stiv med eit rundt tverrsnitt og ru overflate, mens bladplata sjeldan er over 1 meter brei. Stilken og festeorganet er fleirårige, og kuttar vi over stilken, kan vi telje årringar og aldersbestemme planten.

Utsnitt av svaberg med tang som lener seg ut i vatnet. Foto.

Fingertaren har ein opptil 3 meter lang stilk som er glatt og bøyeleg, noko som skil fingertaren frå stortaren. Fingertaren formar seg etter eksponeringsforholda. På utsette stader kan taren nesten mangle stilk og ha lange bladflikar, mens han i beskytta område og på djupt vatn har lang stilk og breiare og tynnare blad, og er lite oppsplitta i flikar.

Framgangsmåte

To jenter holder en tangrive med tare mens de står på svaberg. Foto.
  1. Begynn med å lage ei oversikt over korleis tangbeltet ser ut der de skal samle inn algane. Noter og ta bilete.
  2. Etter kvart som de samlar inn algane, er det lurt å leggje dei på eit fuktig underlag eller på ein annan måte halde dei fuktige, til dømes ved å leggje algane i store plastbakkar. Om dei blir liggjande i steikjande sol, tørkar dei fort inn.
  3. Bruk ein algeflora eller annan bestemmingslitteratur, og artsbestem algane de har samla. Ta notat, lag teikningar, og ta bilete.
  4. Sjå spesielt etter små, algar som veks på stilkane til dei store brunalgane.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei artsliste over algane de fann, og set inn bilete av nokre av artane.
  • Kva artar var mest talrike? Kva artar vaks heilt i vasskanten, og kva artar fann de djupare? Fann de algar med flyteorgan?
  • Beskriv grisetang, som er vanleg i fjøresona, og finn formeirings- og flyteorgan hos denne arten.
  • Kva algar vaks på stilken på dei store brunalgane?
  • Fann de nokon raudalgar? Korleis er dei tilpassa, og kva er avgrensande abiotiske faktorar for desse artane?
  • Fann de virvellause dyr på nokon av algane? Beskriv og artsbestem dei.
CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2021

Læringsressursar

Havet