Hopp til innhald

Fagstoff

Planteplankton – grunnlag for alt liv i havet

Om lag halvparten av primærproduksjonen globalt skjer i havet. Her står dei mikroskopiske planteplanktonorganismane for så å seie all produksjon og dannar grunnlaget for nesten alt liv i verdshava. I grunne farvatn er tang og tare viktige produsentar, mens store tre er viktige på land.
Mikroskopbilde av planteplankton. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Elektronmkroskopbilde av Coccolithus planteplankton. Foto.

KVA ER PLANKTON?

Plankton består av eit variert spekter av levande organismar som heile eller delar av livssyklusen finst drivande i dei frie vassmassane. Nemninga plankton er eit gresk ord som tyder «det som er skapt for å vandre eller drive».

Vi deler planktonet inn i to hovudgrupper: dyreplankton, eller zooplankton, og planteplankton, eller fytoplankton.

Vidare deler vi dei inn i ei rekkje ulike grupper, ut frå både slektskap, storleik og livssyklus.

HOLOPLANKTON: organismar som lever som plankton heile livet.

MEROPLANKTON: organismar som har eit planktonstadium som del av livssyklusen.

Følgjer straumen, men nokre kan svømme

Planteplanktonet er i all hovudsak prisgitt vasstraumane, sjølv om mange har flagellar (pisketrådar) som gjer dei i stand til aktivt å bevege seg opp i den .

Flest autotrofe, men også nokre miksotrofe og heterotrofe artar

Klokkeforma plankton i vatn. Foto.

Vi kjenner i dag omtrent 100 000 planteplanktonartar i havet. Dei fleste av desse er autotrofe: Dei produserer organiske karbonsambindingar frå karbondioksyd (CO2) og vatn (H2O) gjennom fotosyntese.

Les meir om fotosyntesen.

Det finst også planktonorganismar som er . Vidare finst det artar i same slekt der enkelte planteplankton er . Dei manglar fotosyntetiserande pigment og fungerer derfor som dyreplankton. Innan dinoflaggelatslekta Dinophysis, ei slekt med artar som har ei karakteristisk krukkeaktig form, finn vi både autotrofe, miksotrofe og heterotrofe artar.

Film

I filmen fortel forskar Lars Naustvoll ved Havforskingsinstituttet om planteplanktonet som er samla inn undervegs i havforskingstoktet mellom Bergen og Grønland. Han syner også døme på mikroskopbilete som han har teke av planteplankton samla gjennom dette toktet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Frank Emil Moen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Havet