Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: tidvatn

Tidvatn kjem av at månen og sola trekkjer på vatnet på jorda med tyngdekrafta si. Tidvatnet varierer mykje langs kysten vår. Mens tidvassforskjellen er nesten null i Sørvest-Noreg, er han fleire meter i nord. Når tidvatnet er på det høgaste, blir det kalla «flod», mens lågvatn blir kalla «fjøre».
Ei falleferdig bryggje står i fjæra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette feltarbeidet skal de undersøkje korleis tidvatnet endrar seg i ein viss periode. De skal også registrere kva for organismar de finn i tidvassona.

Utstyr

Framgangsmåte

  1. Sniglehus, fjørerur og blæretang kjem til syne på ein stein i fjøra. Foto.

    Bruk ein stor linjal som tidvassmålar. Fest tidvassmålaren til ein bryggjepåle eller i botnen. Kor lang linjalen må vere, er avhengig av tidvassforskjellane i området dykkar.

  2. Monter tidvassmålaren slik at de med jamne mellomrom kan lese av korleis vasstanden beveger seg. Hugs at de må vite kvar vasstanden er samanlikna med låg- og høgvatn når de startar målingane. For å berekne tidvatnet der de bur, kan de bruke ein tidvasstabell frå Statens kartverk.
  3. Les av vasstanden ved starttidspunktet og med jamne mellomrom heile dagen, til dømes kvar halvtime. Lag ein tabell, og noter klokkeslett og vasstand som +cm eller –cm jamført med «nullpunktet» (då de starta).
  4. Mellom målingane kan de undersøkje tidvassona i ekskursjonsområdet og finne typiske organismar som lever i denne sona.
  5. Lag ei artsliste og ein skala (t.d. frå 1 til 5) som seier kor talrike organismane er. Ta bilete av nokre av organismane de finn.

Til ekskursjonsrapporten

  • Stemte målingane dykkar med det tidvassberekninga viste?
  • Dersom dei ikkje gjorde det: Korleis var avviket, og kvifor trur de det blei slik?
  • Kor mykje endra vasstanden seg i perioden de målte?
  • Kva har tidvatnet å seie for livet i fjøra?
  • Kva organismar fann de i tidvassona?
  • Var det nokon artar som dominerte kraftig?
CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2021

Læringsressursar

Havet