Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Profesjonalitet i helseservicearbeid

Oppgåve

Yrka i helseservicefag

Det er stort behov for yrkesutøvarar som dekker behovet samfunnet har for god helseservice, og dette behovet er venta å auke i åra som kjem. Arbeidsoppgåvene varierer avhengig av kvar du arbeider, og krava til erfaring og kompetanse er òg ulike for ulike yrke og arbeidsstader.

1. Yrka i helseservicefag

  1. Kva for nokre ulike arbeidsstader kjenner du til for personar med utdanning i kvart av helseserviceyrka?

  2. Kva arbeidsoppgåver har tilsette innan dei ulike helseserviceyrka på dei stadene du kjenner til?

  3. Finn moglege arbeidsstader for personar med helseserviceutdanning i kommunen din. Beskriv dei ulike arbeidsplassane.

  4. Gå inn på stillingsannonsane på nettsida til NAV. Finn minimum fire annonsar for kvart av dei ulike yrka i helseservicefag.

    • Beskriv kort kva annonsane inneheld.

    • Kva krav blir stilte til kompetanse og erfaring?

    • Kva lønn blir tilboden?

2. Utforsk arbeidsplassar

Her kan de velje om de vil jobbe individuelt eller i par/gruppe.

  1. Vel det yrket du ønsker å utdanne deg til.

  2. Ta kontakt med ein arbeidsplass, og spør om du kan få besøke dei og intervjue ein person i det yrket du har valt.

  3. Lag spørsmål til intervju. Du skal finne ut følgande om yrket ditt:

    • Kva utdanning krevst?

    • Kva kunnskapar er viktige?

    • Kva eigenskapar er nødvendige?

    • Kva ferdigheiter treng du?

    • Kva haldningar er viktige?

    • Kva arbeidsoppgåver er vanlege?

    • Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider dei med?

    • Kvar kan ein jobbe i dette yrket?

    • Kva utviklingsmoglegheiter er det i yrket, altså kva etter- og vidareutdanningsmoglegheiter finst?

  4. Ta bilete av arbeidsstaden du besøker, og ulike arbeidsoppgåver i yrket, dersom dei tillet dette.

  5. Lag ein presentasjon av det du har funne ut. Bruk òg bileta du eventuelt tok på arbeidsplassen. Presenter for klassen.

3. Refleksjon

  1. Reflekter over kva du må gjere for å bli kvalifisert til det yrket du vil utdanne deg til.

  2. Reflekter over kva haldningar og eigenskapar du har, og kva du eventuelt må gjere for at dei skal samsvare med forventa haldningar og eigenskapar for det yrket du vil utdanne deg til. Tips: Spør nokre venner om kva eigenskapar dei meiner du har.

Relatert innhald

Profesjonalitet

For å vere ein profesjonell fagarbeidar må du ha den kompetansen som er nødvendig.

Skrive av Siv Stai og Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 25.02.2025