Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Profesjonalitet i helseservicearbeid

Oppgåve
Video

Rett eller gale i helseservicearbeid

Filmen Rett eller gale. Etikk og regelverk i helseservicefag viser brot på fleire regelverk og yrkesetiske retningslinjer. Her får de høve til å jobbe med filmen på ulike måtar og bli betre kjende med nettopp regelverket og dei yrkesetiske retningslinjene.

1. Diskuter regelverk og etikk i filmen

Sjå dei ulike scenane frå filmen, og jobb med oppgåvene under. Her kan de fordele scenane i filmen på grupper i klassen, og deretter ha ei felles oppsummering. Før de startar på oppgåvene, kan det vere nyttig å lese gjennom fagartikkelen om yrkesetiske retningslinjer i helseservicefag.

På legekontoret (lengde 2:49)

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0
  1. Gi døme på brot på retningslinjer for arbeidsklede.

  2. Gi døme på smitteverntiltak som ikkje vart gjennomførte rett i filmen.

  3. Kvifor er rette arbeidsklede og smittevern viktig i arbeidet som helsesekretær?

  4. I kva regelverk står det om smittevern?

  5. Diskuter handlingane til helsesekretæren i lys av dei yrkesetiske retningslinjene, spesielt med tanke på det å halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lovverk.

  6. Korleis bør helsesekretæren i filmen opptre for å vareta regelverk og yrkesetiske retningslinjer?

På apoteket (lengde 2:51)

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0
  1. Kva betyr teieplikt, og kvifor er det viktig i arbeidet som apotekteknikar?

  2. Gi døme frå filmen der teieplikta vart broten.

  3. I kva regelverk står det om teieplikt?

  4. Diskuter korleis ein apotekteknikar bør opptre for å overhalde teieplikta og vareta personvernet når hen utleverer legemiddel.

  5. Diskuter handlingane til apotekteknikaren i lys av dei yrkesetiske retningslinjene, spesielt med tanke på å opptre profesjonelt, overhalde teieplikta og møte kundar med respekt.

    • Kva bør apotekteknikaren gjere for å følge regelverk og yrkesetiske retningslinjer?

    • Kva ansvar har ein apotekteknikar for å følge regelverk og yrkesetiske retningslinjer?

På tannlegekontoret (lengde 2:42)

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0
  1. Kva betyr meldeplikt i arbeidet som tannhelsesekretær?

  2. Gi døme frå filmen på samarbeid, respekt og lojalitet for kollegaer.

  3. Diskuter om tannhelsesekretæren har den faglege kompetansen til å seie at barnet vil komme til å få vondt dersom han ikkje får ny time. Kvifor skal vi kjenne dei faglege avgrensingane våre?

  4. Diskuter handlingane til tannhelsesekretæren i lys av dei yrkesetiske retningslinjene, spesielt med tanke på

    • det å gjere andre godt

    • samarbeid med og lojalitet overfor kollegaer

    • fagleg forsvarlegheit

    • krav om varsling

    • ansvarskjensle

  5. Tannhelsesekretæren står i eit etiske dilemma. Skal han varsle om eiga bekymring til barnevernet, eller skal han vere lojal til meiningane til tannlegen? Kva meiner de?

På sjukehuset (lengde 2:15)

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0
  1. Gi døme der de meiner at portøren opptrer uansvarleg og ikkje gjennomfører eit arbeid med fagleg god kvalitet.

  2. Gi døme på at portøren viser liten respekt for pasienten.

  3. Kva bør og kan ein portør gi informasjon om? Gi døme på kva ein portør bør svare når pasientar spør om eigen sjukdom.

  4. Diskuter handlingane til portøren i lys av dei yrkesetiske retningslinjene, spesielt med tanke på å møte andre med vennlegheit og respekt, å kjenne dei faglege avgrensingane sine og ansvarskjensle.

    • Korleis kan portøren vise respekt og omtanke for pasienten?

    • Kva ansvar har portøren for å følge regelverk og yrkesetiske retningslinjer i arbeidet?

2. Brev

  1. Skriv eit vennleg og empatisk brev til ein av karakterane (helsesekretæren, apotekteknikaren, tannhelsesekretæren eller portøren) i filmen der du gir råd og rettleiing om korleis personen kunne handtert situasjonen betre for å følge regelverk og yrkesetiske retningslinjer. Grunngi fagleg, ut frå regelverk, yrkesetiske retningslinjer og det å vere ein ansvarleg profesjonell yrkesutøvar, kvifor karakteren bør følge råda dine.

  2. Etter at du har skrive brevet, kan du be ein praterobot om hjelp til å forbetre det.

    1. Logg inn på ein praterobot som skulen din har godkjent (under finn du instruksjon for å logge på NDLAs praterobot).

    2. Lim inn brevet du skreiv i oppgåve A, og be prateroboten om å forbetre teksten.

    3. Samanlikn brevet ditt med forslaget frå prateroboten, og vurder om du har fått relevante forbetringsforslag som kan bidra til at innhaldet blir meir forståeleg for mottakaren.

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale. Bruk derfor tenester som er godkjende av skulen din.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for deg. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA med Feide-pålogging.

3. Filmplakat

Tenk dykk at de skal ut og presentere denne filmen for ein annan klasse på helseservicefag. Lag ein filmplakat som framhevar innhaldet, regelverk og dei yrkesetiske temaa i filmen. Ta med bilete, sitat og eigne refleksjonar.

4. Lag film

Vel ein av situasjonane i filmen. Lag eit rollespel der de speler dei same scenane, men gjennomfører det rett med tanke på regelverk og yrkesetiske retningslinjer. Ta ein pause i rollespelet når de endrar scene, slik at ein av dykk kan vere ein fagperson som forklarer kvifor det er rett å gjere det på denne måten, og viser til relevante regelverk og yrkesetiske retningslinjer.

Lag film av rollespelet og vis han for resten av klassen.

Relatert innhald

Helsepersonellova

Lov om helsepersonell (helsepersonellova) er ei lov som skal bidra til sikkerheit, kvalitet og forsvarlegheit i tenestene.

Teieplikt for helsepersonell

Teieplikta inneber at du som helsefagarbeidar ikkje kan dele opplysningar om pasientar og brukarar utan samtykke frå dei.

Skrive av Siv Stai.
Sist oppdatert 09.05.2025