Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Profesjonalitet i helseservicearbeid

Fagstoff

Yrkesetiske retningslinjer i helseservicefag

Som tilsett i eit helseserviceyrke skal du opptre etisk, lovleg og i tråd med verdiane for bedrifta. Dei yrkesetiske retningslinjene for yrket ditt seier noko om korleis alle bør forhalde seg til kvarandre.

Yrkesetikk

Yrkesetikk i helseserviceyrka handlar om dei vala og handlingane du gjer i det daglege arbeidet for å sikre god og forsvarleg helsehjelp. Det handlar om å gi omsorg som er trygg, respektfull og rettferdig, og å følge lover og retningslinjer som sikrar det beste for pasienten eller kunden. Det inneber at du må vurdere konsekvensane av handlingane dine og sikre at det du gjer, er forsvarleg og til hjelp for andre. Yrkesetiske retningslinjer kan hjelpe deg med å ta dei rette vala i ulike situasjonar.

Verdigrunnlaget i helsetenestene

Dei yrkesetiske retningslinjene for helseserviceyrka bygger på verdiane og dei fire prinsippa i helse- og omsorgstenestene:

  • å gjere godt

  • å respektere sjølvbestemming

  • å ikkje skade

  • å vere rettferdig

I den norske helsetenesta er det sentrale verdigrunnlaget at alle menneske har ein ukrenkeleg verdi. Det betyr at kvart menneske har ei ibuande verdi og verdigheit som ikkje kan takast bort eller krenkast uansett omstende. Det inneber at alle menneske skal behandlast med respekt og verdigheit, uavhengig av handlingane, statusen eller eigenskapane deira. Andre viktige verdiar er likskap, rettferd, likeverdig tilgang til tenester av god kvalitet, fagleg forsvarlegheit, menneskeverd og solidaritet med dei svakast stilte.

Yrkesetiske retningslinjer

Dei ulike yrka innan helseservice har utarbeidd yrkesetiske retningslinjer for det konkrete yrket. Desse retningslinjene kan du lese om under relatert innhald på denne sida.

Dei yrkesetiske retningslinjene bygger på dei grunnleggande verdiane for yrket.

Under finn du ei samanstilling av felles punkt av dei yrkesetiske retningslinjene for helseserviceyrka.

Respekt for pasientar og kundar

  • Respektere dei individuelle behova og eigenverdien til pasientane eller kundane uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, alder, livssyn og sosial status

  • Møte pasientar og kundar med vennlegheit, respekt og omtanke og respektere den private sfæren deira.

  • Bidra til likebehandling og ha respekt for integriteten til pasienten og kunden.

Teieplikt

  • Forstå og rette seg etter teieplikta.

  • Vareta teieplikta om opplysningar ein får om pasientar, kundar, kollegaer, samarbeidspartnarar og arbeidsgivar.

Fagleg oppdatering og kompetanse

  • Sørge for å halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lovverk og bidra til heving av det faglege nivået.

  • Kjenne dei faglege avgrensingane sine og ikkje gå ut over dei rammene som forsvarleg verksemd tilseier.

Samarbeid og respekt for kollegaer

  • Vise respekt for arbeidet til andre helsearbeidarar og fremme samarbeid innan helsesektoren.

  • Dele informasjon, erfaringar, kunnskap og kompetanse med kollegaer for å fremme eit godt samarbeid.

  • Vise lojalitet overfor kollegaer, arbeidsgivarar og samarbeidspartnarar.

Ansvarskjensle og etisk medvit

  • Vere klar over ansvarsområdet sitt og melde frå om brot på helsepersonellova.

  • Kjenne til krav om varsling, reaksjonar og oppfølging på brot av retningslinjer og lovverk.

  • Vere kritisk og medviten til kva som blir lagt ut på sosiale medium.

  • Bidra til berekraftig utvikling og ta eit miljø- og klimaansvar.

Etisk utfordringar og dilemma

I møte med pasientar og kundar vil du oppleve at dei yrkesetiske prinsippa og verdiane kan komme i konflikt med kvarandre. Ei etisk utfordring er ein situasjon der vala dine vil påverke liv og livskvalitet for nokon. Eit etisk dilemma er når du må velje mellom to like gode (eller dårlege) alternativ. Ikkje alle etiske utfordringar er dilemma, ofte står vi overfor vanskelege situasjonar der vala er uklare.

Tenk over

Korleis kan du hjelpe ein pasient eller kunde som du ser har behov for hjelp, men som ikkje ønsker å ta imot hjelp? Er det rett å la vere å hjelpe, eller er det betre å tvinge på andre menneske hjelp sjølv om dei ikkje ønsker det?

Her kjem prinsippet om å gjere godt i konflikt med det å respektere sjølvråderett, og det er eit etisk dilemma.

Etisk refleksjon

Du vil som yrkesutøvar oppleve utfordringar der etisk refleksjon er nødvendig. Å lære seg etisk refleksjon hjelper oss til å forstå situasjonar betre og forklare kvifor vi vel å handle på ein bestemd måte. Det er òg viktig for å forbetre kvaliteten på arbeidet vårt.

KS har gitt ut "Den vesle etikkrettleiaren" som gir enkel rettleiing til etisk refleksjon. Heftet skisserer dei viktigaste trinna i refleksjonsprosessen og er nyttig både åleine og i grupper.

Oversikt over gongen i etisk refleksjon:

  1. Identifisere den etiske utfordringa. Formuler problemet som eit spørsmål, gjerne med "bør" for å gjere dilemmaet tydeleg.

  2. Kartlegge alle relevante faktum i saka for å få ei klar forståing av situasjonen.

  3. Identifisere ramma partar. Kven er involvert, og kva er synspunkta og interessene deira?

  4. Vurdere verdiar, prinsipp og lover. Kva for nokre etiske verdiar, prinsipp og lover er relevante i denne situasjonen?

  5. Utforske handlingsalternativ. Kva for nokre moglege løysingar finst, og kva er konsekvensane av dei ulike løysingane?

  6. Vurdere heilskapleg. Drøft og vurder dei ulike handlingsalternativa for å finne den beste løysinga.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det nødvendig med yrkesetiske retningslinjer i yrkesutøvinga?

  2. Korleis kan du sikre at du alltid viser respekt for privatlivet og verdigheita til pasienten eller kunden i det framtidige arbeidet ditt?

  3. Kan du tenke deg situasjonar der dine personlege verdiar og dei profesjonelle etiske retningslinjene kjem i konflikt? Korleis bør du handtere slike situasjonar?

Kjelder

Delta. (2016, 3. mai). Etiske retningslinjer for medlemmer av Helsesekretærforbundet i Delta. Helsesekretærforbundet i Delta. https://www.delta.no/yrke/helsesekret%C3%A6rforbundet-i-delta/etiske-retningslinjer-for-medlemmer-av-helsesekretrforbundet-i-delta

Fagforbundet. (2024, 9. august). Etiske retningslinjer. https://www.fagforbundet.no/a/280584/yrke/yrkesfaglarere-i-helse--og-oppvekstfag/fagstoff-helse-og-sosial/etiske-retningslinjer/

Farmasiforbundet. (u.å.). Etiske retningslinjer. Henta 3. januar 2025 frå https://www.parat.com/files/2024/01/11/Etiske_retningslinjer_plakat_r5oMO_hhb3n.pdf

Meld.St. 38 (2020–2021). Nytte, ressurs og alvorlighet — Prioritering i helse- og omsorgstjenesten: Verdigrunnlaget i helse- og omsorgstjenesten. Helse- og omsorgsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-38-20202021/id2862026/?ch=4

Tannhelsesekretærenes Forbund. (2024, 24. april). Etiske retningslinjer for tannhelsesekretærer. https://thsf.parat.com/om-thsf/etiske-retningslinjer-for-tannhelsesekretaerer/166551

Ursin, L. (2021, 30. november). De fire prinsipper. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/de_fire_prinsipper

Aadland, E & Eide. T. (2019, september). Den lille etikkveilederen. Kommunesektorens organisasjon (KS). https://www.ks.no/globalassets/fagomrader/helse-og-omsorg/etisk-kompetanseheving---martin-filmene/Den-lille-etikkveilederen.pdf

Relatert innhald

Skrive av Siv Stai.
Sist oppdatert 08.01.2025