Yrkesetiske retningslinjer i yrket ditt

1. Bli kjend med yrkesetiske retningslinjer
Ta utgangspunkt i det yrket du ønsker å utdanne deg til, og finn dei yrkesetiske retningslinjene som er laga for dette yrket. Gjer deg kjend med desse.
Kva verdiar er det desse yrkesetiske retningslinjene bygger på?
Lag ei oppsummering ved hjelp av stikkord av dei viktigaste punkta i retningslinjene. Bruk dei følgande kategoriane:
profesjonell veremåte i møte med pasient/kunde og pårørande. Korleis skal du behandle pasient/kunde og pårørande?
profesjonell åtferd i samarbeid med kollegaer. Korleis skal du samarbeide med kollegaer og anna helsepersonell?
profesjonell framferd og teieplikt/konfidensialitet. Korleis skal du handtere pasientinformasjon?
profesjonelt forhold til arbeidsgivar. Korleis skal du opptre på arbeidsplassen og forhalde deg til arbeidsgivar?
livslang læring. Kva betyr det for deg i yrket ditt?
Diskuter i grupper eller i klassen kvifor desse punkta er viktige, og korleis dei kan brukast i praksis.
Reflekter over korleis stikkorda kan hjelpe deg med å hugse og følge dei yrkesetiske retningslinjene i det framtidige yrket ditt.
2. Utforsk yrkesetiske retningslinjer
Gå saman i par eller gruppe og lag ein presentasjon som forklarer dei viktigaste yrkesetiske retningslinjene for det yrket de vil utdanne dykk til. De vel presentasjonsforma sjølve. Bruk visuelle hjelpemiddel for å illustrere poenga dykkar og for å gjere presentasjon meir engasjerande med til dømes bilete, korte videoar, animasjonar og liknande.
Presentasjonen skal innehalde følgande punkt:
Presentasjon av det yrket de har valt.
Kort om kva yrkesetikk er, og kvifor det er viktig i dette yrket.
Oversikt over dei yrkesetiske retningslinjene, med forklaring på kva dei inneber og døme på korleis dei kan nyttast i praksis for å sikre god pasient-/kundebehandling og profesjonell praksis.
Døme på etiske dilemma de kan møte i yrkesutøvinga. Bruk ulike situasjonsbeskrivingar / praksisforteljingar / casar som illustrerer eit eller fleire etiske dilemma, som de analyserer og finn ulike løysingar på ved å nytte dei yrkesetiske retningslinjene.
Refleksjon over korleis dei etiske retningslinjene vil påverke den framtidige praksisen dykkar, og kva utfordringar de kan møte når de skal følge dei yrkesetiske retningslinjene.
Presenter for klassen. Opne for spørsmål og diskusjon etter presentasjonen.

3. Rollespel med etisk refleksjon
Gruppeoppgåve der de mellom anna kan bruke "Den lille etikkveilederen" til KS for å reflektere over etiske utfordringar og dilemma som profesjonelle yrkesutøvarar.
Klassen blir delt inn i grupper som kvar vel seg eit av yrka innan eige utdanningsprogram. Les gjennom dei yrkesetiske retningslinjene for det yrket gruppa har valt.
Diskuter i gruppa og vel ein situasjonar eller tema som kan oppstå, der de kan måtte vurdere kva de bør gjere for å opptre profesjonelt og i tråd med dei yrkesetiske retningslinjene. Døme på tema kan vere:
første møte med pasient/kunde
teieplikt
smittevern
prioritering av pasientar/kundar
samarbeid med kollegaer
ansvarskjensle og fagleg oppdatering
Fordel roller i gruppa (pasient/kunde, yrkesutøvar, kollega).
Bruk "Den lille etikkveilederen" til å strukturere den etiske refleksjonen. Følg desse trinna:
Identifiser den etiske utfordringa: Formuler problemet som eit spørsmål.
Samle faktum: Kartlegg alle relevante faktum i saka.
Identifiser ramma partar: Kven er involverte, og kva er synspunkta og interessene deira?
Vurder verdiar, prinsipp og lover: Kva for nokre etiske verdiar, prinsipp og lover er relevante?
Heilskapleg vurdering: Drøft og vurder dei ulike handlingsalternativa for å finne den beste løysinga.
Skriv ei skisse eller eit manuskript av dialogen i rollespelet. Øv på rollespelet.
Framfør rollespelet for resten av klassen.
Diskuter i klassen korleis det etiske dilemmaet vart løyst, kva for nokre yrkesetiske retningslinjer som vart nytta, og korleis etisk refleksjon kan brukast i den framtidige yrkesutøvinga dykkar.
4. Løys etiske utfordringar ved hjelp av yrkesetiske retningslinjer
Bruk spørsmåla på refleksjonskorta nedanfor til å reflektere over korleis du vil handle i samsvar med dei etiske retningslinjene for yrket ditt i ulike situasjonar. (Bileta i oppgåva er genererte ved hjelp av kunstig intelligens.)
Relatert innhald
Kva er etikk? Og kva er forskjellen på etikk og moral? Denne artikkelen gir ei kort innføring.
Normer, verdiar og haldningar er sentrale omgrep i etikken. Men kva betyr dei eigentleg?