Hopp til innhald
Fagartikkel

Profesjonalitet

For å vere ein profesjonell fagarbeidar må du ha den kompetansen som er nødvendig. Kompetanse består av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar.

Når vi seier at ein person er profesjonell, kan det bety at han eller ho

  • er dyktig i faget eller jobben sin, til dømes ein profesjonell lærar
  • har ein bestemt aktivitet eller ei verksemd som yrke, til dømes ein profesjonell fotballspelar

Kunnskapar

Eksempel på nødvendig kunnskap er kunnskap om menneskekroppen og om korleis mennesket utviklar seg, kommunikasjon, kosthald, ergonomi og oppvekst-, helse- og sosialsektoren.

Ferdigheiter

Eksempel på ferdigheiter er evner til å vise empati, å kunne samarbeide og kommunisere godt med ulike menneske, å kunne lage mat, stelle eit barn og gi førstehjelp.

Haldningar

Eksempel på haldningar er å vere interessert, ansvarleg, fordomsfri og rettferdig. Du går på skule for å lære noko av den kompetansen du treng. Når du er ferdig med skulen, må du sjølv halde deg oppdatert og utvikle kompetansen din innanfor det yrket du har valt. Du kan møte brukarar du liker og føler sympati for, og andre gonger kan du møte på menneske du synest det er vanskeleg å samarbeide med. Likevel skal alle du behandle alle rettferdig og med respekt.

Privat – personleg – profesjonell

I tillegg til den faglege kompetansen din må du kunne skilje mellom rolla som privatperson og rolla som profesjonell fagarbeidar. Å vere privat er å vere slik du er på fritida di, til dømes saman med vennene dine og familien din. Da kan du godt snakke om deg sjølv, om dine eigne behov og problem og bruke akkurat det språket og dei kleda du vil.

På jobb er det brukaren som er i sentrum. Det er hans eller hennar behov eller problem som styrer det som skjer, og kommunikasjonen mellom dykk. Du må avpasse både språket ditt og klesdrakta di til brukaren og den situasjonen de er i. Likevel kan du vere personleg. Å vere personleg betyr mellom anna at du oppfører deg naturleg og er oppriktig interessert i korleis brukaren har det.

Skrive av Guri Bente Hårberg, Trine Merethe Paulsen og Agnes Brønstad.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2020