Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

På jobb som portør

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Bli kjend på venterommet

Venterommet er ofte det første møtet pasienten har med helsetenesta, og eit godt førsteinntrykk er viktig for å skape tillit. Eit ryddig og innbydande venterom bidreg til at pasienten kjenner seg vareteken heilt frå innkomst. Bruk dette interaktive venterommet for å bli betre kjend her.

Venterommet

Opne det interaktive venterommet under i fullskjerm. Bruk musepeikaren eller tastaturet til å navigerer rundt, og gå inn på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du held fram til oppgåvene under.

Oppgåver

Bruk det interaktive venterommet for å bli kjend med korleis rommet er organisert og innreidd.

  1. Noter nokre stikkord som forklarer kva funksjonar elementa i rommet har, og kva behov venterommet skal dekke.

  2. Kva meiner vi med at venterommet skal vere tilpassa ulike pasientgrupper? Gi døme.

  3. Kva er fordelane med ein glasskjerma resepsjonsskranke?

  4. Kvifor er ergonomiske kontorstolar viktig for dei som sit i resepsjonen?

  5. Kva er fordelane med ein automatisk døropnar til venterommet?

  6. Kvifor er det viktig å ha dispenserstativ for handdesinfeksjon på venterommet?

Relatert innhald

God helseservice

I denne filmen kan du sjå døme på god helseservice på ein tannklinikk og eit apotek, og du lærer om dei ulike formene for helseservice.

Kjenneteikn på god helseservice

Som helseservicearbeidar er det viktig at du er serviceinnstilt, slik at pasientar og kundar kjenner seg godt varetekne og blir fornøgde.


Skrive av Aleksandra Krogh og Bushra Choudry.
Sist oppdatert 25.08.2025