Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Spreiing av ny teknologi

Informasjon om ein ny teknologi blir kommunisert frå person til person og blir slik gjord kjend. Har du tenkt over at det er ulikt kor ivrige menneske er til å ta i bruk nye oppfinningar? Vi skal sjå nærare på fem typiske brukargrupper.

Dei fem brukargruppene

Innovasjon handlar eigentleg ikkje om teknologi, men om sosiale forhold. Betydninga ein innovasjon får i eit samfunn, blir utvikla gradvis.

Gjennom sosialisering og prat i dagleglivet får vi greie på nye teknologiar. Vi tek dei i bruk og blir einige om korleis dei skal brukast. Mobiltelefonen, til dømes, vart kjend, utvikla og utbreidd gjennom sosialisering av teknologien.

Behov og interesser i jobb og fritid bidrog til at stadig fleire skaffa seg ein mobil. Utviklinga av tenester og mobilteknologien endra seg etter våre og samfunnet sine behov. Til slutt, når alle samfunnstenester som helse, bank og betaling er knytte til mobilen, må òg den delen av befolkninga som er utan interesse for mobiltelefonen, skaffe seg teknologien.

Individ har ulik tilnærming og interesse for ny teknologi. Modellen nedanfor hjelper oss med å forstå korleis nye teknologiar blir spreidde i ei befolkning.

Modellen skil mellom mennesketypar og kor mange det er av dei:

  • innovatørar: 2,5 prosent

  • early adopters: 13,5 prosent

  • den tidlege majoriteten: 34 prosent

  • den seine majoriteten: 34 prosent

  • etternølarane: 16 prosent

1. Innovatørar

Innovatørar er ein svært liten del av den samla brukargruppa. Dei er driftige og nysgjerrige. Dei toler ei høg grad av uvisse, og dei er villige til å ta sjansar som kan gi tilbakeslag. Dei bringar det nye og så langt heilt ukjende produktet inn i samfunnet, men dei er ikkje sjølve særleg kule eller respekterte i dette systemet.

Innovatørane er ei lita gruppe og utgjer statistisk sett berre 2,5 prosent av alle som er involverte i utbreiingsprosessen, men dei gjer ein svært viktig jobb ved å vere dei første som bruker og snakkar om den nye teknologien.

Døme: ARPANET

Kva forskar som helst som brukte ein dataterminal i det store ARPANET-prosjektet i USA rundt 1970, kan vi kalle ein typisk innovatør. Han var ein klassisk nerd som jobba dag og natt i eit rom utan vindauge langt nede i ein universitetskjellar.

På den tida visste folk flest knapt kva ei datamaskin var for noko, mens alle som brukte datamaskiner, var ekspertar.

Viss ein slik ingeniør tilrådde datamaskiner til venner og familie utanfor jobben, ville han neppe bli høyrd på, og det ville uansett ha vore litt meiningslaust fordi datamaskiner var så store og dyre at det berre var store institusjonar og firma som hadde dei.

2. Early adopters

Omgrepet early adopter er det vanskeleg å finne eit godt norsk ord for. Uttrykket viser til individ i samfunnet som er nysgjerrige og villige til å ta risikoen ved å bruke ei nyvinning, og som samtidig er meir tillitvekkande og har meir gjennomslagskraft enn innovatørane.

Early adopters utgjer statistisk sett 13,5 prosent av alle som er involverte i utbreiingsprosessar. Early adopters er endringsagentar i nærmiljøa sine, og dei får andre til å gjere som dei.

Døme: nye pc-ar til kule tenåringar i 1976

Då kule tenåringar på gode skular i Los Angeles byrja å spele dataspel på ein Xerox Alto rundt 1976, vart dei early adopters av dei første verkelege personlege datamaskinene.

Når den kulaste jenta i klassen får ei datamaskin av foreldra sine, skjønner alle at det ikkje lenger berre er noko som nerdar driv med, og det går ikkje lang tid før dei andre i klassen òg har masa seg til slike maskiner frå dei velståande foreldra sine. Andre folk respekterer dei og lyttar til meiningane deira.

Diskuter

Diskuter i ei gruppe på to–tre personar. Vel ein teknologi der der de oppfattar dykk sjølve som ein early adopter. Grunngi for resten av gruppa.

3. Den tidlege majoriteten

Denne gruppa utgjer 34 prosent av alle som er involverte i utbreiinga av ein ny teknologi. Dei leier ikkje an i bruken av nye teknologiar, men når dei først byrjar, gjer dei det snarrådig og disiplinert.

Døme: e-post og internett på 1990-talet

Personar i Noreg som brukte e-post og internett tidleg på 1990-talet, tilhøyrde den tidlege majoriteten. Datamaskina var i ferd med å bli litt meir enn ei avansert skrivemaskin, og studentane såg potensialet. Dei skaffa seg e-postadresser og brukte tekstbehandling for å skrive studentoppgåvene sine. Den tidlege majoriteten har ofte god råd og god utdanning og gjer ting skikkeleg når dei først gjer dei.

Den tidlege majoriteten tek i bruk teknologien like før folk flest og utgjer derfor ei viktig sosial kopling i samfunnet, vidare til det som blir kalla den seine majoriteten.

4. Den seine majoriteten

Den seine majoriteten er skeptiske til nyvinningar og er usikre på kva dei kan brukast til. Dei kjenner seg tvinga av dei sosiale omgivnadene sine, og dei merkar ofte òg at det nesten er umogeleg å halde fram kvardagslivet utan den nye teknologien. Dei har ei kjensle av ikkje å ha noko reelt val. Dette er "den vanlege mannen i gata".

Døme: America online utover 2000-talet

America Online var eit selskap som kopla folk til internett for ein billig penge, og dei fekk stor suksess utover på 2000-talet. Meir eller mindre alle amerikanarar kom seg på internett.

5. Etternølarane

Etternølarane, eller laggards, er dei aller siste i det sosiale systemet som tek i bruk innovasjonen. Mange av dei er sosialt isolerte, dei har tradisjonelle verdiar som dei ikkje ønsker å forandre, og dei har kanskje dårleg råd. Etternølarane utgjer statistisk sett 16 prosent av alle som er involverte i ein utbreiingsprosess.

Døme: minstepensjonistar og datakunnskap

Når det gjeld datamaskiner, er minstepensjonistar eit godt døme. Utover på 2000-talet har det blitt vanleg med kurs der pensjonistar får opplæring i bruk av pc og internett. Mange av dei er ikkje eigentleg interesserte, men dei gjer det fordi samfunnet rundt dei krev det. Særleg banktenester kan ikkje lenger utførast utan ein viss datakunnskap.

Diskuter

Diskuter i ei gruppe på to–tre personar. Vel ein teknologi som har blitt utbreidd dei siste fire–fem åra, og drøft kva menneske som tilhøyrer dei ulike brukargruppene. Kvar på skalaen er dykk sjølve for akkurat denne teknologien?

Kjelder

Nyre, L. (2024). Teknologi: En teknisk innføring. Universitetsforlaget.

Rogers, E. (2003). Diffusion of Innovations (5. utg.). The Free Press.

Relatert innhald

Skrive av Lars Nyre og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 11.12.2024