Digital innovasjon

Utbreiing av nye produkt
Målet med innovasjon er alltid å få eit produkt til å bli utbreidd i samfunnet på ein eller annan måte, til dømes ved at det blir selt i kjøpesenter eller betalt for med skattepengar og tilbode til alle borgarane. Elsparkesykkelen måtte til dømes bli brukt av tusenvis av menneske for at firma som Ryde og Tier skulle kunne tene pengar og unngå konkurs.
Ein ny teknologi har altså inga betydning viss han ikkje blir brukt. Ein dyktig innovatør forstår seg på folk og samfunn og prøver å få oss til å ta i bruk nye produkt i kvardagen.
Innovasjon handlar ganske lite om korleis produktet fungerer, eller kva slags materiale det blir laga av, og ganske mykje om kva for nye vanar det er mogleg å få folk til å etablere, og til kva pris. Metodane som blir brukte for å spreie nye produkt er dei same anten entreprenøren tilbyr støvsugarar, kjøttpaiar eller elsparkesyklar til leige.
Viktig i arbeid med nye produkt:
nye vanar
pris og inntening
Mindre viktig i arbeid med nye produkt:
korleis produktet fungerer
materiale
Ein innovasjon treng forresten ikkje vere bygd på splitter ny teknologi, det er tilstrekkeleg at han blir oppfatta som ny av tilstrekkeleg mange.
Dyktige innovatørar kan skape behov som folk til slutt trur dei hadde frå før av. Det kjem stadig vekk nye teknologiar på marknaden som vi ikkje visste at vi ikkje kunne klare oss utan, og når vi kjenner det slik, har innovatørane gjort ein god jobb.
Fysisk innovasjon
I mange hundre år har innovasjonar per definisjon vore fysiske. Produkt vart bygde og produserte i ein fabrikk for så å bli frakta med skip eller tog til utsalsstader og selt for myntar og setlar.
Innovasjon i mekaniske og handfaste teknologiar går ganske sakte fordi rammene for forandringar, som til dømes produksjonsprosessen og transport, òg er fysiske.
Stor investeringar, låg risiko
Gravemaskinbransjen opplevde ei stor omvelting då hydraulisk styring vart lansert i staden for vaier. Dei nye firmaa, som etter kvart utkonkurrerte dei gamle, måtte ta opp store lån, investere i store lagerbygningar og få kontakt med aktuelle utsalsstader.
I fysisk innovasjon må ein entreprenør altså sørge for infrastruktur. Det krev ekstra kostnader å leige lokale og å frakte produksjonsmaskiner frå leverandør til produksjonslokale.

Den viktigaste avgrensinga i fysisk innovasjon er pengane ein gründer eller entreprenør er villig til å miste i prosessen.
Omveltande fysiske innovasjonar er sjeldne fordi det kostar ein formue å satse på innovasjon same kva form han tek. Han er reservert for dei som har økonomiske musklar til å prøve seg. Eit døme på det er John D. Rockefellers firma Standard Oil. Dei var tidleg ute med å raffinere råolje til bensin, hadde nærast ingen konkurranse og fekk i praksis monopol på prosessen.
Digital innovasjon
Digital innovasjon går føre seg på ein ganske annan måte enn fysisk innovasjon. Avstanden mellom ein ny idé og ei digital realisering av denne idéen er så kort at sjølv ein smart tolvåring kan få det til. Og: Det kostar nesten ingenting å finne opp ein ny app.
Alt du treng, er klart frå før
Infrastrukturen er allereie på plass. Alle brukarane har mobiltelefonar i bukselomma, 5G er tilgjengeleg, og vi er allereie kopla til nettet.

Digital innovasjon er altså basert på at du lagar løysingar for ein infrastruktur som er ferdig utbygd frå før av. Millionar av menneske har allereie investert i ein mobiltelefon. App Store og Google Play er tilgjengelege både for dei som vil publisere ein ny app, og dei som vil laste han ned.
Appane legg seg fint etter kvarandre på skjermen til brukaren, og dei kan brukast i alle slags situasjonar. Oppdateringar kan lastast ned automatisk.
Folk har sjølvsagt allereie eit abonnement på 4G til mobilen og eit abonnement på trådlaust internett heime. Infrastrukturen for internett, for betaling og alle andre føresetnader er òg på plass. Alt dette gjer det svært enkelt å lage eit digitalt produkt som kanskje vil få suksess.
Lita investering, høg risiko
Entreprenørar som vil gjere suksess med ein mobilapp, har stor konkurranse frå andre med same moglegheiter.
Sjølv om det er vanskeleg for ein digital gründer å få suksess, betyr det at samfunnet samla sett får ei svært mykje større utforsking av teknologiske moglegheiter enn før. Titusenvis av unge håpefulle innovatørar strever etter suksess, og dei har eit optimistisk tankesett og gode verktøy.
Same kva eit etablert firma gjer, står dei unge omveltarane klar til å gjere det billigare, hurtigare og truleg òg betre. Etablerte firma i dag møte altså hundre gonger så stor trussel frå omgivnadene enn det dei gjorde i gamle dagar.
Diskuter
Peik ut eit produkt som er fysisk, og eit som er digitalt. Finn ut kva det omtrent kostar å lage produkta, og kva kundar må betale for det. Bruk nettressursar som Google og praterobotar til å finne svar.
Relatert innhald
Introduksjon til emnet Teknologiutvikling.