Teknisk ekspertise

Kva er teknisk ekspertise?
Har du teknisk ekspertise, kan du utføre kompliserte handlingar ved hjelp av verktøy og andre tekniske hjelpemiddel. Ein kirurg har teknisk ekspertise, og det same har ein elektrikar. Dersom du har teke lappen, har du bevis på at du har teknisk ekspertise på bilkøyring.
Teknisk ekspertise inneber òg å følge reglane som høyrer med. Du klarer berre å køyre bilen på ein trygg måte dersom du òg følger trafikkreglane.
Teknisk ekspertise har dessutan bestemde framgangsmåtar og prosedyrar for korleis verktøy skal brukast. For å vere elektrikar må du ha fagbrev. Dersom ein amatør monterer eit elektrisk anlegg, kan det bli feilkoplingar og brann i huset. Tekniske yrke har ofte ein viss risiko knytt til seg, og handlingane kan berre utførast korrekt av fagutdanna personar.
Fem stadium
Vi beskriv tileigning av tekniske ferdigheiter i fem stadium:
nybyrjar
vidarekommen nybyrjar
kompetent
dyktig
ekspert
1. Nybyrjar
Du er nybyrjar og set deg bak rattet for første gong, og du veit kanskje ikkje kva eit gir er for noko.
Er du nybyrjar, må du lære deg å gire, å svinge på rattet i fart og å bremse, og du kan ikkje samtidig ha ansvar for å køyre forsvarleg på ein open veg. Då kan du ikkje køyre bil åleine.
Følger reglar
Nybyrjarar må lære seg reglar, fakta og handlingar. Situasjonar må beskrivast så tydeleg at dei kan kjenne dei igjen utan at ha hatt erfaringar med liknande situasjonar frå før. Nybyrjarar kan reglane, men har ikkje situasjonsforståing.
Nybyrjarar ønsker å vere flinke, men dei manglar oversikt over kva prestasjonar som trengst i ulike situasjonar. Dei overheld reglar på ein lydig og nøyaktig måte, men forstår ikkje godt situasjonen og kan ikkje vurdere alle forholda ved han.
2. Vidarekommen nybyrjar
Er du vidarekommen nybyrjar, har du køyrt bil i fleire månader. All den stressande prøvinga og feilinga byrjar å gi resultat. Du kan forhalde deg til trafikkreglane når du køyrer, og du kan sjå i blindsona samtidig som du held bilen på vegen.
Som vidarekommande nybyrjar kveler du ikkje lenger bilen når du girar, og du merkar på responsen til motoren når det er rett å gire frå andre til tredje gir. Du kan bestå teoriprøven, men neppe oppkøyringa.
Stoler på eigne erfaringar
Vidarekomne nybyrjarar kjenner igjen viktige sider ved situasjonar. Dei følger ikkje lenger reglane blindt. Dei får stadig meir erfaring og kan gjere gode vurderingar av kva som er rett handling i ein gitt situasjon. Instruksjonar og forklaringar frå læraren er på dette stadiet mindre viktige enn den lærande si eiga erfaring.
Vidarekomne nybyrjarar forstår betre kva ferdigheiter som trengst i ulike situasjonar. Dei handlar framleis på ein analytisk og forsiktig måte og treng ein lærar for gjere ting rett.
3. Kompetent utøvar
Er du ein kompetent utøvar, har du lærekøyrt ein heil del i kanskje seks månader. Du har erfaring frå mange situasjonar og har dei tekniske ferdigheitene under god kontroll. Men du kjenner deg ikkje trygg på multitasking i kompliserte rundkøyringar, filskifte i høg fart eller forbikøyring. Du kan likevel køyre opp og få førarkortet.
Samanliknar og forenklar
Kompetente utøvarar er framleis avhengige av å samanlikne situasjonar analytisk og reflektere over ulike alternativ. Dei lærer seg etter kvart både å forenkle og forbetre prestasjonar.
Ein kompetent utøvar kan trekke ein konklusjon, legge ein plan for kva handlingar som skal gjerast i ein samansett situasjon, og kan justere planen dersom det trengst. Likevel er tidlegare erfaringar framleis så ferske at ein kompetent utøvar kan bli handlingslamma og forvirra.
4. Dyktig utøvar
Som dyktig utøvar har du hatt førarkortet i nokre år og kjenner deg trygg i dei fleste situasjonar. Du tenker ikkje på det å gire, svinge eller sjekke blindsoner, for du kan jo alt dette frå før.
Ein dyktig sjåfør vil tore å leige bil i USA og køyre ein ny biltype på heilt ukjende vegar. Du kan handtere glatt føre, tett snødrev og hektisk trafikk på ein motorveg sjølv med den ukjende biltypen.
Involvert i situasjonen
Dyktige utøvarar opplever ferdigheitene sine frå ei rekke ulike perspektiv fordi dei har stadig fleire erfaringar frå ulike situasjonar. Dei rette handlingane berre skjer fordi utøvaren ser for seg utfallet og handlar deretter. Både lydar, fysiske rørsler og visuelle inntrykk i situasjonen kan utløyse dei rette handlingane.
Det oppstår framleis nokre situasjonar som er heilt nye, og då vil sjølv ein dyktig utøvar måtte tenke gjennom reglar på nytt og kanskje snakke med ein ekspert for å kunne gjennomføre handlingar på best mogleg måte.
5. Ekspert
Ein ekspert har køyrt bil i tjue–tretti år og har vore hjelpelærar for barn eller venner då dei skulle ta førarkortet. Eksperten kan leige bil i Storbritannia og køyre "på feil side av vegen" gjennom London midt i rushtida. Hen vil behalde roa sjølv om bilen er full av bråkete barnebarn, og kan navigere ved hjelp av ei GPS-teneste utan å gjere feil.
Tenker ikkje eingong
Ekspertar har ei nyansert forståing av nesten alle tenkelege situasjonar og veit nesten alltid kva dei skal gjere. Ferdigheitene har blitt ein så integrert del av dei sjølve at dei ikkje er meir bevisste på dei enn på sin eigen kropp. Flygarar fortel at dei til slutt ikkje føler at dei flyg eit fly, dei ganske enkelt berre flyg. Ekspertar løyser ikkje problem og tek ikkje avgjerder, dei berre gjer det som verkar.
Sjølvsagt må ekspertar òg tenke seg om, men dei set seg ikkje ned for å rekne og vurdere. Dei tenker på korleis det går no, og kjenner på intuisjonen korleis det vil gå om ei stund. Intuisjon er det høgaste nivået av ferdigheitstileigning. Ekspertar kan reagere intuitivt på situasjonar på ein måte som trassar all logikk og overraskar og imponerer til og med ekspertane sjølve.
Diskuter
Diskuter i ei gruppe på to–tre personar. Tenk på ei teknisk ferdigheit de held på med no for tida (strikking, spele eit instrument, fotball). Diskuter kva nivå de er på.
Relatert innhald
Introduksjon til emnet Teknologiutvikling.