Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Korleis bidra til teknologiutviklinga?

Fagstoff

Fire årsaker til ny teknologi

Kva teknikkar blir brukte i elsparkesykkelen, og kva er teknikk? Vi ser nærare på Aristoteles' fire årsaker til ny teknologi og perspektivet hans på menneske si makt over naturen.

Teknikk og elsparkesykkelen

Teknikk er fagomgrepet vi bruker om det å kunne lage noko nyttig og verdifullt ved hjelp av teknologiar. Mange ulike teknikkar vart brukte i utviklinga av elsparkesykkelen.

Kvar av komponentane i elsparkesykkelen har først blitt oppfunne og deretter laga på nytt og på nytt i ulike versjonar. Både hjul, motor og datamaskiner har blitt tilpassa slik at dei kan brukast i elsparkesykkelen. Det er vanskeleg å finne opp noko nytt, men lett å bidra til vidareutvikling av det som finst.

Du må lære deg tekniske ferdigheiter for å kunne forme materiale og gjere dei til ny teknologi. Opplæring i teknikkar er mest utbreidd i praktiske utdanningar som til dømes yrkesfag, designfag, datafag, medieproduksjon og ingeniørutdanningar.

Kva er teknisk ekspertise?

Utviklarar sit i kontorlandskap og arbeider med programvara som gjer at du kan låse opp og bruke elsparkesykkelen. Dei har erfaring med ulike operativsystem og veit kva som fungerer best for appar til Apples iOS og Googles Android. Utviklarane har ein teknisk ekspertise som er ettertrakta, og dei får veldig god lønn.

Arbeidarane som køyrer rundt og byter ut batteri i syklane om natta, har òg ein viktig jobb, men han krev ikkje ei eiga teknisk spesialisering.

Elsparkesykkelen – ei ny oppfinning

Elsparkesykkelen vart lansert i Noreg i 2020. Solberg-regjeringa hadde likestilt små elektriske køyretøy med sykkel, og dette opna for innovasjonsmoglegheiter. I starten dominerte den litt rare farkosten ståhjuling (segway), men etter kvart byrja nyetablerte firma å få suksess med utleige av elsparkesyklar.

Elsparkesyklar blir no brukte i dei fleste norske byar, og alt tyder på at dei har komne for å bli. Dei er ikkje ny teknologi lenger, dei er berre ein nyttig ting du bruker utan å setje store spørsmålsteikn ved han.

Aristoteles og teknikk

Opp gjennom tidene har menneske utvikla fleire nye teknikkar for å skape stadig nye ting. Vi har forvandla stein, tre og metall til pyramidar, skip og sverd. Filosofen Aristoteles (384–322 f.Kr.) var den første som forklarte denne skapingsprosessen ved hjelp av omgrepet teknikk eller techné. Gjennom teknikk kan menneska sjå for seg nyttige gjenstandar og lage dei.

Fire årsaker til teknologi

Aristoteles ville ha sagt til deg at teknikk er ei ferdigheit du lærer deg fordi du skal lage noko. Har du god teknikk, kan du både lage tingen slik at han fungerer godt til formålet, og du kan forklare kvifor han bør vere akkurat slik.

Aristoteles sa òg at alle samanhengar og prosessar i verda kan forklarast med fire ulike typar årsaker. Viss du meistrar dei, er du ein dyktig teknikar.

Illustrasjonen forklarer dei fire årsakene til teknologi med skipsbygginga til vikingane som døme.

Stofflege årsaker

Stofflege årsaker viser til kva materiale som blir brukt til å lage tingen med, og vikingane bygde skip hovudsakleg av treverk, jern, hamp og ulltråd. Ein dyktig teknikar veit kva materiale som trengst, og korleis dei kan skaffast.

Formande årsaker

Formande årsaker viser til den fysiske forma som tingen har, og skipet har det vi kan kalle ei "vikingskipsform". Det er straumlinjeforma, langt og tynt, og det har eit stort rektangulært segl som er spent ut på ei treramme, og ei høg mast. Same kva du skal lage, vil det finst nokre former som er betre enn andre, og dei bør du vite om.

Utførande årsaker

Utførande årsaker viser til dei menneska som laga tingen, og teknikkane deira. Dyktige handverkarar forvandlar råjern til naglar, treverk til eit flytande skrog og ulltråd til seglduk, og dei utfører tusen andre produksjonsprosessar som gjer at skipet blir til.

Formålsårsaker

Formalårsaker viser til kva som er formålet med tingen du lagar. Alle dei teknikarane som deltek i bygginga, gjer ein innsats fordi vi har eit formål med det vi lagar, seier Aristoteles. Båtbyggarane engasjerer seg i dei stofflege, formande og utførande årsakene fordi dei treng skipet til noko viktig. Dei ønsker å kunne reise over havet, setje garn i fjorden, flytte sauene ut på ei øy eller dra til handelshuset på den andre sida av fjorden.

Diskuter

Diskuter i ei gruppe på to–tre personar. Vel ein mobilapp og eit stuemøbel. Diskuter kva som er dei fire årsakene deira

Forståing for nye teknologiar

Sjølv om god teknikk bygger på erfaring, er det òg nødvendig å ha ei djupare forståing av det vi driv med. Erfaringane våre gjer at vi veit korleis noko kan lagast, men refleksjon gjer at vi òg kan seie kvifor. Når vi lagar ein ny teknologi, bør vi tenke på formålet med han.

  • Kva bruksområde kan teknologien ha for menneska?

  • Kva kvalitetar bør teknologien ha, sett ut frå ressursgrunnlaget rundt deg? Kva utstyr trengst for å lage han?

Aristoteles om teknikk og natur

Aristoteles var filosof. Det vil seie at han presenterer ein djupare refleksjon over kva verdiar teknikk har. Eit perspektiv i tenkinga hans som er spesielt relevant for oss i dag, er at han set verdien av teknikk og natur opp mot kvarandre.

Mennesket vinner over naturen med teknikk

Mens naturen når måla sine på ein uforanderleg måte, er teknologi knytt til kva som er nyttig for menneska i ulike situasjonar. Fiskarar treng båtar, og kokkar treng kokekar, og derfor er løysingane like varierte som samfunna, levevilkåra og menneska sjølve.

Teknikk er evna menneske har til å endre det som skjer i naturen, og dette strittar naturen imot.

Skipet vil byrje å leke etter kort tid på havet, men den dyktige skipsbyggaren veit jo om dette problemet og har tetta overgangen mellom plankane med tjære. Naturen lagar vanskar som det er teknikken sin jobb å overvinne. Teknikk gir oss menneske makt til å meistre naturen.

Diskuter

Diskuter i ei gruppe på to–tre personar. Ta for dykk ei oppfinning som har blitt laga i dykkar levetid. Kva naturkrefter er det som blir kontrollerte? Kva funksjon utfører oppfinninga i kvardagen til folk?

Kjelde

Nyre, L. (2024). Teknologi: Ei teknisk innføring. Universitetsforlaget.

Relatert innhald

Skrive av Lars Nyre og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 11.12.2024