Sannsynet for ei uønskt hending

Kor sannsynleg er det?
Når farekjeldene og risikoområda er kartlagde, har de ei oversikt over kva farar og problem som kan hende på arbeidsplassen eller i samband med arbeidet.
Neste trinn i risikovurderinga er å vurdere kor ofte desse faresituasjonane kan oppstå.
Vurderingane kan dokumenterast i skjemaet "Kartlegging og risikovurdering" som er lagt ved nedst på sida.
Å vurdering sannsyn
Når du har kartlagt ein risiko eller eit faremoment, må du altså vurdere kor stort sannsyn det er for at nokon faktisk kan bli skadde.
Gjer då ei vurdering av kor ofte faren eller problemet kan oppstå. Er det noko som skjer heile tida eller skjer det ein sjeldan gong? Hugs at du ikkje berre skal vurdere akutte hendingar.
Det er vanleg å dele sannsynet i desse kategoriane:
svært sjeldan
sjeldan
ofte
svært ofte
Korleis du skal tolke dei ulike kategoriane, ser du i tabellen under. Tabellen gir ei generell forklaring av dei ulike kategoriane og dessutan ein sannsynsgrad i prosent.
Kategori | Forklaring | % Sannsynleg |
|---|---|---|
| Svært sjeldan | Dette betyr at det er ekstremt små sjansar for at hendinga eller situasjonen som blir vurdert, skal skje. I praksis skjer hendinga aldri, og det er svært usannsynleg at ho vil skje i løpet av ein stor tidsperiode. Det krev normalt ikkje ekstra sikkerheitstiltak, då risikoen er minimal. | 0–5 % |
| Sjeldan | Dette betyr at det er lågt sannsyn for at hendinga eller situasjonen skal skje, men det kan skje som enkelhendingar. Det er ikkje vanleg, men det er mogleg at hendinga kan skje i løpet av ein viss tidsperiode. Det kan vere nødvendig å vurdere nokre grunnleggande sikkerheitstiltak for å minimere risikoen. | 5–20 % |
| Ofte | Dette betyr at hendinga eller situasjonen har eit moderat sannsyn for å skje. Hendinga kan skje relativt regelmessig eller med ein viss frekvens. Det er viktig å setje i verk tiltak for å redusere risikoen og verne arbeidstakarane, då det er ein reell risiko for at hendinga skal skje. | 20–50 % |
| Svært ofte | Dette betyr at det er svært sannsynleg at hendinga eller situasjonen skjer. Hendinga skjer altså hyppig og regelmessig. Det er avgjerande å implementere omfattande sikkerheitstiltak for å minimere risikoen for skadar eller ulykker, då hendinga er ein stadig nærverande trussel. | 50–100 % |