Konsekvensvurdering

Kva er konsekvensen viss det skjer?
Når du har kartlagt kva for nokre uønskte hendingar du trur kan oppstår, og vurdert kor ofte hendingane kan oppstå, må du vurdere dei moglege konsekvensane av kvar enkelt hending.
Tenk nøye gjennom kva skadar, sjukdommar og plager som kan inntreffe, og kven som kan komme til å bli ramma. Det er ikkje nødvendig å nemne personar ved namn, men tenk på grupper av personar som utfører ei gitt oppgåve: maskinoperatørar, sveiserar, lakkerarar, teknikarar, lærarar, kundar eller gjestar og så vidare.
Hugs at det kan vere fleire enn den som utfører ei oppgåve, som blir påverka av ho. Eit døme er viss éin person driv med lakkering og overflatebehandling. Då vil avgassane òg påverke andre som oppheld seg i same rom. Det same gjeld viss ein person sveiser, og personar utanfor sveisebåsen kan bli utsette for sveiseglimt.
I tillegg er det viktig å tenke på at folk som ikkje er på jobb idet hendinga oppstår, òg kan bli påverka av hendinga i etterkant.
Vurdering av konsekvensar
Vurdering av potensielle konsekvensar kan dokumenterast i "Skjema for kartlegging og risikovurdering".
Dei risikofaktorane du har funne, vil sannsynlegvis kunne rangerast ut frå kor store konsekvensar dei kan gi ved eit uhell. Tenk både kortsiktig og langsiktig, altså om skade oppstår der og då, eller om skaden kan komme etter lang tid.
Som døme er det forska på at det å utsetje seg for fiber og støv frå asbest kan gi kreft, men dette vil ikkje bli påvist før etter 20 år.
Inndeling av konsekvens
Når ulike tiltak skal prioriterast, er det viktig å ta omsyn til kor stor skade som kan oppstå under eller etter ei uønskt hending.
Det finst ulike omgrep vi kan bruke for å angi skadeomfanget, og ei mogleg inndeling av konsekvens følger under.
Definisjon | Beskriving |
|---|---|
| Ubetydeleg skade | Dette nivået indikerer at hendinga eller situasjonen ikkje er venta å føre til nokon skadar eller helseproblem for arbeidaren eller andre. |
| Mindre alvorleg skade | Dette nivået karakteriserer hendingar som kan føre til mindre skadar, som mindre kuttsår, skrammer eller blåmerke. Desse skadane er vanlegvis ikkje livstruande, men krev likevel førstehjelp. |
| Alvorleg skade | Hendingar på dette nivået kan resultere i meir alvorlege skadar som brot, forstuingar eller kutt som krev medisinsk behandling utover førstehjelp. |
| Svært alvorleg skade | Dette nivået indikerer hendingar som kan føre til livstruande skadar som alvorlege brot, indre skadar eller skadar som krev umiddelbar medisinsk nødhjelp. |
| Tap av liv | Dette er det alvorlegaste konsekvensnivået og indikerer at hendinga kan føre til dødsfall. |
Sårbare grupper
Når du skal vurdere konsekvens, er det viktig å vurdere om arbeidsoppdraget omfattar sårbare grupper.
Dette kan vere:
unge eller uerfarne arbeidstakarar
gravide arbeidstakarar
utanlandske arbeidstakarar
arbeidstakarar frå andre verksemder (innleigd personell, underkontraktørar)
besøkande/forbipasserande