Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Risikovurdering

Når du har kartlagt risiko, sannsyn og konsekvens, er det viktig å ta ei totalvurdering av risikoen ved arbeidsoppdraget.

Vurdering av totalrisiko

No skal du vurdere totalrisikoen og prioritere tiltak du må setje i verk for å redusere risikoen. Då må du tenke nøye gjennom følgande punkt:

  • Kva kan gå gale?

  • Kor ofte risikerer du at det skjer uhell eller skadar?

  • Kva er konsekvensane om det skjer eit uhell eller ein skade?

Det er ulikt kor stor den totale risikoen er. Ein fare eller eit problem som skjer sjeldan, kan få svært alvorlege konsekvensar. Andre farar og problem som skjer ofte, kan ha ubetydelege konsekvensar.

Dersom ubetydelege skadar skjer altfor ofte, kan også det få alvorlege konsekvensar over tid.

Risiko ved overtaking av arbeid

Å ta over arbeid frå andre kan vere risikofylt. Du har ofte ikkje vore med i planleggingsfasen. Ein god rutine for overtaking av arbeid er å gjennomføre ein overtakingssamtale. På fagspråket blir det kalla handover.

I filmen under får du ei innføring i korleis ein slik handover kan gjennomførast.

Video: Cylinder / CC BY-SA 4.0

Dokumentasjon av risiko

Det er viktig at all informasjon du har henta inn gjennom sikker jobbanalyse (SJA) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), blir samla og dokumentert.

Eit risikodiagram er eit godt hjelpemiddel når du skal vurdere og prioritere dei ulike farehendingane som er kartlagde og vurderte.

Kva er akseptabel risiko?

Det finst ingen fasit for kva som er akseptabel risiko, eller i kva tilfelle det er nødvendig å redusere risiko.

Nokre yrke og arbeidsoppdrag må naturleg nok innehalde ein viss risiko. Men då er det spesielt viktig at dette er vurdert nøye og at moglege tiltak er sette i verk. Døme på slike yrke kan vere yrkesdykkar, kranoperatør og mastemontør.

Før du gjennomfører ei risikovurdering, bør du ha diskutert og bestemt kva risikonivå verksemda skal ligge på. Kanskje er det så stor fare for ei alvorleg, uønskt hending knytt til arbeidsoppdraget at bedrifta ikkje vil utsetje dei tilsette for risikoen?

Er du usikker på vurderingane, kan du søke ekstern hjelp og støtte frå til dømes bedriftshelsetenesta eller Arbeidstilsynet.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 28.03.2023