Sikker jobb-analyse (SJA) og risikovurdering (ROS)
Fagstoff
Sikker nedstenging av maskin
"Lås og merk" er ein metode for sikker nedstenging og vedlikehald av maskiner. Metoden sikrar at maskina er tømd for energi, og at ho er låst og merkt så lenge vedlikehaldet er i gang.
Viss du skal jobbe på ei maskin, er det viktig at ingen kan energisetje maskina mens du jobbar. Dette sikrar ein ved hjelp av såkalla Lockout tags (låsetagger), her med hengelås.
Over halvparten av alle dødelege arbeidsulykkene i Noreg skjer i samband med vedlikehald, reparasjon, verifikasjon, inspeksjon, klargjering eller reingjering i og omkring maskiner. Mange av desse ulykkene skjer fordi maskinene framleis inneheld energi.
Ei maskin kan innehalde mykje energi sjølv om ho er stansa, for ho har ein del elektroniske komponentar som lagrar energi, til dømes kondensatorar. Sjølv om maskina blir frakopla straumnettet, kan kondensatoren framleis ha energi og gi straumstøyt. Arbeidstakarar som gjer vedlikehald på maskiner, kan bli drepne eller alvorleg skadde dersom dei blir utsette for slik ukontrollert energi.
Når det ikkje er tilstrekkeleg å ta støpselet ut av kontakten eller å ta ut batteriet, skal arbeidsgivar sørge for eit system som sikrar at kontroll og vedlikehald kan gå føre seg på ein sikker måte.
"Lås og merk" er ein metode som blir brukt for å ta kontroll over farleg energi i og ved maskiner. Han beskriv framgangsmåten for å kartlegge farleg energi og for å unngå at delar av maskina som kan skade arbeidstakarar, startar eller blir utløyste så lenge vedlikehaldet går føre seg.
Her er maskina låst med tre hengelåsar. Det er då sannsynleg at det er tre ulike personar som jobbar på maskina, og ingen får starte maskina før alle tre har fjerna hengelåsen sin.
"Lås og merk" vil seie
at verksemda har ein rutine for å kartlegge farleg energi
at verksemda har rutine for å setje lås og merke på utkoplingseiningar for energi før arbeidstakarar bevegar seg inn i farleg sone og startar vedlikehaldsarbeid
at utkoplinga ikkje blir rørt før lås og merke er fjerna
at låsen og merket berre kan fjernast av ein autorisert person eller av den same personen som plasserte det
at alle berørte arbeidstakarane skal vere kjende med og respektere rutinen
Energi er det som kan få noko til å skje. Han finst i ulike former, til dømes som elektrisk energi, mekanisk energi, termisk energi og strålingsenergi. Han kan gå over frå éi form til ei anna, og han kan overførast frå éin gjenstand til ein annan, eller frå eitt system til eit anna.
Når vi skal drive med vedlikehald eller reparasjon, kan lagra energi utgjere ein risiko for den som skal utføre jobben.
Oversikt over moglege farar
Her får du ei enkel oversikt over kva typar energi vi kan utsetjast for, kvar energien kan vere lagra, og kva risiko han medfører for oss.
Elektrisk energi
blir brukt til lys, varme, motorkraft med meir og finst i kraftleidningar, batteri og kondensatorar; farar: el-støyt og forbrenningar.
Hydraulisk energi
blir brukt til væske under trykk i slangar, røyr og tankar, og til å flytte tung last; finst i presser og køyretøyløftarar; farar: knusing, treff eller slag frå maskindelar i rørsle.
Pneumatisk energi
blir brukt til trykkluft i slangar, røyr og tankar, til å bevege materiale og delar og til å drive handverktøy; farar: knusing, treff eller slag frå maskindelar i rørsle.
Kjemisk energi
er energi frå kjemiske reaksjonar i form av varme eller trykk; kan oppstå i tankar eller røyr som inneheld brennbare og eksplosive gassar; farar: brann eller eksplosjon.
Strålingsenergi
er både synleg lys, laser, mikrobølger, infraraudt lys, ultrafiolett lys og røntgenstrålar; farar: hud- og augeskadar, kreft.
Fall- eller gravitasjonsenergi
oppstår når ein gjenstand er i rørsle, og aukar med massen og fallhøgda til gjenstanden; farar: treff, klem og knusing.
Mekanisk energi
finn vi til dømes i oppspende fjørsystem; farar: treff, klem og knusing.
Termisk energi
finst i varmvatn, damp og varme maskindelar; farar: forbrenning.
Ei arbeidsulykke i kontrollrommet på ein fabrikk: Ein elektrikar har fått elektrosjokk og får førstehjelp. Bilete: NTB, Shutterstock / Avgrensa gjenbruk
I internkontroll- eller kvalitetsstyringssystemet til bedrifta bør det vere ein plan for korleis nedstenging av farlege maskiner skal utførast. Den som lagar planen, må sikre at bedrifta kan svare ja på desse spørsmåla:
Har arbeidsutstyret godt synlege og tilgjengelege innretningar for å kople ut energitilførselen (elektrisk, pneumatisk, hydraulisk, mekanisk og så vidare)?
Har verksemda kartlagt farane ved service og vedlikehald av arbeidsutstyret?
Har verksemda beskrive nødvendige tiltak for å kunne utføre vedlikehaldet utan fare?
Har verksemda dokumenterte og fungerande rutinar for å kople ut og låse energien til arbeidsutstyret?
Har maskinoperatørane instruks for korleis dei skal stanse arbeidsutstyr slik at det er trygt å utføre mellombels arbeid i farleg område?
Har arbeidstakarar som utfører vedlikehald og service på arbeidsutstyr, instruks for utkopling, låsing, merking og igangkøyring?
Har verksemda instruks for korleis arbeidstakarar skal vareta sikkerheita viss dei må gjere feilsøking, service og omprogrammering av arbeidsutstyr mens energien er kopla til?
Er verneinnretningar og barrierar kopla til, og fungerer dei som dei skal?
Gjennomfører verksemda systematisk og rutinemessig kontroll og vedlikehald av sikkerheitsutstyret (til dømes hovudbrytarar og barrierar)?
Overvaker verksemda at arbeidstakarar og leverandørar etterlever instruksar og sikkerheitsrutinar?
Sjekkar verksemda jamleg at instruksar og tryggingsrutinar fungerer formålstenleg?
Når verksemda skal utarbeide sin eigen framgangsmåte for "lås og merk", bør de følge trinna under for at framgangsmåten skal bli effektiv og tilpassa verksemda.
Følg alltid bruksrettleiinga til maskina. Ho skal innehalde all informasjon om korleis maskina blir stansa, kontrollert og sett i gang igjen på ein sikker måte.
Regelverket krev ikkje at du følger framgangsmåten under nøyaktig, men ved å følge han vil du normalt gjere nok til å oppfylle krava i arbeidsmiljølova og forskriftene for å førebygge ulykker og skadar.
1. Kartlegg og førebu stans og utkopling
Førebu stans og utkopling før vedlikehaldsarbeidet startar:
Kartlegg all energi som systemet bruker. Bruk bruksrettleiinga til produsenten og leverandøren og teknisk dokumentasjon. For komplekse system: Gjer kartlegginga og risikovurderinga på tvers av fag (maskin, elektro, automatikk, hydraulikk, pneumatikk).
Identifiser dei potensielle farane under vedlikehaldsarbeidet.
Finn brytarar, ventilar eller andre einingar som kontrollerer energi i systemet, og som må låsast.
Utarbeid arbeidsinstruks for utkopling.
Det er viktig at arbeidsinstruksen gir svar på
korleis du utfører utkoplingsprosessen for det aktuelle systemet
korleis og kvar du skal installere og merke låseeiningane
korleis du tømmer eller blokkerer lagra energi
korleis du får kontrollert at
alt står stilt når brytarar blir slått på
alle røyra og tankane er tømde
trykk er avlasta og varmekjelder er avkjølte
2. Varsle alle berørte partane
Alle personar som kan tenkast å bli berørte av utkoplinga, må bli tydeleg informerte om når systemet skal låsast og merkast, og kvifor nedstenging er nødvendig. Slik unngår du at stansen utløyser misforståingar og farlege handlingar.
Gi informasjon om følgande:
Kva kjem til å bli låst/merkt?
Kvifor kjem det til å bli låst/merkt?
Kor lenge vil systemet vere avstengt og utilgjengeleg?
Kven er ansvarleg for "lås og merk"?
Kven kan gi meir informasjon?
3. Køyr ned og stans systemet
Viss systemet er i gang, bør det stansast på normal måte. Bruk instruksjonane til produsenten eller interne arbeidsinstruksar.
Før vidare arbeid må utstyret ha stansa fullstendig. Kontroller
at hovudbrytarar er i av-stilling
at alle bevegelege delane som svinghjul, tannhjul og spindlar har stoppa fullstendig
4. Påvis, kople ut og isoler energitilførselen
Når systemet er stansa, må du
finne og kontrollere alle kjeldene for farleg energi som blei kartlagde i trinn 1
kople ut og isolere energikjeldene og restenergiar
Bruk skriftlege arbeidsinstruksar som er spesifikke for den aktuelle maskina eller prosessen.
Generelle arbeidsinstruksar for nokre vanlege energiformer
Elektrisk energi
Set elektriske brytarar i av-stilling.
Kontroller visuelt at brytaren er i av-stilling.
Lås brytaren i av-stilling.
Hydraulisk og pneumatisk energi
Set ventilane i lukka stilling og lås dei.
Slipp ut trykket ved å opne trykkavlastingsventilane.
Lukk deretter ventilane.
Mekanisk energi
Frigjer energi varsamt frå maskindelar som framleis kan vere samanpressa, eller som står i spenn.
Viss dette ikkje er mogleg: Blokker dei bevegelege delane som er kopla til den lagra energien eller til spennkrafta.
Fall- eller gravitasjonsenergi
Bruk ei sikkerheitsblokk eller ein sperrestav for å hindre rørsle i dei delane av systemet som kan falle eller bevege seg.
Kjemisk energi
Lokaliser kjemiske forsyningsrøyr til systemet og steng ventilane.
Der det er mogleg: Tøm røyr og behaldarar for å fjerne kjemikal (til dømes gassar og brennbare væsker) frå systemet.
5. Tøm eller isoler restenergi og lagra energi
Sjølv om du har stengt tilførselen og kopla ut leidningar, drivverk, røyr og slangar, kan det framleis vere energi lagra i systemet. Denne energien må tømmast eller bli isolert før vedlikehaldet startar.
Elektrisk energi
Mange system med elektriske komponentar, motorar eller tannhjulvekslarar inneheld kondensatorar, og kondensatorar lagrar elektrisk energi. Les bruksrettleiinga frå produsenten for å finne ut korleis du lader ut ein elektrisk kondensator. Alternativt må du få ein autorisert elektrikar til å gjere jobben.
Kondensatorar må utladast etter arbeidsinstruks for å verne arbeidarar mot elektrisk sjokk. Akkumulatorar må koplast frå etter rettleiing frå produsenten eller intern instruks.
Hydraulisk og pneumatisk energi
Når ventilar blir lukka, er det berre tilførselen av ny energi til systemet som blir kopla ut. Oftast vil det framleis vere energi i trykktankar og leidningar, i form av gass eller væske under høgt trykk. I hydrauliske system kan det vere snakk om svært store energimengder.
Fjern restenergien ved å bruke trykkavlastingsventilar. Dersom systemet ikkje har trykkavlastingsventilar, bør du kontakte produsenten, som kan informere om andre metodar for trykkavlasting.
Potensiell mekanisk energi
Avspenn oppspende eller komprimerte maskindelar eller fjører varsamt. Bruk verktøy eller utstyr som er berekna på dette. Viss dette ikkje er mogleg: Isoler energien ved å blokkere dei maskindelane som kan bli sette i rørsle, eller fjørene som er oppspende.
Fall- eller gravitasjonsenergi
Senk maskindelar eller lodd som inneheld fallenergi, til ein stabil posisjon og/eller ei høgde der dei ikkje lenger kan falle. Dersom dette ikkje er mogleg: Kontakt produsenten og få rettleiing i korleis du kan blokkere og hindre rørsle og fall.
Kjemisk energi
Tøm systemet for gassar og væsker med kjemiske sambindingar som kan utløyse energi (til dømes bensin og propan) eller vere helsefarlege av andre grunnar. Bruk eigna utstyr, og tøm på ein måte som sikrar at det ikkje blir utløyst kjemiske reaksjonar, og at det ikkje oppstår lekkasjar eller søl.
Skyl, luft eller dekk til tømde leidningar og kar. Gjer ei gassmåling før vedlikehaldsarbeidet startar for å avdekke eventuelle farlege gassar. Viss vedlikehaldsarbeidet skal gå føre seg i tankar, bør de kontrollere oksygeninnhaldet.
Arbeidet med å tømme systemet for farleg lagra energi kan i seg sjølv vere risikofullt. Vedlikehaldsarbeidarar må ha særleg opplæring og kunnskap for å kunne utføre oppgåva på ein sikker måte. Dette gjeld særleg det å
tømme akkumulatorar eller trykktankar
sleppe ut damp kontrollert
vasskøyre kjemikalrøyr lenge nok
6. "Lås og merk"
Sjølve lås-og-merk-prosedyren blir gjennomført på følgande måte:
Lås brytarar og ventilar i posisjonen "AV" ved å setje ein hengelås på dei einingane som isolerer energitilførselen.
Lås blokkeringar av lagra restenergi på same vis med hengelås.
Heng på eit merke som informerer om utkoplinga.
7. Sikre at lås og merke ikkje blir fjerna før vedlikehaldsarbeidet er fullført
Sørg for reglar og rutinar som sikrar at lås og merke ikkje blir fjerna av uautoriserte personar før alt vedlikehaldsarbeidet er fullført og avslutta. Rutinane skal hindre at nokon startar systemet ved ein feil.
Følg desse retningslinjene:
Kvar lås bør ha berre éin nøkkel (ein universalnøkkel føreset særleg kontroll med kven som bruker han).
Kvar arbeidstakar eller gruppebas bør ha sin eigen lås (mekanikarar, maskinoperatørar, elektrikarar, automasjonsteknikarar, servicepersonale og så vidare).
Låsane må fjernast av dei som sette dei på, og etter ein bestemd prosedyre. Sjå punkt 10.
8. Sjekk at alt er avstengt og dødt
Kvar enkelt vedlikehaldsarbeidar eller gruppebas bør sjølv kontrollere at systemet er skikkeleg avstengt, før ein arbeidstakar bevegar seg inn i området. Slik kontroll kan skje på fleire måtar, som vist i punkta A, B og C under. Vel den metoden som best sikrar at energien i systemet er kopla ut og tømd. Kontrollen må skje utan at det oppstår andre farar.
Aktiver brytarane og aktivatorane til systemet (trykknappar, brytarar, vendarar og så vidare) og observer resultatet. Viss maskina(ne) ikkje reagerer, stadfestar det at energien er kopla ut. Set aktivatorane tilbake til stilling "AV". Du må ha kontroll med at ingen er i farleg sone når du prøver aktivering!
Kontroller visuelt
at elektriske tilkoplingar er frakopla eller står opne
at delar som er oppspende eller løfta, er avspende eller senka til ei kvilestilling, eller at dei er blokkerte for rørsle
at det er sperra for anna rørsle i maskina
at røyr inn og ut av systemet er blokkerte i begge endar, og at røyr og tankar mellom dei to stengde ventilane/blokkeringane er tappa eller lufta for innhald
at det er brukt ei kompakt plate for absolutt lukking (blending) av røyr og kanalar
Test utstyr
Test elektriske kretsar (bruk ein autorisert elektrikar). Utstyr med kondensatorar må tømmast (eventuelt bli kortslutta) fleire gonger til all elektrisk ladning er tømd.
Sjekk trykkmålarar for å sikre at hydraulisk og pneumatisk trykk er avlasta.
Sjekk temperaturmålarar for å sikre at termisk energi er tømd.
9. Utfør vedlikehaldet
Utfør og fullfør vedlikehaldsarbeidet som kravde prosedyren "lås og merk".
10. Avslutt vedlikehaldet – rydd og fjern låsar og merke
Vent med å fjerne låsar og merke til systemet er heilt klart til å bli sett i drift igjen.
Sørg for
at arbeidsområdet er rydda, og at alt verktøy, utstyr og materiale er fjerna
at alle arbeidstakarar og personar er trygt utanfor farlege område
at vendarar, brytarar og eventuelle andre kontrolleiningar er sette i ein nøytral posisjon
at alle merka og utkoplingseiningane med lås blir fjerna, og at energi til systemet blir kopla til
at berørte arbeidstakarar blir varsla om at vedlikehaldet er fullført
Forskrift om utførelse av arbeid. (2011). Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (FOR-2011-12-06-1357). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2011-12-06-1357