Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Gjennomføring av tiltak og ny risikovurdering

Det er viktig at risikofaktorar blir godt vurderte, og at det blir sett opp tidspunkt for ein ny gjennomgang. Det kan vere endringar blant arbeidstakarar eller fysiske faktorar som bør bli vurderte på nytt.

Gjennomføre tiltak og ny gjennomgang

Gjennomføringa av tiltaka i handlingsplanen er ein svært sentral del av det systematiske HMS-arbeidet. Dette arbeidet skjer etter risikovurderinga og utarbeidinga av handlingsplanen.

Merk òg at risikovurderinga ikkje er gjord ein gong for alle. Når de er ferdige med ei risikovurdering, bør de setje ein dato for ny gjennomgang.

Gå gjennom vurderingane på nytt, og gjer endringar viss det er nødvendig.

  • Har de utført alle tiltaka de bestemde dykk for?

  • Har tiltaka hatt den effekten de ønskte?

  • Er tiltaka tilstrekkelege, eller må de gjere litt meir eller noko anna?

  • Har det skjedd endringar på arbeidsplassen sidan sist?

  • Har tiltaka ført til nye og uventa farar eller problem?

Dersom de identifiserer nye farar eller problem, må de gjennomføre ei risikovurdering av desse og inkludere tiltak for å redusere risiko i handlingsplanen.

Risikoanalyse og handlingsplan – eit levande dokument

Det er viktig at risikoanalyse og handlingsplan er det vi kallar eit levande dokument. Det betyr at vi heile tida må nytte dokumenta kritisk og gjere oppdateringar viss det kjem endringar som påverkar sikkerheita. Dette kan vere både endring i maskinpark og endring i personell og utstyr.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 28.03.2023