Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Om skriftleg eksamen i tysk

Veit du kva som ventar deg på eksamen? Her får du nyttig informasjon om eksamen og tips til korleis du kan førebu deg.

Eksamenstrening i tyskfaget på NDLA

I emnet Skriftleg eksamen finn du nyttig informasjon om eksamen og oppgåver som liknar dei du møter på eksamensdagen. Oppgåvene har fasit eller løysingsrettleiing. Vi trur ressursane vil vere til stor hjelp for deg i arbeidet fram mot eksamen!

Informasjon om eksamen

Skriftleg eksamen i tysk er sentralgitt. Det vil seie at han er den same for elevar i heile Noreg. Det er lurt å gå gjennom ressursane som ligg på Utdanningsdirektoratet sine nettsider om eksamen. Der finn du generell informasjon om eksamen, eksamensrettleiing med vurderingskriterium, og dessutan eksamensoppgåver frå tidlegare år som du kan bruke til å øve. Gjer du deg godt kjend med det som ventar, blir eksamensdagen mindre stressande.

Sidan oppgåvene hos Udir ikkje har fasit, bør du alliere seg med nokre andre i klassen, med læraren eller med andre du veit er flinke i tysk, når du skal jobbe med oppgåvene. Då kan de diskutere det som er vanskeleg, og finne løysingar saman.

Lenker til aktuelle nettsider

Passord for oppgåvene

Du treng passord for å komme til oppgåvene hos Udir. Dette passordet blir endra frå tid til anna. Søk på nettet, eller spør læraren din for å få det nyaste passordet. Passordet våren 2026 er "Eksamen".

Kva slags oppgåver kan du få?

Jo betre du kjenner til oppgåvetypane du kan møte på eksamen, desto tryggare vil du kjenne deg på sjølve eksamensdagen!

Skriftleg eksamen i framandspråk består av to delar:

  • Del 1 består av fleire ulike leseforståingsoppgåver.

  • Del 2 består av to skriveoppgåver for nivå 1 og tre skriveoppgåver for nivå 2.

Del 1: Lesing

Del 1 av eksamen består av oppgåver som testar leseforståing. Denne delen tel 67 prosent for nivå 1 og 50 prosent for nivå 2, og blir vurdert automatisk. Oppgåvetypane varierer, men under finn du ei oversikt over nokre vanlege typar.

Vurdering av påstandar (sant eller usant)

I denne typen oppgave les du ein tekst på tysk. Deretter skal du vurdere nokre påstander om innhaldet i teksten. Desse påstandane står på norsk. Du skal avgjere om påstandane er sanne eller usanne, eller om det ikkje står noko i teksten som gjer at du kan vurdere dei. (Då er svaralternativet "ikkje nemnt i teksten".)

Samankoplingar med tekst

Her skal du kople saman korte tekstar eller tekst og bilete.

Vel rett ord

I denne typen oppgåve får du vanlegvis ein samanhengande tekst som forklarer eller beskriv noko. Denne teksten manglar nokre ord. Du får ei liste med ord som skal plasserast på rett stad i teksten. Obs! Nokre av orda på lista bruker å bli til overs.

Vel rett ord blant fleire alternativ

Denne oppgåvetypen er nokså lik den førre. Også her skal du plassere ord på rett stad i ein tekst, men no skal du velje rett ord frå ei liste med få alternativ. Alternativa står ofte i ein nedtrekksmeny (rullegardinmeny), men dei kan òg stå i parentes: (x/x/x).

Vel rett påstand

Her skal du lese ein tekst og deretter velje påstanden/påstandane som passar best til innhaldet.

Del 2: Skriving

I del 2 skal du gjere deg forstått på tysk ved å bruke det du har lært i faget. Denne delen tel 33 prosent for nivå 1 og 50 prosent for nivå 2, og blir vurdert av sensor. Du skal svare på noko du les (), vidareformidle informasjon () eller produsere ein tekst i ein gitt samanheng (skriftleg produksjon).

Skriveoppgåvene varierer i lengde, men ei lengde på mellom 60 og 180 ord er vanleg. På nivå 1 er det to skriveoppgåver, på nivå 2 er det tre. Du blir beden om å skrive ulike typar tekstar, til dømes ein e-post, ei melding, eit innlegg, ein kommentar eller ei kort forteljing.

Kva hjelpemiddel har du lov til å bruke?

Skriftleg eksamen i tysk blir gjennomført i sikker nettlesar. Det betyr at du har avgrensa tilgang til hjelpemiddel på eksamensdagen.

  • Alle ressursane på pc-en din vil bli stengde. Du vil altså ikkje ha tilgang til digitale notat under eksamen.

  • Dei digitale ordbøkene Ordnett og Clarify vil vere tilgjengelege dersom skulen din har brukarlisensar.

  • Du kan bruke alt av ikkje-digitale hjelpemiddel, til dømes ordbok, lærebok eller eigne notat (på papir).

  • Du må skrive svaret ditt rett inn i tekstboksen. Du kan ikkje kladde i eit anna program og så klippe ut og lime inn svaret. Tekstboksen har stavekontroll for tysk.

  • Du har ikkje lov til å kommunisere med andre under eksamen. Det betyr at du ikkje kan bruke mobiltelefon, samskriving, chat eller liknande.

  • Du har ikkje lov til å bruke omsettingsprogram.

  • Du har ikkje lov til å bruke kunstig intelligens, som praterobotar eller tilsvarande teknologi.

Bruk ordboka!

Ordboka er eit hjelpemiddel som kan vere til stor nytte under eksamen. Bruk ho likevel med måte, for du har avgrensa med tid. Det er heller ikkje meininga at du alltid skal forstå alt.

Ordboka bruker du når du skal omsette ord eller finne ut kva dei betyr. Ordboka gir deg også informasjon om til dømes kjønn og fleirtalsform av eit substantiv eller om bøying av eit verb. Øv deg i å bruke den digitale ordboka som er tillaten til eksamen, slik at du får mest mogleg ut av ho på sjølve eksamensdagen.

Øv deg på å oppgi kjelder

Når du bruker kjelder, er det viktig at du oppgir dei i ei kjeldeliste. Du skal vise at du kan bruke kjelder på ein god måte. Bruk derfor litt tid på å lage kjeldeliste. Alle eksamenssvara blir kontrollerte for . Bruker du kjelder utan å oppgi dei, kan det ha konsekvensar for vurderinga av svaret ditt.

Øv på å føre kjelder rett slik at du blir kjend med korleis dette skal gjerast. Bruk gjerne Kildekompasset for å finne ut korleis du oppgir kjelder på rett måte, eller besøk NDLAs nettsider om kjeldebruk.

Har du til dømes brukt noko du hugsar frå læreboka, bør du oppgi ho som kjelde. Hugs at det berre er kjelder andre kan finne igjen og sjekke, som skal vere med i ei kjeldeliste. "Læraren sa det" eller "mitt eige hovud" skal derfor ikkje vere med på kjeldelista.

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (u.å.). Eksamensveiledning for fremmedspråk I og II, 2026. Henta 8. april 2026 frå https://sokeresultat.udir.no/eksamensoppgaver.html?start=1&query=fremmedspr%C3%A5k%20I%20og%20II&ExKL=Kunnskapsl%C3%B8ftet%202020

Utdanningsdirektoratet. (2026, 4. februar). Forberede og ta eksamen. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/forberede-og-ta-eksamen/

Utdanningsdirektoratet (u.å.). Eksamensinfo FSP6239. https://kandidat.udir.no/eksamensinfo/FSP6239

Utdanningsdirektoratet (u.å.). Eksamensinfo FSP6242. https://kandidat.udir.no/eksamensinfo/FSP6242

Merknad til kjeldelista

Vi har dessverre ikkje funne nynorskversjonar av Udir-nettsidene som står oppførte i kjeldelista.

Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 10.04.2026