Del 2: Skriving
Generell informasjon
Du skal svare på tysk på alle tre oppgåvene i eksamenssettet. Merk at eksamen i tysk 1 berre har to skriveoppgåver i staden for tre. Bruk berre dei hjelpemidla som er tillatne under eksamen. Du kan lese om eksamen i sikker nettlesar på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.
Skriv svara dine direkte inn i tekstfelta. Eksporter så teksten din. Då får du samtidig oppretta eit dokument som du kan levere til læraren.
NB! Oppgåvene du jobbar med her, ligg på nettsidene til NDLA, og ingenting av det du skriv, blir lagra. Går du ut av sida før du har eksportert teksten, mistar du alt arbeid du har gjort. Hugs derfor å eksportere teksten din slik at du kan vise han fram!
Oppgåve 1
Skriv ein tekst på 80–100 ord.

Ta utgangspunkt i bildet for å skrive ein kort, samanhengande tekst. Du skal ha med alle desse punkta:
Kven er personane på bildet?
Kva snakkar dei om?
Kva skjedde rett før bildet blei teke?
Kva skjer etterpå?
Oppgåve 2
Skriv ein dialog på 120–140 ord. Dialogen skal innehalde minst tolv replikkar.

To gode venner har bursdag rett etter kvarandre. Snart fyller begge 18 år, og dei planlegg ein stor fest saman.
Skriv ein dialog der dei to
snakkar om kven dei tenker å invitere
avtaler kvar og når dei skal ha festen
blir einige om mat og drikke
foreslår kva dei kan gjere på festen, og kommenterer forslaget
avsluttar med å seie at dei gler seg, og at dei trur festen vil bli bra
Oppgåve 3
Skriv to meldingar på til saman 130–150 ord.

Foreldra dine vil ha deg med på tur til Alpane i sommarferien og tilbyr seg å betale for både fly og hotell. Naturopplevingar og lange fjellturar står på planen.
Du er ikkje like begeistra for friluftsliv som foreldra dine og vil helst bli heime, men du vil heller ikkje skuffe dei.
Skriv først ei melding til ein venn.
Forklar situasjonen.
Fortel kva du helst vil gjere i ferien, og kvifor.
Spør vennen din om råd.
Skriv no kva vennen svarer på meldinga frå deg.
Hugs å starte og avslutte kvar melding på ein passande måte!