Hjelp til å svare på del 2

Vurdering av skriveoppgåvene
I del 2 skal du svare på tre skriveoppgåver som testar den skriftlege kompetansen din. Desse oppgåvene blir vurderte av to sensorar. Sensorane gir poeng for følgande:
- formidling
- om du får fram eit relevant innhald på ein forståeleg måte
- relevans
- om du svarer på alt oppgåva ber om
- grammatisk kompetanse
- om du kan bøye verb i person og tid, bruke rett artikkel og fleirtalsform på substantiv, velje rett kasus osv.
- vokabular
- om du har eit variert og passande ordforråd
- setningsstruktur
- om du kan bygge opp setningar rett, og om du kan bygge dei på ulike måtar
- rettskriving
- om du stavar ord korrekt og følger skrivereglar elles, for eksempel at du bruker stor forbokstav på substantiv og bokstavane i det tyske alfabetet (ä, ö, ü, ß osv.)
- språkhandlingar
- om du kan informere, fortelje og beskrive på tysk
Ulike oppgåvetypar
Skriveoppgåvene varierer i lengde og gir deg høve til å vise skrivekompetanse på ulike måtar.
Mediering: Her skal du vise at du kan forstå informasjon på tysk og formidle ho til andre. Det kan for eksempel vere informasjonen du finn i ein jobbannonse, i ein konsertplakat eller i ei vêrmelding.
Interaksjon: I denne oppgåvetypen skal du skrive eit svar på noko. Du kan for eksempel bli bedd om å svare på ei melding eller ein e-post, eller om å fullføre ein dialog der det manglar nokre replikkar.
Skriftleg produksjon: Her skal du vise at du kan skrive ein litt lengre tekst på tysk om eit bestemt tema. Denne oppgåvetypen legg til rette for at du får bruk for mykje av kunnskapane og ferdigheitene du har skaffa deg i løpet av dei åra du har lært tysk.
Om kulturkunnskap på eksamen
Du blir ikkje direkte testa i kulturkunnskap på eksamen, men du kan gjerne bruke det du har lært om kultur i tyskspråklege land der det er relevant.
Generelle tips og råd
Les oppgåvene nøye. Pass på at du svarer på alt oppgåva ber om.
Når du skal skrive ein lengre tekst, er det lurt å dele opp teksten i avsnitt.
Hald språket enkelt. Unngå avanserte uttrykksmåtar som du ikkje meistrar. Skriv korte, enkle setningar og sett punktum ofte. Då er det lettare å ha kontroll over grammatikk og ordstilling.
Tilpass språket til teksten du skal skrive (melding, forteljing, e-post osv.). Når teksten har ein bestemd mottakar, må du tilpasse språket til personen du vender deg til:
Bruk eit uformelt språk når du kjenner personen godt: Hallo, X! Kannst du ...? osv.
Bruk formelt språk når mottakaren er ein vaksen person som du ikkje har eit nært forhold til: Guten Tag, Herr X / Frau Y. Können Sie bitte ...? osv.
Når du skriv eit uformelt brev eller ein uformell e-post, kan du for eksempel starte med Liebe Hanna / Lieber Hans.
Skriv du eit formelt brev eller ein formell e-post, bruker du Sehr geehrter Herr X / Sehr geehrte Frau Y. Veit du ikkje kven nøyaktig som er mottakaren, skriv du Sehr geehrte Damen und Herren.
Tenk over kva verbtid du skal bruke. Viss du for eksempel skal fortelje om noko som har skjedd, bruker du presens perfektum (ich habe gekauft, er ist gefahren) og eventuelt preteritum (ich hatte, er war).
Tips til framgangsmåte når du skriv
Du klarer å skrive lange, komplekse setningar på norsk, kanskje òg på engelsk. Men når du skriv på eit framandspråk du ikkje meistrar så godt endå, er det viktig at du legg deg på eit nivå der du har kontroll. Unngå lange, kompliserte setningar, sett punktum ofte og tel verb i setninga. Med ein gong det er fleire enn to verb, blir det utfordrande å få plassert dei på rett stad. Øv deg på å uttrykke deg enkelt, ikkje gjer ting meir komplisert enn nødvendig! Her får du eit eksempel:
I staden for å prøve å få til dette på tysk:
På biletet ser ein fire ungdommar som jobbar med ei prosjektoppgåve læraren har gitt dei i førre mattetime. Mens Sandra og Lisa, som er bestevenner, iherdig prøver å løyse oppgåva, pratar gutane om kva dei skal finne på saman i sommarferien, og verkar ikkje særleg interesserte i å bidra i gruppearbeidet. Før situasjonen var dei i kantina for å ete lunsj sidan det var storefri.
... Skriv heller dette:
Sandra, Lisa, Markus og Bastian er på skulen og jobbar med eit gruppearbeid i matte. Sandra og Lisa er gode venninner. Oppgåva er vanskeleg, men jentene prøver å løyse oppgåva/den. Markus og Bastian pratar om ferieplanar og jobbar ikkje. Før situasjonen hadde dei ein lang pause. Då åt dei lunsj i kantina.
Før du leverer
Gå nøye gjennom tekstane dine før du leverer. Det kan du tene mykje på!
Innhald og lengde
Er innhaldet relevant? Har du svart på alle punkta?
Har du rett antal ord? Bør du legge til noko?
Språk
Sjekk betydninga av ord du er usikker på. Har du valt rett ord i ordboka? Er det rett ordklasse (verb, substantiv, adjektiv)?
Er språket og ordtilfanget variert nok? Varier måten setningane i teksten startar på, og unngå å gjenta same ord fleire gonger etter kvarandre.
Har du brukt tekstbinding? Bindeord skaper logisk samanheng i teksten din og gjer det lettare for lesaren å forstå kva du vil seie. Vi bruker bindeord for å rekne opp, samanlikne, få fram motsetningar, vise årsakssamanhengar og lage rekkefølge. Under finn du nokre forslag til bindeord du kan bruke når du skriv:
Bindeord når du skal ...
rekne opp
und (og), auch (òg), auch nicht (heller ikkje), außerdem (dessutan)
nemne alternativ
oder (eller)
få fram ei motsetning
aber (men), jedoch (likevel), obwohl (sjølv om), trotzdem (likevel), hingegen (derimot), im Gegensatz zu (i motsetning til)
lage ei rekkefølge
zuerst (først), dann (så, deretter), danach (etterpå), zum Schluss (til slutt)
erstens (for det første), zweitens (for det andre), drittens (for det tredje), schließlich (til slutt, til sjuande og sist)
vise ein årsakssamanheng
weil (fordi), denn (for), deshalb (derfor)
nemne eit vilkår
wenn (når, dersom), falls (dersom)
samanlikne
so wie (slik som), genau wie, genauso wie (akkurat som), anders als (annleis enn)
Grammatikk
Sjekk grammatikken! Gå gjennom setning for setning, gjerne frå slutt til start. Då mistar du oversikta over innhaldet og kan lettare fokusere på det reint språklege.
Finn substantiva. Har du skrive dei med stor forbokstav? Har du brukt rett kjønn og tal?
Analyser setningane og finn subjekt og verbal.
Er verbet bøygd i samsvar med subjektet (kjønn og tal)?
Står det på rett stad i setninga? (Det bøygde verbet står på plass to i heilsetningar og heilt sist i leddsetningar.)
Har verbet fått rett tidsform (notid/fortid)?
Sjekk deretter andre setningsledd, for eksempel predikativ, direkte objekt, indirekte objekt og preposisjonsuttrykk. Har du brukt rett kasus?
Det direkte objektet står som regel i akkusativ, det indirekte objektet står i dativ.
Er du usikker på kva kasus ein preposisjon tek, kan du slå preposisjonen opp i ordboka.
La oss sjå på nokre eksempel:
Ich habe eine Katze und einen Hund. (Her er ich subjekt, habe er verbal og eine Katze und einen Hund er direkte objekt i akkusativ.)
Das ist mein Hund Rex. (Das er subjekt, ist er verbal og mein Hund Rex er predikativ og får same kasus som subjektet.)
Ich kaufe meinem Hund ein Spielzeug. (Ich er subjekt, kaufe er verbal, meinem Hund er indirekte objekt i dativ, og ein Spielzeug er direkte objekt i akkusativ.)
Ich gehe oft mit meinem Hund spazieren. (Ich er subjekt, gehe spazieren er verbal, oft er adverbial og mit meinem Hund er eit preposisjonsuttrykk med dativ.)