Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Vurdering av skriftleg eksamen

Korleis blir skriftleg eksamen vurdert? Her får du vurderingskriterium, poengskalaer og eit eksempel på karaktersetting. Bruk dei saman med eksempeloppgåva vår for tysk 1.

Generelt om vurdering av eksamen

Skriftleg eksamen i framandspråk består av to delar: lesing og skriving. Kandidaten får poeng for kvar oppgåve, og summen av desse poenga gir den endelege karakteren.

Lesing tel 35 prosent av totalkarakteren, mens skriving tel 65 prosent. Kandidaten må bestå begge delane, altså få minst karakteren 2 på både lese- og skrivedelen, for å bestå heile eksamen.

Utdanningsdirektoratet utarbeider kvart år eksamens- og sensorrettleiingar. Vurderingskriteria og poengskalaene kan variere frå år til år. Her tek vi utgangspunkt i desse rettleiingane:

  • Eksamensrettleiing for framandspråk nivå I og II, vår 2026

  • Rettleiing for sensur av oppgåver i tysk I, II og III etter LK20 (frå 2024)

Begge rettleiingane ligg på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Del 1: Lesing

Leseforståingsoppgåvene på eksamen blir retta og vurderte automatisk. I eksamenssettet vårt får elevane oppgitt kor mange poeng dei oppnår i kvar oppgåve, men poenga blir ikkje summerte automatisk eller gjort om til ein karakter. Derfor bør elevane skrive ned poenga dei får når dei svarer på oppgåvene, og summere dei til slutt.

Tabell A viser poengskalaen vår for leseforståingsdelen. I oppgåvesettet vårt kan eleven oppnå maksimalt 34 poeng: 8 poeng i oppgåve 1, 10 poeng i oppgåve 2, 8 poeng i oppgåve 3 og 8 poeng i oppgåve 4.

Tabell A: Poengskala for del 1

Poengsum

Karakter

29–346
23–285
18–224
12–173
8–112
0–71

Del 2: Skriving

Å kommunisere er det viktigaste i framandspråk. Det ein elev skriv, må bli forstått av mottakaren. Fleire sider ved språkbruken, til dømes korrekt grammatikk, rett setningsstruktur og eit passande og variert vokabular, bidreg til at innhaldet i ein tekst blir formidla på ein tydeleg måte.

Det er lurt å trene elevane på å

  • ha med alle punkta som oppgåva spør om

  • skrive det talet på ord som oppgåva krev

  • kontrollere språket slik at kvaliteten på svaret blir betre

  • bruke eit passande og variert vokabular

  • unngå å bygge setningar med fleire ledd enn dei klarer å handtere

Vurderingskriterium

Skriveoppgåvene blir vurderte i sin heilskap. Sensor gir poeng for formidling, , grammatikk, setningsstruktur, vokabular, rettskriving og språkhandlingar.

Formidling

I kva grad får tekstane fram eit relevant innhald på ein forståeleg måte? Berre det som faktisk svarer på oppgåvebestillinga, skal vurderast. Dersom eleven ikkje svarer på alt oppgåva ber om, vil hen ikkje kunne få full utteljing.

tabell b: Udirs kriterium for Vurdering av formidling

Poengtal

Vurderingskriterium

4 poengKommunikasjonen er tydeleg. Tekstane er ikkje nødvendigvis feilfrie, men dei er svært enkle å forstå og har god flyt.
3 poengKommunikasjonen er stort sett tydeleg. Tekstane har nokre feil, men er stort sett lette å forstå.
2 poengKommunikasjonen er delvis tydeleg. Tekstane har feil som gjer dei vanskelege å forstå.
1 poengKommunikasjonen er berre innimellom tydeleg. Tekstane er oppstykka og/eller usamanhengande, og vanskelege å forstå.
0 poengKommunikasjonen er svært svak. Nokre få setningar kommuniserer på ein enkel måte, men dei fleste gir ikkje meining eller er ikkje fullstendige setningar, berre "relevante" enkeltord.

Relevans

Svarer eleven på alt oppgåva ber om?

tabell c: Udirs kriterium for vurdering av relevans

Poengtal

Vurderingskriterium

2 poengAlle tekstane svarer på heile oppgåvebestillinga. Dette inkluderer talet på ord som oppgåvene krev.
1 poengTekstane svarer ikkje på heile oppgåvebestillinga.
0 poengEin eller fleire tekstar manglar eller er ikkje relevante.

OBS!

Dersom svaret får 0 poeng for formidling, vil det automatisk få 0 poeng for relevans. Dersom svaret får 0 poeng for relevans, vil det automatisk få 0 poeng for formidling.

Grammatikk

Meistrar eleven grammatiske reglar og klarer å bruke dei i tekstane sine? Med grammatikk siktar ein til dømes til verbbøying (person og tid), kasus, osv.

tabell d: Udirs kriterium for vurdering av grammatikk

Poengtal

Vurderingskriterium

3 poengGrammatikken er stort sett korrekt. Det er berre nokre få småfeil i tekstane. Dette går ikkje utover formidlinga av innhaldet.
2 poengGrammatikken er delvis korrekt. Det er ein del småfeil i tekstane. Dette kan gå utover formidlinga av innhaldet.
1 poengGrammatikken er ofte ukorrekt. Det er mange små og store feil i tekstane. Dette er til hinder for formidlinga av innhaldet.
0 poengGrammatikken i tekstane ligg under det nivået som kan ventast på nivå 1.

Setningsstruktur

Har eleven rett rekkefølge på ord og frasar i ei setning?

tabell E: Udirs kriterium for vurdering av setningsstruktur

Poengtal

Vurderingskriterium

3 poengSetningsstrukturen er korrekt.
2 poengSetningsstrukturen er stort sett korrekt.
1 poengSetningsstrukturen i mange setningar er ukorrekt.
0 poengSetningsstrukturen i tekstane ligg under det nivået som kan ventast på nivå 1.

Vokabular

Bruker eleven eit variert og passande ordtilfang i tekstane sine?

Tabell f: Udirs kriterium for vurdering av vokabular

Poengtal

Vurderingskriterium

4 poengVokabularet er variert og passar godt inn i samanhengen. For å få 4 poeng for vokabularet må begge kriteria oppfyllast.
3 poengVokabularet er noko variert og passar inn i samanhengen. For å få 3 poeng for vokabularet må begge kriteria oppfyllast.
2 poengVokabularet er lite variert og/eller passar ikkje alltid inn i samanhengen.
1 poengVokabularet er upresist og/eller passar ofte dårleg inn i samanhengen.
0 poengVokabularet i tekstane ligg under det nivået som kan ventast på nivå 1.

Rettskriving

Følger elevane reglane for rettskriving og teiknsetjing? (Rett bruk av stor og liten forbokstav er eitt av punkta som høyrer til rettskriving.)

tabell G: Udirs kriterium for vurdering av rettskriving

Poengtal

Vurderingskriterium

2 poengRettskrivinga er gjennomgåande korrekt.
1 poengDet er nokre få feil i rettskrivinga, men desse forstyrrar ikkje kommunikasjonen i tekstane.
0 poengDet er ein del feil i rettskrivinga.

Språkhandlingar

I kva grad klarer eleven å informere, fortelje og beskrive på tysk?

tabell H: Udirs kriterium for vurdering av språkhandlingar

Poengtal

Vurderingskriterium

4 poengTekstane informerer, fortel og beskriv på ein svært god måte.
3 poengTekstane informerer, fortel og beskriv på ein god måte.
2 poengTekstane informerer, fortel og beskriv på ein enkel måte.
1 poengTekstane informerer, fortel og beskriv på ein svært enkel måte.
0 poengTekstane gir ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere språkhandlingar.

Eksempel på karaktersetting

Her kjem eit døme på korleis ein vurderer eksamensoppgåvene og reknar ut sluttkarakteren.

Del 1: Lesedel

En elev har oppnådd 21 av 34 poeng i del 1. Ifølge tabell A får eleven altså karakteren 4 på lesedelen.

Del 2: Skrivedel

Her vurderer ein tekstane til eleven i sin heilskap ved å bruke tabellane B–H.

  • Formidling: Tekstane til eleven har nokre feil, men det meste er likevel lett å forstå. Eleven får 3 poeng.

  • Relevans: Eleven svarer på alt oppgåvene ber om, og får 2 poeng.

  • Grammatikk: Det er ein del feil i tekstane som nokon gong kan gå utover formidling av innhaldet. Eleven får 2 poeng.

  • Setningsstruktur: Eleven har brukt feil setningsstruktur i mange setningar og får 1 poeng.

  • Vokabular: Ordtilfanget til eleven passar bra, men er lite variert. Eleven får 2 poeng.

  • Rettskriving: Eleven har veldig mange rettskrivingsfeil og får 0 poeng.

  • Språkhandlingar: Tekstane informerer og fortel på ein enkel måte, men eleven beskriv nesten ingenting og får 1 poeng.

Totalt har eleven oppnådd 11 av 22 moglege poeng.

Karakter på del 2

Etter at alle oppgåvene er vurderte, blir karakteren sett ut frå poengsummen eleven har oppnådd. I dømet vårt bruker vi ein poengskala som liknar på den som har blitt brukt på tidlegare eksamenar (sjå tabell I nedanfor). Poengskalaene kan variere frå år til år.

Eleven i dømet vårt har fått 11 av 22 moglege poeng og får dermed karakteren 3 på del 2.

Tabell i: poengskala for Del 2

Sum av poeng for skriving

Karakter

21–226
17–205
14–164
10–133
7–92
0–51

Samla vurdering

For å rekne ut samla karakter gjeld følgande reknestykke: karakter på del 1 + karakter på del 1 + karakter på del 2. Så bruker ein tabellen nedanfor for å avgjere den samla karakteren. Denne tabellen liknar på ein som har blitt brukt på tidlegare eksamenar.

Hugs at begge delane må vere bestått for å bestå heile eksamen. Om ein elev til dømes har fått karakteren 6 på del 1 og karakteren 1 på del 2, blir heile eksamen vurdert som ikkje bestått.

Eleven i dømet vårt har fått karakteren 4 på del 1 og karakteren 3 på del 2. Då blir reknestykket slik: 4 + 4 + 3 = 11. I tabell E ser vi at summen 11 svarer til karakteren 4. Eleven får altså 4 som samla karakter på heile eksamen.

Tabell E: Samla karakter for del 1 og del 2

Totalsum

Karakter

17–186
14–165
11–134
8–103
6–72
0–51

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (2026, 4. februar). Forberede og ta eksamen. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/forberede-og-ta-eksamen/

Utdanningsdirektoratet. (u.å.). Eksamensveiledning for fremmedspråk I og II, 2026. Henta 8. april 2026 frå https://sokeresultat.udir.no/eksamensoppgaver.html?start=1&query=fremmedspr%C3%A5k%20I%20og%20II&ExKL=Kunnskapsl%C3%B8ftet%202020

Utdanningsdirektoratet. (u.å.). Veiledning for sensur av oppgaver i tysk I, II og III etter LK20. Tilgjengeleg via https://sokeresultat.udir.no/eksamensoppgaver.html?start=1&query=fremmedspr%C3%A5k%20I%20og%20II&ExKL=Kunnskapsl%C3%B8ftet%202020

Skrive av Julia Kleven og Kathleen Geraldine Tom Kraudy.
Sist oppdatert 17.04.2026