Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Hjelp til å svare på del 1

Del 1 består av fire oppgåver som testar leseforståing. Vi anbefaler at du bruker omtrent éin time på denne delen. Her får du gode råd og praktiske tips til korleis du bør gå fram når du løyser oppgåvene. Diskuter og øv saman.

Tips og råd for alle oppgåvene

I del 1 er det viktig å bruke gode lesestrategiar og å slik at du lettare kan forstå teksten. Nedanfor får du hjelp til å løyse kvar av dei fire dømeoppgåvene i oppgåvesettet vårt.

  • Les instruksjonen godt: Kva nøyaktig skal du gjere i denne oppgåva?

  • Sjå på eventuelle bilete og titlar for å få eit inntrykk av teksten. Kva trur du teksten handlar om?

  • teksten for å få oversikt over hovudinnhaldet. Sjå etter ord og uttrykk du kjenner igjen frå andre språk, og fokuser på det du forstår.

  • Tenk over: Kva er temaet i teksten? Har du jobba med dette temaet før? Korleis?

  • Les teksten grundig. Prøv å gjette deg til kva ukjende ord betyr ut frå dei står i. Fokus på nøkkelord eller nøkkelsetningar.

  • Spør deg sjølv: Har eg tilstrekkeleg informasjon for å løyse oppgåva? Viss ikkje, kva må eg gjere for å komme vidare? Kva ord må eg søke opp i ordboka?

  • Ta ein siste sjekk før du sender inn svaret: Er det noko som ikkje gir god meining?

Oppgåve 1: Kople saman tekst

I denne typen oppgåve skal du kople saman to setningar, to korte tekstar eller tekst og bilete. I dømeoppgåva vår skal du kople saman rett spørsmål og svar. Her er det viktig å legge merke til detaljar og finne ut kva som skil alternativa frå kvarandre.

For å forstå spørsmål må du vite kva dei ulike spørjeorda betyr. Her er ti spørjeord som det er lurt å lære seg før eksamen:

wer (kven), was (kva), wann (når), wie (korleis), warum (kvifor), wo (kvar), woher (kor frå), wohin (kvar hen), wie viel (kor mykje), wie viele (kor mange)

Utdrag frå oppgåve 1

Er studiert Medienwissenschaft und Kommunikation in Bern.

  1. Wer studiert in Bern?

  2. Was studiert dein Bruder?

  3. Was macht deine Schwester in Bern?

Markus und Paula kommen erst um 20 Uhr.

  1. Wann kommen sie zur Party?

  2. Wann kommst du zur Party?

  3. Wann kommt ihr zur Party?

Hjelp til å løyse oppgåve 1

Døme 1

  • Sjå godt på svaret. Kva informasjon får du her?

    • Verbet studieren liknar på det tilsvarande norske verbet. Kva for eit?

    • In Bern må vise til ein stad: In liknar på norsk i og engelsk in, og Bern blir skrive med stor forbokstav og kan vere eit namn. Har du høyrt om byen Bern?

    • Sjølv om du ikkje kjenner ordet Medienwissenschaft frå før, kan du forstå at det er snakk om eit fag, særleg når det står saman med ordet Kommunikation. Kva fag kan det vere?

  • Sjå godt på spørsmåla du skal velje mellom. Kva betyr dei?

    • Det personlege pronomenet er viser at det er snakk om ein mannleg person. Spørsmålet "Was macht deine Schwester in Bern?" passar altså ikkje.

    • Då står du igjen med eitt spørsmål som startar med was og eitt som startar med wer. Setninga "Er studiert Medienwissenschaft und Kommunikation in Bern" fortel kva nokon gjer kvar, men ho fortel ikkje nærare kven det er som utfører handlinga. Kva spørjeord er då rett, was eller wer?

Døme 2

  • Kva betyr svaret "Markus und Paula komme erst um 20 Uhr"? Verbet er eit ord, det svarer til det norske verbet å komme. Og setninga inneheld eit klokkeslett, ho fortel når noko skjer.

  • Sjå på spørsmåla. Her blir same spørjeord brukt i alle alternativa: wann. Kva betyr dette spørjeordet på norsk, og kva betyr spørsmåla?

    • Er det nokon transparente ord som du omgåande forstår her?

    • "Markus und Paula" er to personar. Spørsmålet "Wann kommst du zur Party?" passer altså ikkje, for pronomenet du bruker vi når vi snakkar til éin person.

    • Då står det mellom pronomena sie og ihr. Kva for eit av dei kan erstatte "Markus og Paula" her? Dersom vi snakkar til Markus og Paula, bruker vi ihr (dykk), men viss vi snakkar om dei, må vi bruke sie (dei). Kva blir rett pronomen her?

Oppgåve 2: Vel rett ord

I denne oppgåvetypen får du vanlegvis ein samanhengande tekst der ord som er tekne ut, skal plasserast på rett stad. Som regel blir nokre ord til overs. Her er det viktig å fokusere på både ordforråd og grammatikk for å finne ut kvar orda skal plasserast.

Utdrag frå teksten "Meine Freizeit"

Ord som skal setjast inn

außer, nimmst, fragen, Schüler

Tekstutdrag

Ich heiße Alex. Ich bin 16 Jahre alt und ___ am Gymnasium Döchtbühl. In meiner Freizeit bin ich sehr aktiv. Ob Basketball, Badminton, Tischtennis oder Joggen, ich sage fast niemals nein, ___ bei Yoga und Klettern. Da ___ du besser einen anderen mit.

Hjelp til å løyse oppgåve 2

  • Skumles teksten for å få oversikt over innhaldet. Då blir det lettare å plassere orda etterpå.

  • Gå gjennom orda og sjå om du klarer å plassere dei. Kva for eit av orda passar i den første luka, trur du? Her presenterer Alex seg sjølv.

  • Søk opp ord du ikkje forstår, i ordboka. Finn ut kva slags ordklasse ordet tilhøyrer. Er det eit substantiv, eit verb eller kanskje eit adjektiv? Det kan vere nyttig å vite fordi det hjelper deg å sjå kvar i ei setning ordet kan passe inn.

  • Sjekk òg om ordet har fleire betydningar. Ta til dømes außer. Søk opp ordet, og finn ut kvar du vil plassere det.

  • Sjå på den siste setninga i tekstutdraget: Her manglar ordet som står på plass to i setninga. Kva slags ord er det vanlegvis? Rett, i tysk og norsk står det bøygde verbet på plass to i heilsetningar. Dette blir kalla V2-regelen. Det er altså lurt om du leiter etter eit verb som kan passe inn.

    Blant orda du kan velje imellom, er det to verb: nimmst og fragen. Eitt av dei blir til overs og skal ikkje brukast. For å velje rett verb, må du sjå på endingane (-st og -en). Subjektet i setninga er "du". Vi bøyer verbalet i samsvar med subjektet. Kva verbending er då den rette?

  • Når du har plassert alle orda, les du gjennom teksten og sjekkar at han gir god meining.

Oppgåve 3: Vel rett ord frå liste

Denne oppgåvetypen er nokså lik den førre. Også her skal du plassere ord på rett stad i ein tekst, men no skal du velje ord frå ei liste med alternativ. I dømeoppgåva vår får du tre alternativ til utval. Berre eitt av dei er rett. Her er det viktig å fokusere på både ordforråd og grammatikk for å forstå kva ord som passar inn tematisk og/eller grammatisk.

Utdrag frå teksten "Rotkäppchen"

Rotkäppchen ist ein kleines (Märchen, Mädchen, Menschen). Seine Großmutter hat ihm ein rotes Käppchen geschenkt, deswegen nennen alle es "Rotkäppchen".

Rotkäppchen (müssen, musst, muss) alleine durch den dunklen Wald gehen.

Hjelp til å løyse oppgåve 3

  • Begynn på same måte som i oppgåve 2: Skumles teksten for å få oversikt.

  • Gå gjennom kvar liste med alternativ og finn ut: Er oppgåva å velje rett ord (for å teste ordforråd og kunnskap om ordklassar)? Eller er oppgåva å velje rett bøyingsform av eit ord (for å teste grammatikk)?

  • Bruk hjelpemidla godt, og sjekk det du er usikker på.

    • Skal du velje rett verbform, bør du sjekke korleis verbet blir bøygd (i person eller tid).

    • Skal du velje riktig bestemd eller ubestemd artikkel, kan du bruke ordbok for å finne kjønnet på substantivet som følger etter artikkelen.

  • Sjå på den første setninga i tekstutdraget. Orda liknar på kvarandre, men betyr vidt ulike ting. Det er berre eitt alternativ som gir meining her. Kva for eit?

  • Sjå på den siste setninga. Kva grammatikkferdigheit blir du testa i her? Kva alternativ er rett her? Forklar kvifor.

  • Det er lett å henge seg opp i enkeltorda i lista, men hugs at orda står i ein . Les gjennom den ferdige teksten og sjekk at han gir god meining, før du sender inn svaret.

Oppgåve 4: Vurder påstandar

I denne typen oppgåve skal du lese ein tekst og vurdere om påstandane er sanne, usanne, eller om dei ikkje er nemnde i teksten. Teksten er på tysk, mens påstandane er skrivne på norsk.

Utdrag: Wohin fährst du am liebsten in den Sommerferien?

Meine Lieblingsstadt ist Wien. Ich bin vor fünf Jahren zum ersten Mal dort gewesen. Wien hat sehr viel zu bieten. Man kann auf Konzerte gehen, Kunst im Hundertwasser-Museum bewundern oder eine Bootsfahrt auf der Donau genießen. Ich empfehle wirklich allen, ob groß oder klein, das Schloss Schönbrunn und die Domkirche zu besuchen.

Man muss nicht unbedingt klassische Musik lieben und Walzer tanzen. In Wien findet man auch moderne Clubs und ein pulsierendes Nachtleben.

Vurder påstandane

Hjelp til å løyse oppgåve 4

  • Les først påstandane i den interaktive oppgåva. Då veit du kva du skal sjå etter i teksten.

  • Sjå etter nøkkelord i påstandane og prøv å finne informasjon om dei i teksten. Det hjelper deg å vurdere påstandane. Aktuelle nøkkelord her er til dømes Walzer, fünf Jahre, Schloss, Domkirche, Nachtleben og Donau.

  • Slå opp ord du treng for å vurdere påstandane du er usikker på. Sjå alltid nøye på kva omsetjingar du får opp, og sjekk at du vel rett ordklasse og rett betydning av ordet.

  • Av og til inneheld teksten personnamn, stadnamn, faste uttrykk eller ordtak som kan vere vanskelege å forstå, og som ikkje let seg omsetje ordrett. Viss du klarer å oppdage dei, unngår du å kaste bort tid på å prøve å finne ut kva dei betyr.

Skrive av Julia Kleven.
Sist oppdatert 28.03.2025