Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Skriftleg eksamen

Oppgåve
Vurderingsressurs
Interaktivt innhald

Del 2: Skriving

I del 2 av eksamen skal du vise at du kan skrive og gjere deg forstått på spansk. Du skal svare på noko du les, vidareformidle informasjon og produsere ein tekst i ein gitt samanheng. Her øver du på å svare på slike skriveoppgåver. Svar på alle oppgåvene.

Generell informasjon

Du skal svare på spansk og på alle tre oppgåvene. Bruk berre dei hjelpemidla du har lov til å bruke under eksamen. Du kan lese om eksamen i sikker nettlesar på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Skriv svara dine direkte inn i tekstfelta. Eksporter så teksten din. Då får du samtidig oppretta eit dokument som du kan levere til læraren.

NB! Oppgåvene du jobbar med her, ligg på nettsidene til NDLA, og ingenting av det du skriv, blir lagra. Går du ut av sida før du har eksportert teksten, mister du alt arbeidet du har gjort. Hugs derfor å eksportere teksten din slik at du kan vise han fram!

Oppgåve 1

Skriv ei melding på 80–100 ord.

Vennen din, Iker, sender deg meldinga under. Skriv eit svar til han.

¡Hola, Iben!

La semana pasada te mandé la invitación para mi cumpleaños, pero no has respondido. ¿Qué pasa, Iben? ¿No puedes venir? ¿No vas a estar en Bilbao este verano?

Espero una respuesta pronto. ¡Tengo muchas ganas de verte!

Besos,

Iker

Oppgåve 2

Skriv ei melding på 120–150 ord.

Då du var ute på handletur, såg du annonsen nedanfor. Send ei melding til ein spansktalande venn.

  • Fortel om arrangementet.

  • Sei at du ønsker å delta, og grunngi kvifor.

  • Spør om vennen din har lyst til å bli med. Prøv å overtale han/ho!

5 de junio, Día Mundial del Medioambiente

¿Te interesa el medioambiente y deseas protegerlo? ¡Participa en nuestras actividades!

  • Lugar: Parque del Retiro, Madrid

  • Fecha: 5-6 de junio

  • Horario: 10:00 – 22:00

  • Actividades:

    • Curso de cocina y utilización de productos ecológicos

    • Intercambio de ropa

    • Taller sobre reciclaje

    • Siembra de frutas y verduras en casa

Inscripción abierta hasta el 2 de junio: protegermedioambiente@gob.es

Oppgåve 3

Skriv eit innlegg på 200–220 ord.

I helga var du på besøk i ein spansktalande by. Det var fantastisk; du har fått gjort det du ville, og du har til og med treft favorittartisten din! Du bestemmer deg for å skrive eit innlegg i eit reiseforum for å fortelje om opplevingane dine. Ta med følgande punkt, og fortel:

  • kvar du var, og kven du reiste med

  • kva du hadde planlagt før du reiste

  • kva du fekk gjort

  • kva artist du trefte, og kvifor det var så bra

Gi teksten ei passande overskrift

Skrive av Kathleen Geraldine Tom Kraudy.
Sist oppdatert 10.04.2026