Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Skriftleg eksamen

Fagstoff
Interaktivt innhald

Hjelp til å svare på del 1

Del 1 består av fire oppgåver som testar leseforståing. Vi rår deg til å bruke omtrent éin time på denne delen, og ikkje meir enn 90 minutt. Her får du gode råd og praktiske tips til korleis du bør gå fram når du løyser oppgåvene. Diskuter og øv saman.

Tips og råd for alle oppgåvene

I del 1 er det viktig å bruke gode lesestrategiar og å slik at du lettare kan forstå teksten. Nedanfor får du hjelp til å løyse kvar av dei fire eksempeloppgåvene i oppgåvesettet vårt.

  • Les instruksjonen godt: Nøyaktig kva skal du gjere?

  • Sjå på eventuelle bilete og titlar for å få eit inntrykk av teksten. Kva trur du teksten handlar om?

  • teksten for å få oversikt over hovudinnhaldet. Sjå etter ord og uttrykk du kjenner igjen frå andre språk, og fokuser på det du forstår.

  • Tenk over: Kva er temaet i teksten? Har du jobba med dette temaet før? Korleis?

  • Les teksten grundig. Prøv å gjette deg til kva ukjende ord betyr ut frå dei står i. Fokuser på nøkkelord eller nøkkelsetningar.

  • Spør deg sjølv: Har eg nok informasjon for å løyse oppgåva? Viss ikkje, kva må eg gjere for å komme vidare? Kva ord må eg søke opp i ordboka?

  • Ta ein siste sjekk før du sender inn svaret: Er det noko som ikkje gir god meining?

Oppgåve 1: Vurder påstandar

I denne typen oppgåve skal du lese ein tekst og vurdere om påstandane er sanne, usanne, eller om dei ikkje er nemnde i teksten. Teksten er på spansk, mens påstandane er skrivne på norsk.

Utdrag frå teksten "Hacer la compra en Noruega"

Paula es una joven española que está de intercambio estudiantil en Noruega. A través de TikTok la española ha compartido cuánto le ha costado hacer la compra en un supermercado: "Noruega es muy caro".

Hjelp til å løyse oppgåve 1

  • Les først påstandane i den interaktive oppgåva nedanfor. Då veit du kva du skal sjå etter i teksten.

  • Sjå etter nøkkelord i påstandane og prøv å finne informasjon om dei i teksten. Det hjelper deg med å vurdere påstandane. Aktuelle nøkkelord her er til dømes følgarar, sosiale medium, Spania, Noreg, handle eller matbutikk.

    • Du finn ordet TikTok, men står det noko om følgarar?

    • Du finn både jóven española og Noruega, men stemmer det at Paula er på ferie?

    • Kva ord finn du som har med handling av mat å gjere? Kva betyr le ha costado? Blir det sagt noko om prisar?

  • Slå opp ord du treng for å vurdere påstandane du er usikker på. Sjå alltid nøye på kva omsetjingar du får opp, og sjekk at du vel rett ordklasse og rett betydning av ordet.

  • Av og til inneheld teksten personnamn, stadnamn, faste uttrykk eller ordtak som kan vere vanskelege å forstå, og som ikkje let seg setje om ordrett. Viss du klarer å oppdage dei, unngår du å kaste bort tid på å prøve å finne ut kva dei betyr.

Vurder påstandane

Oppgåve 2: Kople saman

I denne typen oppgåve skal du kople saman setningar, korte tekstar eller tekst og bilete.

I eksamensoppgåva vår skal du kople saman tekstar frå to ulike grupper: Tekstane i den første gruppa (tekst A–D) beskriv ulike typar mat (kinesisk, tex-mex, spansk og fransk). Den andre gruppa tekst er utsegner frå seks ulike personar om kva slags mat dei liker best. To personar blir til overs.

Hjelp til å løyse oppgåve 2

  • Les tekstane grundig. Dei er korte, men det er viktig å forstå dei godt og legge merke til detaljar som til dømes nekting. Det er nemleg mogleg at teksten (òg) fortel om noko ein person ikkje liker eller noko maten ikkje inneheld.

  • Sjå etter nøkkelord. I tilfellet med Alba kan nøkkelord vere medioambiente, producción local, exquisita og queso.

  • Gå gjennom tekstane om mat og prøv å finne igjen desse nøkkelorda. Det er nemnt ost (queso) i fleire av tekstane. Men kva med dei andre nøkkelorda frå teksten om Alba? Klarer du å finne passande type mat for Alba? Test deg sjølv i den interaktive oppgåva under.

  • Når du har laga koplingane, går du gjennom tekstane éin gong til før du sender inn svaret.

Oppgåve 3: Flytt ord til rett plass

I denne oppgåvetypen får du vanlegvis ein samanhengande tekst der ord som er tekne ut, skal plasserast på rett stad. Som regel blir nokre ord til overs. Her er det viktig å fokusere på både ordforråd og grammatikk for å finne ut kvar orda høyrer heime.

Tilpassa utdrag frå teksten "La piñata"

Ord som skal setjast inn (to ord blir til overs): a, celebración, en, mucho, muy, recipiente

Uno de los elementos más típicos de las celebraciones ___ México son las piñatas. Son un símbolo ___ importante de la cultura mexicana.

La piñata es un ___ que contiene juguetes y golosinas, y que se rompe en una ___.

Hjelp til å løyse oppgåve 3

  • Skumles teksten for å få oversikt over innhaldet. Då blir det lettare å plassere orda etterpå. Gå så gjennom orda og sjå om du klarer å plassere dei.

  • I første setning manglar det eit ord framfor México. Blant orda er det to preposisjonar som kan passe her: a og en. Kva preposisjon må du velje for å seie at piñataer er typiske for feiringar i Mexico?

  • Framfor to av lukene står det artiklar: un og una. Artiklar står som regel saman med substantiv. Kva substantiv kan du velje blant? Bruk ordboka for å sjekke kjønn. Hankjønnsord står saman med artikkelen un og hokjønnsord med una.

  • Pass på ord som er nokså like og lett kan forvekslast, til dømes muy og mucho. Muy betyr "veldig" og blir sett framfor eit adjektiv for å forsterke det. Kva betyr mucho?

  • Når du har plassert alle orda, les du gjennom teksten og sjekkar at han gir god meining.

Oppgåve 4: Velje rett ord frå liste

Denne oppgåvetypen er nokså lik den førre. Her skal du òg plassere ord på rett stad i ein tekst, men no skal du velje ord frå ei liste med alternativ. I eksempeloppgåva vår får du tre alternativ til utval. Berre eit av dei er rett. Her er det viktig å fokusere på både ordforråd og grammatikk for å forstå kva ord som passar inn tematisk og/eller grammatisk.

Tilpassa utdrag frå teksten "Mi celebración de cumpleaños"

(Hoy, Ayer, Mañana) fue mi cumpleaños y todos mis amigos vinieron a celebrarlo conmigo. (Nos, Se, Me) divertimos muchísimo: comimos, bailamos, platicamos y (tampoco, todavía, también) cantamos karaoke.

Hjelp til å løyse oppgåve 4

  • Begynn på same måte som i oppgåve 3: Skumles teksten for å få oversikt.

  • Gå gjennom kvar liste med alternativ og finn ut: Er oppgåva å velje rett ord (for å teste ordforråd og kunnskap om ordklassar)? Eller er oppgåva å velje rett bøyingsform av eit ord (for å teste grammatikk)?

  • Bruk hjelpemidla godt, og sjekk det du er usikker på.

    • Skal du velje rett verbform, bør du sjekke korleis verbet blir bøygd (i person og tid).

    • Skal du velje rett bestemd eller ubestemd artikkel, kan du bruke ordbok for å finne kjønnet på substantivet som følger etter artikkelen.

  • Sjå på den første setninga. Det er berre eit alternativ som gir meining her. Kva for eit? I dag, i går eller i morgon? Sjå på verbet som kjem rett etterpå (fue). Kva tid er det bøygd i?

  • I den andre setninga skal du setje inn rett refleksivt pronomen. Sjå på endinga av verbet som pronomenet står saman med (divertimos). Kva person er det bøygd i? Kva for eit refleksive pronomen må du bruke her?

  • Så er det den siste setninga. Desse orda liknar på kvarandre, men det er berre eit av dei som passar. Kva for eit? Viss du er usikker på kva orda betyr, bruker du ordboka.

Skrive av Kathleen Geraldine Tom Kraudy, Anna Maria Holvik og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 11.04.2025