Hjelp til å svare på del 2
Vurdering av skriveoppgåvene
I del 2 skal du svare på tre skriveoppgåver som testar den skriftlege kompetansen din. Desse oppgåvene blir vurderte av to sensorar. Sensorane gir poeng for følgande:
- formidling
- om du får fram eit relevant innhald på ein forståeleg måte
- relevans
- om du svarer på alt oppgåva ber om
- grammatisk kompetanse
- om du kan bøye verb i person og tid, bruke rett artikkel og fleirtalsform på substantiv, bøye adjektiv i kjønn og tal og så vidare
- vokabular
- om du har eit variert og passande ordforråd
- setningsstruktur
- om du kan bygge opp setningar rett, og om du kan bygge dei opp på ulike måtar
- rettskriving
- om du stavar ord korrekt og følger skrivereglar elles, til dømes at du har med aksentar og bruker omvendt utropsteikn og spørsmålsteikn
- språkhandlingar
- om du kan informere, fortelje, beskrive og grunngi på spansk
Ulike oppgåvetypar
Skriveoppgåvene varierer i lengde og gir deg høve til å vise skrivekompetanse på ulike måtar.
Interaksjon: I denne oppgåvetypen skal du skrive eit svar på noko. Du kan til dømes bli beden om å svare på ei melding eller ein e-post, eller om å fullføre ein dialog der det manglar nokre replikkar.
Mediering: Her skal du vise at du kan forstå informasjon på spansk og formidle han til andre. Det kan til dømes vere informasjonen du finn i ein jobbannonse, i ein plakat eller i ei vêrmelding.
Skriftleg produksjon: Her skal du vise at du kan skrive ein litt lengre tekst på spansk om eit bestemt tema. Denne oppgåvetypen legg til rette for at du får bruk for mykje av kunnskapane og ferdigheitene du har skaffa deg i løpet av dei åra du har lært spansk.
Om kulturkunnskap på eksamen
Du blir ikkje direkte testa i kulturkunnskap på eksamen, men du kan gjerne bruke det du har lært om kultur i spanskspråklege land, der det er relevant.
Generelle tips og råd
Les oppgåvene nøye. Pass på at du svarer på alt oppgåva ber om.
Når du skal skrive ein lengre tekst, er det lurt å dele opp teksten i avsnitt.
Hald språket enkelt. Unngå avanserte uttrykksmåtar som du ikkje meistrar. Skriv korte, enkle setningar, og set punktum ofte. Då er det lettare å ha kontroll over grammatikk og ordstilling.
Tilpass språket til teksten du skal skrive (melding, forteljing, e-post og så vidare). Når teksten har ein bestemd mottakar, må du tilpasse språket til personen du vender deg til:
Bruk eit uformelt språk når du kjenner personen godt: ¡Hola, X! ¿Puedes...?
Bruk formelt språk når mottakaren er ein vaksen person som du ikkje har eit nært forhold til: Buenos días, señor X / señora Y. ¿Puede usted...?
Når du skriv eit uformelt brev eller ei uformell melding / ein uformell e-post, kan du til dømes starte med Hola, Ana/Juan eventuelt etterfølgd av ¿Qué tal/pasa/hay? / ¿Cómo estás? og avslutte med un beso, un abrazo, nos vemos eller hablamos luego.
Skriv du ein formell førespurnad, bruker du til dømes Estimado señor X eller Estimada señora Y. Veit du ikkje kven som vil få førespurnaden, skriv du Estimados señores. Avslutt med Saludos cordiales, Atentamente eller Sinceramente.
Blir du beden om å grunngi noko eller seie di eiga meining? Då treng du nokre uttrykk, til dømes
yo creo/pienso/opino que (eg trur/tenker/meiner at)
en mi opinión (etter mi meining)
me parece que (eg synest at)
Tenk over kva verbtid du skal bruke. Viss du til dømes skal fortelje om noko som har skjedd eller skjedde (fortid), bruker du presens perfektum (yo he comprado, él ha comido) og/eller preteritum. Hugs at spansk har to preteritumsformer:
pretérito perfecto simple: yo compré, él comió
pretérito imperfecto: yo compraba, él comía
Tips til framgangsmåte når du skriv
Du klarer å skrive lange, komplekse setningar på norsk, kanskje òg på engelsk. Men når du skriv på eit framandspråk du ikkje meistrar så godt endå, er det viktig at du legg deg på eit nivå der du har kontroll. Unngå lange, kompliserte setningar, set punktum ofte og tel verb i setninga. Med ein gong det er fleire enn to verb, blir det utfordrande å få plassert dei på rett stad. Øv deg på å uttrykke deg enkelt, ikkje gjer ting meir komplisert enn nødvendig! Her får du eit døme:
Døme
Ta utgangspunkt i biletet for å skrive ein kort tekst. Du skal ha med alle desse punkta:
Kven er personane på biletet?
Kva snakkar dei om?
Kva skjedde rett før biletet vart teke?
I staden for å prøve å få til dette på spansk:

På biletet ser ein fire ungdommar som jobbar med ei prosjektoppgåve læraren gav dei i førre mattetime. Mens Sandra og Lisa, som er bestevenner, iherdig prøver å løyse den krevjande oppgåva, pratar gutane om kva dei skal finne på saman i sommarferien, og dei verkar ikkje særleg interesserte i å bidra i gruppearbeidet. Før situasjonen var dei i kantina for å ete lunsj sidan det var storefri.
Skriv heller dette:
På biletet ser vi Sandra, Lisa, Markus og Sebastian. Dei jobbar med eit gruppearbeid i matte. Læraren har gitt dei ei oppgåve. Oppgåva er vanskeleg, men Sandra og Lisa prøver å løyse ho. Dei jobbar godt saman, fordi dei er gode venninner. Markus og Bastian pratar om ferieplanar og jobbar ikkje. Før situasjonen hadde dei ein lang pause og åt i kantina.
Før du leverer
Gå nøye gjennom tekstane dine før du leverer. Det kan du tene mykje på!
Innhald og lengde
Er innhaldet relevant? Har du svart på alle punkta?
Har du rett antal ord? Bør du legge til noko?
Språk
Sjekk betydninga av ord du er usikker på. Har du valt rett ord i ordboka? Er det rett ordklasse (verb, substantiv, adjektiv og så vidare)?
Er språket og ordtilfanget variert nok?
Varier måten setningane i teksten startar på. Du kan begynne ei setning med personleg pronomen, verb, tidsuttrykk, stadsuttrykk eller òg med eit bindeord.
Unngå òg å gjenta same ord fleire gonger etter kvarandre. Prøv til dømes å finne synonym for adjektiv som bueno eller interesante for å skape meir variasjon.
Hugs at vi ofte utelet personlege pronomen (yo, tú og så vidare) på spansk. Det er ikkje feil å bruke personlege pronomen i ei setning, men språket kan verke litt omstendeleg, unaturleg og tungt når vi bruker mange av dei.
Har du brukt tekstbinding? Bindeord skaper logisk samanheng i teksten din og gjer det lettare for lesaren å forstå kva du vil seie. Vi bruker bindeord for å rekne opp, samanlikne, få fram motsetningar, vise årsakssamanhengar og lage rekkefølge. I boksen nedanfor finn du nokre forslag til bindeord du kan bruke når du skriv.
Grammatikk
Sjekk grammatikken! Gå gjennom setning for setning utan å tenke mykje på innhaldet. På den måten kan du fokusere meir på det reint språklege.
Finn substantiva. Har du brukt rett kjønn og tal? Hugs at artikkelen (el/la, los/las, un/una) må samsvare med substantivet.
Sjekk adjektiva. Har du bøygd dei i kjønn og tal? Står dei på rett stad i setninga? Hugs at adjektiv vanlegvis står bak substantivet dei beskriv.
Sjå på verba.
Er verbet bøygd i samsvar med subjektet (person og tal)?
Hugs at vi ikkje har eit synleg subjekt når vi utelet personleg pronomen i ei setning. Her må du sjekke ekstra nøye at du har rett ending på verbet.
Er verbet bøygd i rett tid (notid/fortid/framtid)? Hugs at spansk har to preteritumsformer.
Spansk har to ulike verb for det norske "å vere": ser og estar. Har du valt rett verb? Hugs òg at "det finst" / "det er" er på spansk hay.
Madrid es la capital de España. (Madrid er hovudstaden i Spania.)
Juan está en Madrid. (Juan er i Madrid.)
En Madrid hay muchos museos. (I Madrid er det / finst det mange museum.)
På norsk, særleg bokmål, kan vi legge ein s på substantivet for å uttrykke eigeforhold, til dømes "Anas bursdag" eller "Manuels bil". Det kan vi ikkje gjere på spansk. Her må vi bruke preposisjonen de:
el cumpleaños de Ana (bursdagen til Ana / Anas bursdag)
el coche de Manuel (bilen til Manuel / Manuels bil)