På vidaregåande skule blir du stilt overfor viktige framtidsval. Du skal velje mellom ulike fag og programområde, og kva slags jobb eller høgare utdanning du skal søke på når du er ferdig. Utforsk dei ulike valmoglegheitene du har, saman med dei andre elevane i klassen.
Nedanfor har vi samla nokre forslag til oppgåver de kan jobbe med for å få informasjon om yrkes- og utdanningsval. Oppgåvene er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så det kan passe godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har òg laga eit forslag til progresjon som eignar seg viss de vil jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga, men fullt mogleg å velje ut berre éi eller to økter de vil jobbe med.
Før du skal velje kva du vil bli, kan det vere lurt å reflektere over kva slags jobb du verkeleg ønsker. I denne økta skal de utforske og reflektere over kva som er ein meiningsfull jobb. Følg lenka under.
Det kan vere vanskeleg å velje yrke og utdanning. I denne økta skal du få tips til korleis du kan finne relevante yrke og utdanningar, og reflektere over kva som passar for deg.
Det finst mange ulike yrke og utdanningar du kan velje mellom. I denne økta skal du utforske ulike yrkes- og utdanningsval. Du kan velje mellom to ulike måtar å utforske aktuelle jobbar og utdanningsretningar på:
I oppgåve A skal du gjennomføre ei øving som ved hjelp av kunstig intelligens, gir deg forslag til yrke og utdanningar som er baserte på interessene dine.
I oppgåve B kan du velje mellom ulike yrkesportrett og videoar og reflektere over dei.
Samanlikn dei ulike yrka og utdanningane du tenker er mest aktuelle, på nettsida utdanning.no. Kva er fordelane og ulempene med dei ulike yrka og utdanningane?
Diskuter det du har utforska med den du sit ved sida av. Er yrka og utdanningane du fekk tips om, aktuelle for deg? Kvifor? Kvifor ikkje?
Oppgåve B: Utforsk ulike yrkesportrett
Utforsk minst to eller tre yrkesportrett om dei yrka som verkar mest spennande for deg:
I første klasse på vidaregåande skule skal mange velje program for vg2. I denne økta kan du utforske nokre av mogelegheitene du har når du vel studiespesialisering, og når du vel yrkesfag.
Fagval på studiespesialisering
Etter det første året på vidaregåande, skal du velje program og programfag. I denne oppgåva kan du utforske kva moglegheiter du har.
Finn ut kva for programfag som blir tilbodne på skulen din. Du kan til dømes spørje læraren eller sjekke på nettsida til skulen. Vel deretter minst tre programfag du synest høyrast spennande ut.
Vel deretter to eller tre programområde du har lyst til å undersøke nærare.
Undersøk om dei aktuelle programområda blir tilbodne ved skulen din. Du kan høyre med læraren din eller trykke på det aktuelle programområdet og deretter på "Finn skoler" for å sjå kva for skular som tilbyr det.
Når du har funne nokre programområde du vil undersøke nærare, kan du trykke på "Les mer om programmet". Du kan òg utforske dei ulike mogelegheitene for det tredje året og lese meir om dei. Fleire av dei ulike programområda har yrkesbeskrivingar og yrkesintervju. Desse kan du òg finne ved å skrive inn yrket i søkefeltet øvst på sida.
Skriv til slutt ei kort liste over dei programområda som er mest aktuelle for deg saman med ei kort grunngiving.
Diskuter lista di med ein annan elev. Kva tenker de er fordelane og ulempene med dei ulike programområda?
Det finst mange ulike studiemoglegheiter etter vidaregåande. I denne økta skal du utforske kva for studiemoglegheiter du har.
Vel minst to av boksane under. Bruk lenkene til å utforske ulike utdanningsmoglegheiter, og vel minst tre alternative utdanningar som kan vere aktuelle for deg.
Diskuter alternativa du har valt med ein annan elev. Kva er fordelane og ulempene med desse utdanningsalternativa?
Diskuter til slutt kva som er viktigast å legge vekt på når ein skal velje utdanning. Bli gjerne einige om to eller tre konkrete tips.
Seks trinn til val av utdanning
På denne nettsida finn du tips til korleis du kan gå fram for å velje ei utdanning som er rett for deg: