Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Tema: Psykisk helse

Korleis har du det – eigentleg? Psykisk helse handlar om tankane og kjenslene dine, om du har det bra med deg sjølv og menneska rundt deg, og om du taklar utfordringane du møter i kvardagen. Lær meir om psykisk helse, og få tips til korleis du kan ta vare på den psykiske helsa di på ein god måte.

Nedanfor har vi samla eit forslag til oppgåver de kan jobbe med for å lære meir om psykisk helse. Forslaga er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så dei eignar seg godt til å jobbe med i klassens time. Vi har laga eit forslag til progresjon som passar viss de ønsker å jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga. Nokre av øktene er overlappande, så de kan godt velje éin eller to økter og jobbe berre med desse.

Til læraren

Her er nokre tips til korleis du som lærar kan snakke om psykisk helse:

Artikkel: Korleis kan du som lærar jobbe med psykisk helse i klasserommet?

Økt 1: Kva er psykisk helse?

Vi har alle ei psykisk helse. Men kva betyr det eigentleg å ha ei god eller dårleg psykisk helse? I denne oppgåva skal de reflektere over kva psykisk helse er, sjå ein kort film om temaet og diskutere psykisk helse med dei andre elevane i klassen. Du finn filmen og oppgåvene ved å følge lenka under.

Oppgåve: Den psykiske helsa vår

Tips til førebuingar

Før klassen startar på oppgåva, kan læraren eller elevane lese artikkelen "Kva er psykisk helse?"

Økt 2: Podkast om psykisk helse

Lær meir om psykisk helse. I denne økta skal de lytte til ein podkast med komikar Jonis Josef og psykolog Magnus Nordmo og reflektere over kva psykisk helse er. I tillegg skal de diskutere korleis vi kan ta vare på den psykiske helsa vår på ein god måte.

Oppgåve: Kva veit eg? Psykisk helse

Tips til førebuingar

Før klassen diskuterer korleis vi kan ta vare på den psykiske helsa vår, kan læraren eller elevane lese artikkelen "Korleis kan eg ta vare på den psykiske helsa mi?"

Økt 3: Psykiske plager og psykiske lidingar

Kva er forskjellen på psykiske plager og psykiske lidingar? I denne økta skal de sjå ein film om psykiske plager og psykiske lidingar og reflektere over forskjellane. Gjer oppgåve 1 og 2. Viss det blir meir tid, kan de òg gjere oppgåve 3. Du finn filmen og oppgåvene ved å følge lenka under.

Oppgåve: Psykiske plager og psykiske lidingar

Økt 4: Korleis veit vi at ein relasjon ikkje er bra for oss?

Menneska rundt oss kan påverke den psykiske helsa vår på godt og vondt, men korleis kan vi vite om ein sosial relasjon er bra for oss eller ikkje? I denne økta skal de først sjå ein film om gode og dårlege relasjonar. Så skal de reflektere over kva de kan gjere viss de sjølv eller nokon de kjenner, er i ein dårleg relasjon. Du finn filmen og oppgåvene ved å følge lenka under.

Oppgåve: Korleis veit vi at ein relasjon ikkje er bra for oss?

Økt 5: Korleis vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg?

Mange ungdommar møter på utfordringar i løpet av ungdomstida. Det er ikkje alltid lett å vite korleis du kan støtte ein som slit, og gjere det på ein god måte. I denne økta skal de sjå ein film om korleis de kan støtte nokon som har det vanskeleg, og reflektere over ulike ting du og dei rundt deg kan gjere. Du finn filmen og oppgåvene ved å følge lenka under.

Oppgåve: Korleis vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg?


Desse oppgåvene er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 07.04.2026