Tema: Dialog i demokratiet
Dialog i demokratiet
"Dialog i demokratiet" frå Nobels Fredssenter er ein fleksibel undervisningsressurs som kan gjennomførast éin gong, eller brukast fleire gonger viss du vil jobbe grundigare med klassen sine dialogiske ferdigheiter over tid. Kvar økt gir deg som lærar anledning til å ta nokre val, slik at du får ulikt innhald kvar gong, og kan tilpasse opplegget til klassen din.
I dette undervisningsopplegget får elevane trene på ferdigheiter som styrkar både fellesskapen og demokratiet, som å lytte med openheit, vise kvarandre respekt og bidra til at alle kjenner seg inkluderte.
Du står fritt til å mikse og matche element, til dømes ved å bruke dialogøvingane og dialogplakaten som eit eige fordjupingstema.
Eit opplegg over to økter
Opplegget kan i si enklaste form leggast opp slik:
Økt 1: Økta gir ei innføring i dialog og inneheld fem dialogøvingar. Du vel éi av dei.
Økt 2: Økta viser ungdomspolitikarar i dialog med kvarandre om politiske tema. Etter gjennomgangen lar du elevane bruke det dei har lært i eigne dialogar.
Opplegget er utvikla av Nobels Fredssenter, det er forankra i LK20 og forsking, og bygger på erfaringar frå fredsprisvinnarar og arbeidet deira for forståing, respekt og fellesskap.
Du finn heile opplegget her: Nobels Fredssenter: Dialog i demokratiet