Hopp til innhald
Nynorsk
Spel
Video

Krise!

Kva gjer du når ei alvorleg krise oppstår? I dette spelet skal de jobbe i grupper med å løyse problem som oppstår i ei langvarig krise. Klarer de å overleve? Blir krisa alvorleg for dykk?

Om spelet

Her finn du det du treng for å gjennomføre spelet Krise! Det tek cirka 60 minutt å spele spelet. I tillegg bør du setje av 20–30 minutt til debrif.

Målet med spelet er at elevane skal få oppleve korleis det er å stå i ei krise, og få erfare at god beredskap og førebuing nyttar.

Sjølve spelet blir styrt av ein video (sjå under) som tek elevane gjennom utviklinga i eit krisescenario. Oppgåver skal løysast i grupper undervegs ved hjelp av konvoluttar med kort og diskusjonsoppgåver. Elevane får instruksjonar frå videoen om når dei skal opne dei ulike konvoluttane.

Bestill spelkort

Spelet er laga i samarbeid med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Du kan bestille spelkort frå DSB ved å sende e-post til trykksak@dsb.no.

Spelet kan òg gjennomførast ved å skrive ut og klippe ut spelkort sjølv (sjå pdf-filer lenger ned).

Førebuingar

For å gjennomføre spelet må det gjerast nokre førebuingar.

Før timen

  1. Finn ut kor mange grupper de blir. Vi tilrår tre–fire elevar per gruppe og maks åtte grupper.

  2. Du treng fem konvoluttar per gruppe. Konvoluttane skal ha følgande namn:

    • 1: Ressursar

    • 2: Dag 2

    • 3: Dag 4

    • 4: Dag 6

    • 5: Dag 7

  3. Skriv ut pdf-fila med kort og klipp ut korta (viss du ikkje har bestilt kort frå DSB).

  4. Skriv ut pdf-fila med diskusjonsoppgåver.

  5. Legg kort og skjema i rette konvoluttar. Korta er markerte med kva konvolutt dei skal leggast i.

Gjennomføring utan fysiske kort

Viss det er vanskeleg å gjennomføre spelet med fysiske kort, kan du dele lenkene under med dei ulike gruppene. Der finn dei alt dei treng for å gjennomføre spelet.

I timen

Del inn i grupper og be elevane setje seg rundt bordet som tilhøyrer gruppa deira.

Del ut konvoluttane. Elevane får beskjed om når dei skal opne dei ulike konvoluttane.

Tips til læraren

For å skape litt ekstra stemning kan du

  • be elevane legge bort mobiltelefonar og pc-ar før de begynner

  • tenne telys som gruppene kan ha på pultane sine under spelet

  • skru av lyset når straumen går i forteljinga, og la det vere av under spelet

  • skru lyset på igjen når de kjem til dag 7

Nokre av gruppene vil truleg trenge litt rettleiing undervegs, til dømes når det gjeld kva som er realistisk forbruk for ein familie.

Spel Krise!

Når du set på filmen (lengde 50:31), er spelet i gang. Filmen styrer gongen i spelet. Det er lagt inn periodar der gruppene skal jobbe sjølvstendig mens ei klokke tel ned. Når det skjer noko nytt i spelet, høyrer de eit signal.

Viss gruppene ikkje får med seg at noko nytt skjer i spelet, må du setje filmen på pause og få alle si merksemd før du set i gang filmen igjen.

Når filmen er ferdig, bør de gjennomføre ein debrif. Denne er det læraren som styrer. Du finn forslag til kva de kan snakke om i debrifen, lenger ned.

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Debrif

Samanfatt erfaringane felles i klassen. De kan til dømes gå gjennom dei ulike områda først og så reflektere meir generelt rundt kriser og beredskap.

  • På kva område fekk de problem først?

  • Kva blei det største problemet i løpet av veka?

  • Kva kunne de gjort annleis på førehand for å vere betre førebudd?

  • Kva ville vore annleis viss de hadde hatt desse tinga?

  • Kva for problem ville uansett oppstått?

  • Var det noko som overraska dykk, som de ikkje hadde tenkt på kunne bli eit problem?

  • Når begynte de å rasjonere? Ville de begynt å rasjonere like tidleg ved eit straumbrot i verkelegheita?

Beredskapslekse

Sjå filmen under (lengde 3:16) med dei nyaste råda om eigenberedskap frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

Video: DSB / Avgrensa gjenbruk

Set opp ei liste med tre enkle tiltak de kan gjere i løpet av éi veke for å forbetre eigenberedskapen heime. Ta gjerne opp igjen dette etter ei veke og del kva de har gjort.

Vidare utforsking

Du finn fleire råd og tips til korleis du enkelt kan førebygge uhell heime hos deg sjølv på DSB si nettside "Sikker hverdag". Her er òg tips til korleis du kan bli betre rusta til å takle litt større krisar og hendingar.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen og Elin Orre.
Sist oppdatert 10.04.2026