Krise! Gruppe 1
Ressursar
Vatn
50 liter vatn på kanner
Mat
1 pakke knekkebrød
Middagsrestar
5 boksar middagshermetikk
1 kilo pasta
Litt frukt og grønsaker
Sjokolade
Yoghurt
Inga moglegheit for matlaging utan straum
Varme
2 soveposar
Pledd
Dyner
Inga varmekjelde utan straum
Lys
1 pakke stearinlys
Fyrstikker
1 lommelykt med batteri
Informasjon
DAB-radio med batteri
2 nødladarar
Papirliste med viktige telefonnummer
Kart
Helse og hygiene
Førstehjelpsutstyr
12 dorullar
1 flaske handsprit
Våtserviettar
Verkelegheitssjekk
Ein familie treng mykje vatn kvar dag – cirka 3 liter per person til drikke, mat og hygiene.
Alle treng mat kvar dag for å fungere – for lite mat over tid tærer på kroppen.
Utan straum blir huset raskt kaldt og mørkt. For å halde eit rom varmt kan det gå med 1–2 sekker ved eller éin gassbehaldar per døgn. Lys og batteri varer heller ikkje evig.
Dag 2
Diskuter
Kva et de først? Kva sparer de på?
Korleis planlegg de å bruke den behaldninga de har, av vatn og anna drikke?
Korleis prøver de å finne ut kva som skjer?
Status etter dag 2
Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?
Tips
Samle familien i eitt rom. Bruk soveposar, teppe og dyner – og heng teppe framfor dører og vindauge for å minske varmetap.
Joker
På radioen høyrer de at straumbrotet har skjedd på grunn av veret. Styresmaktene gjer alt dei kan, men innbyggarane kan måtte vere utan straum i fleire dagar framover.
Dag 4
Diskuter
Korleis handterer de hygiene?
Korleis held de varmen, og kva gjer de når det blir mørkt?
Korleis kan de kommunisere med andre når det ikkje er dekning eller internett?
Status etter dag 4
Kor mange mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?
Tips
Snakk med naboane om de kan hjelpe kvarandre og dele på ressursar.
Joker
På radioen høyrer de at kommunen har oppretta eit informasjonspunkt der innbyggarane kan få hjelp.
Dag 6
Diskuter
Korleis kan de bruke ressursane de har igjen, på ein best mogleg måte?
Korleis held de humøret og samhaldet oppe i familien?
Kva kan de dele med naboane – og kva treng de hjelp til?
Status etter dag 6
Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?
Tips
Hald motet oppe. Spel spel, syng songar eller fortel historier saman. Små aktivitetar gir varme og betre humør.
Joker
På radioen høyrer de at arbeidet med å gjenopprette straumforsyninga snart er i mål.
Dag 7
Diskuter
Kva var det største problemet undervegs?
Kva brukte de opp først – og kva hadde de nok av?
Korleis samarbeidde de med andre?
Kva kunne de gjort annleis for å vere betre førebudde?