Hopp til innhald
Nynorsk

Krise! Gruppe 5

Her finn de det som trengst i gruppa for å gjennomføre spelet Krise! Ikkje opne boksane før de får beskjed om det.

Ressursar

Vatn

  • 50 liter vatn på kanner

Mat

  • 1 pakke knekkebrød

  • Middagsrestar

  • 5 boksar middagshermetikk

  • 1 kilo pasta

  • Litt frukt og grønsaker

  • Sjokolade

  • Yoghurt

  • Inga moglegheit for matlaging utan straum

Varme

  • 2 soveposar

  • Pledd

  • Dyner

  • Inga varmekjelde utan straum

Lys

  • 1 pakke stearinlys

  • Fyrstikker

  • 1 lommelykt med batteri

Informasjon

  • DAB-radio med batteri

  • 2 nødladarar

  • Papirliste med viktige telefonnummer

  • Kart

Helse og hygiene

  • Førstehjelpsutstyr

  • 12 dorullar

  • 1 flaske handsprit

  • Våtserviettar

Verkelegheitssjekk

  • Ein familie treng mykje vatn kvar dag – cirka 3 liter per person til drikke, mat og hygiene.

  • Alle treng mat kvar dag for å fungere – for lite mat over tid tærer på kroppen.

  • Utan straum blir huset raskt kaldt og mørkt. For å halde eit rom varmt kan det gå med 1–2 sekker ved eller éin gassbehaldar per døgn. Lys og batteri varer heller ikkje evig.

Dag 2

Diskuter

Kva et de først? Kva sparer de på?

Korleis planlegg de å bruke den behaldninga de har, av vatn og anna drikke?

Korleis prøver de å finne ut kva som skjer?

Status etter dag 2

Kor mange mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?

Tips

Samle familien i eitt rom. Bruk soveposar, teppe og dyner – og heng teppe framfor dører og vindauge for å minske varmetap.

Joker

På radioen høyrer de at straumbrotet har skjedd på grunn av veret. Styresmaktene gjer alt dei kan, men innbyggarane kan måtte vere utan straum i fleire dagar framover.

Dag 4

Diskuter

Korleis handterer de hygiene?

Korleis held de varmen, og kva gjer de når det blir mørkt?

Korleis kan de kommunisere med andre når det ikkje er dekning eller internett?

Status etter dag 4

Kor mange mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?

Tips

Snakk med naboane om de kan hjelpe kvarandre og dele på ressursar.

Joker

På radioen høyrer de at kommunen har oppretta eit informasjonspunkt der innbyggarane kan få hjelp.

Dag 6

Diskuter

Korleis kan de bruke ressursane de har igjen, på ein best mogleg måte?

Korleis held de humøret og samhaldet oppe i familien?

Kva kan de dele med naboane – og kva treng de hjelp til?

Status etter dag 6

Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?

Tips

Hald motet oppe: Spel spel, syng songar eller fortel historier saman. Små aktivitetar gir varme og betre humør.

Joker

På radioen høyrer de at arbeidet med å gjenopprette straumforsyninga snart er i mål.

Dag 7

Diskuter

Kva var det største problemet undervegs?

Kva brukte de opp først – og kva hadde de nok av?

Korleis samarbeidde de med andre?

Kva kunne de gjort annleis for å vere betre førebudde?

Skrive av Elin Orre og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 19.09.2025