Krise! Gruppe 8
Ressursar
Vatn
Ikkje noko vatn på lager
4 flasker brus
2 liter mjølk
Mat
3 pakkar knekkebrød
1 kilo ris
8 suppeposar
Pålegg (både romtemperert og kaldt)
12 egg
Frukt og grønsaker
12 boksar middagshermetikk
Kjøtt og grønsaker i frysar
Frukostblanding
Stormkjøkken med gass
Varme
Pledd
Dyner
Inga varmekjelde utan straum
Lys
4 stearinlys
Fyrstikker
1 lommelykt
Informasjon
DAB-RADIO med sveiv
3 nødladarar
Papirliste med viktige telefonnummer
Helse og hygiene
1 pakke plaster
12 dorullar
Våtserviettar
Verkelegheitssjekk
Ein familie treng mykje vatn kvar dag – cirka 3 liter per person til drikke, mat og hygiene.
Alle treng mat kvar dag for å fungere – for lite mat over tid tærer på kroppen.
Utan straum blir huset raskt kaldt og mørkt. For å halde eit rom varmt kan det gå med 1–2 sekker ved eller éin gassbehaldar per døgn. Lys og batteri varer heller ikkje evig.
Dag 2
Diskuter
Kva et de først? Kva sparer de på?
Korleis planlegg de å bruke behaldninga de har, av vatn og anna drikke?
Korleis prøver de å finne ut kva som skjer?
Status etter dag 2
Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?
Tips
De kan vurdere å samle vatn frå tak, elv eller ferskvatn, og bruke det til til dømes reingjering eller kroppsvask.
Joker
På radioen høyrer de at straumbrotet har skjedd på grunn av veret. Styresmaktene gjer alt dei kan, men innbyggarane kan måtte vere utan straum i fleire dagar framover.
Dag 4
Diskuter
Korleis handterer de hygiene?
Korleis held de varmen, og kva gjer de når det blir mørkt?
Korleis kan de kommunisere med andre når det ikkje er dekning eller internett?
Status etter dag 4
Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?
Tips
Samle familien i eitt rom. Bruk soveposar, teppe og dyner – og heng teppe framfor dører og vindauge for å minske varmetap.
Joker
På radioen høyrer de at kommunen har oppretta eit informasjonspunkt der innbyggarane kan få hjelp.
Dag 6
Diskuter
Korleis kan de bruke ressursane de har igjen på ein best mogleg måte?
Korleis held de humøret og samhaldet oppe i familien?
Kva kan de dele med naboane – og kva treng de hjelp til?
Status etter dag 6
Kor mange fleire dagar rekk vatna de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?
Tips
Hald humøret oppe. Spel kort, syng eller fortel historier saman. Små ting gir samhald og betre stemning.
Joker
På radioen høyrer de at arbeidet med å gjenopprette straumforsyninga snart er i mål.
Dag 7
Diskuter
Kva var det største problemet undervegs?
Kva brukte de opp først – og kva hadde de nok av?
Korleis samarbeidde de med andre?
Kva kunne de gjort annleis for å vere betre førebudde?