Krise! Gruppe 2
Ressursar
Vatn
20 liter vatn lagra på kanner
Mat
1 pakke knekkebrød
Pålegg (både romtemperert og kaldt)
1 kilo ris
Litt frukt og grønsaker
3 boksar middagshermetikk
Yoghurt
Stormkjøkken (lite gass igjen)
Varme
Vedomn
3 sekkar ved
4 soveposar
Pledd
Dyner
Lys
12 stearinlys
Fyrstikker
2 lommelykter
Ekstra batteri
Informasjon
Ingen radio
Ingen nødladarar
Helse og hygiene
Førstehjelpsutstyr
Legemiddel
24 dorullar
1 flaske handsprit
Våtserviettar
Verkelegheitssjekk
Ein familie treng mykje vatn kvar dag – cirka 3 liter per person til drikke, mat og hygiene.
Alle treng mat kvar dag for å fungere – for lite mat over tid tærer på kroppen.
Utan straum blir huset raskt kaldt og mørkt. For å halde eit rom varmt kan det gå med 1–2 sekkar ved eller éin gassbehaldar per døgn. Lys og batteri varer heller ikkje evig.
Dag 2
Diskuter
Kva et de først? Kva sparer de på?
Korleis planlegg de å bruke den behaldninga de har, av vatn og anna drikke?
Korleis prøver de å finne ut kva som skjer?
Status etter dag 2
Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?
Tips
Bilen kan brukast til å høyre på radioen og lade mobilen, så lenge han har straum eller drivstoff.
Joker
De finn ein konvolutt med 2000 kroner i kontantar i ein skuff de hadde gløymd.
Dag 4
Diskuter
Korleis handterer de hygiene?
Korleis held de varmen, og kva gjer de når det blir mørkt?
Korleis kan de kommunisere med andre når det ikkje er dekning eller internett?
Status etter dag 4
Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?
Tips
Bruk veden smart. Fyr berre i korte periodar, og steng andre rom for å spare varme.
Joker
De finn ein ekstra gassbehaldar til stormkjøkkenet.
Dag 6
Diskuter
Korleis kan de bruke ressursane de har igjen på ein best mogleg måte?
Korleis held de humøret og samhaldet oppe i familien?
Kva kan de dele med naboane – og kva treng de hjelp til?
Status etter dag 6
Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?
Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?
Tips
Hald humøret oppe. Spel kort, syng eller fortel historier saman. Små ting gir samhald og betre stemning.
Joker
De finn ein dunk med 5 liter vatn bakarst i bua.
Dag 7
Diskuter
Kva var det største problemet undervegs?
Kva brukte de opp først – og kva hadde de nok av?
Korleis samarbeidde de med andre?
Kva kunne de gjort annleis for å vere betre førebudd?