Hopp til innhald
Nynorsk

Krise! Gruppe 7

Her finn de det som trengst i gruppa for å gjennomføre spelet Krise! Ikkje opne boksane før de får beskjed om det.

Ressursar

Vatn

  • 10 liter lagra på kanner

Mat

  • 2 pakkar knekkebrød

  • 1 kilo ris

  • Pålegg (både romtemperert og kaldt)

  • Litt frukt og grønsaker

  • 8 boksar middagshermetikk

  • Kjøtt i frysaren

  • Yoghurt

  • Grill med propangass

Varme

  • Gassomn

  • 2 gassbehaldarar

  • Vedomn

  • 3 sekker ved

  • Pledd og dyner

Lys

  • 12 stearinlys

  • Fyrstikker

  • 4 lommelykter

  • Ekstra batteri

Informasjon

  • Ingen radio

  • Ingen nødladarar

Helse og hygiene

  • Førstehjelpsutstyr

  • 18 dorullar

  • Våtserviettar

  • 1 flaske handsprit

Verkelegheitssjekk

  • Ein familie treng mykje vatn kvar dag – cirka 3 liter per person til drikke, mat og hygiene.

  • Alle treng mat kvar dag for å fungere – for lite mat over tid tærer på kroppen.

  • Utan straum blir huset raskt kaldt og mørkt. For å halde eit rom varmt kan det gå med 1–2 sekker ved eller éin gassbehaldar per døgn. Lys og batteri varer heller ikkje evig.

Dag 2

Diskuter

Kva et de først? Kva sparer de på?

Korleis planlegg de å bruke behaldninga de har, av vatn og anna drikke?

Korleis prøver de å finne ut kva som skjer?

Status etter dag 2

Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?

Tips

I kriser er det viktig at de får informasjon frå styresmaktene om kva som skjer, og kva de bør gjere.

Joker

De får tilgang på straumaggregat i 2 timar.

Dag 4

Diskuter

Korleis handterer de hygiene?

Korleis held de varmen, og kva gjer de når det blir mørkt?

Korleis kan de kommunisere med andre når det ikkje er dekning eller internett?

Status etter dag 4

Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?

Tips

Snakk med naboane om de kan hjelpe kvarandre og dele på ressursar.

Joker

De finn ein konvolutt med 2000 kroner i kontantar i ein skuff de hadde gløymd.

Dag 6

Diskuter

Korleis kan de bruke ressursane de har igjen på ein best mogleg måte?

Korleis held de humøret og samhaldet oppe i familien?

Kva kan de dele med naboane – og kva treng de hjelp til?

Status etter dag 6

Kor mange fleire dagar rekk vatnet de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk maten de har igjen?

Kor mange fleire dagar rekk veden eller varmekjeldene de har igjen?

Tips

De kan vurdere å samle vatn frå tak, elv eller ferskvatn, og bruke det til til dømes reingjering eller kroppsvask.

Joker

De finn eit gammalt brettspel i bua – noko å gjere saman som får opp humøret.

Dag 7

Diskuter

Kva var det største problemet undervegs?

Kva brukte de opp først – og kva hadde de nok av?

Korleis samarbeidde de med andre?

Kva kunne de gjort annleis for å vere betre førebudde?

Skrive av Elin Orre og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 19.09.2025