Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Mekaniske målemetodar

Fagstoff

Tolkar

Tolkar er presisjonsverktøy som blir brukte for å kontrollere om ein komponent ligg innanfor fastsette toleransegrenser. I motsetning til måleinstrument som viser eksakte verdiar, gir tolkar eit klart svar: Delen er godkjend eller ikkje.

Fagomgrep

toleranse
tillate avvik frå eit nominelt mål
go/no-go-prinsipp
kontrollsystem som stadfestar om ein del er innanfor eller utanfor spesifikasjonane
kalibrering
kontroll av at tolken held rett dimensjon over tid
grenstolk
tolk med to grenseverdiar: éin for minste og éin for største tillatne mål

Kva er tolkar?

Ein tolk er eit fast måleverktøy som blir brukt til å kontrollere aksept eller avvik utan å vise nøyaktige mål. I staden stadfestar han om ein del oppfyller krava i teikninga, basert på definerte toleransar (tillatne avvik frå nominelt mål).

Tolkar blir brukte både til mekaniske komponentar, gjenge, hol og akslar, og dei er ofte laga av herda stål for å tole gjenteken bruk.

Bruken er enkel: Viss delen passar i go-tolken, men ikkje i no-go-tolken, er han godkjend.

Typar tolkar og bruksområda deira

1. Gjengetolkar

Gjengetolkar blir brukte til å kontrollere indre og ytre gjenge, til dømes i mutrar og boltar.

Ein gjengetolk blir testa på bolten – den eine enden (go) skal kunne skruast inn, mens den andre (no-go) ikkje skal passe.

Dette sikrar at gjenget er produsert med riktig profil og stigning.

Døme

Ved produksjon av M12-boltar blir ein gjengeringtolk brukt for å sjekke at gjenget passar perfekt før delane blir sende vidare til montering.

2. Plugg- og ringtolkar

Plugg- og ringtolkar blir brukte for å kontrollere indre og ytre diameter.

  • Med ein pluggtolk kontrollerer vi hol – go-enden skal passe inn, no-go-enden skal ikkje.

  • Med ein ringtolk kontrollerer vi akslar – akselen skal passe i ringen frå go-sida, men ikkje frå no-go-sida på tolken.

Desse blir ofte brukte i serieproduksjon for å verifisere at hol og akslar er maskinerte innanfor spesifikasjonane, utan behov for manuell måling.

Døme

Ein operatør bruker plugg- og ringtolkar for å kontrollere passforma mellom ein aksel og eit lagerhus.

3. Grenstolkar (go/no-go)

Dette er den vanlegaste typen i industrien.

Ein grenstolk kan ha to sider eller endar – den eine er merkt "go", og den andre er merkt "no-go".

  • Go-enden skal gli lett inn eller rundt delen.

  • No-go-enden skal ikkje passe dersom delen er riktig produsert.

Denne enkle kontrollmetoden gjer det mogleg å sjekke store mengder delar raskt, utan å lese av måleverdiar.

Døme

På lastebilar er det eit kontrollpunkt på hengarfeste ved periodisk køyretøykontroll, der det blir brukt ein U-forma tolk som har same dimensjon som minstemålet. Dersom tolken ikkje går inn på kula, har ho godkjent slitasje, men viss tolken går inn på kula, er kula sliten til under minstemål. Dette er ei enkel, men likevel nøyaktig måling.

Det same blir gjort på sjølve auget på festet til tilhengaren, men der blir det brukt ein tapp som ikkje skal gå ned i holet.

Fordelar med tolkar

  • Rask kontroll: Bruk av tolkar er ideelt for masseproduksjon og seriearbeid.

  • Tydeleg resultat: Delane blir godkjende eller forkasta med ein gong.

  • Ingen avlesingsfeil: Risikoen for operatørfeil blir redusert.

  • Lang levetid: Ein får solide og stabile måleinnretningar laga i herda stål eller hardmetall.

Avgrensingar ved bruk av tolkar som måleverktøy

  • Gir ingen måleverdi: Ein veit ikkje kor mykje delen avvik frå toleransen.

  • Slitasje over tid: Tolkar krev regelmessig kalibrering for å bevare nøyaktigheita.

  • Avgrensa fleksibilitet: Kvar tolk passar berre til éin dimensjon eller toleranseklasse.

Døme på bruk

I ei produksjonslinje for motorblokker blir plugg- og ringtolkar brukte til å kontrollere lagerseter og akselhol.

For kvart femte produkt tek operatøren ei kontrollmåling:

  • Go-tolken skal passe lett.

  • No-go-tolken skal stoppe.

Resultata blir dokumenterte i målerapporten for å sikre sporbarheit og kvalitet.

Refleksjonsspørsmål

  1. Kvifor er tolkar meir effektive enn mikrometer ved serieproduksjon?

  2. Kva er forskjellen mellom go- og no-go-enden på ein grenstolk?

  3. Kvifor må tolkar kalibrerast jamleg?

  4. Kva konsekvensar kan feil bruk av tolkar få for produktkvaliteten?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 25.02.2026