Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Mekaniske målemetodar

Fagstoff

Feilkjelder i mekanisk måling

Sjølv med dei mest presise måleinstrumenta kan måleresultatet bli feil viss vi ikkje tek omsyn til ulike feilkjelder. Mekanisk måling krev både teknisk forståing og nøyaktig arbeidsteknikk. Små feil kan få store konsekvensar i produksjon, montering eller kvalitetskontroll.

Kva er ei feilkjelde?

Ei feilkjelde er alt som kan påverke måleresultatet slik at det ikkje stemmer med den faktiske verdien. I mekanisk måling handlar det om å identifisere, forstå og redusere slike feil for å sikre presisjon, repeterbarheit og pålitelegheit.

Dei vanlegaste feilkjeldene er brukaren, instrumentet og omgivnadene. Nedanfor kan du lese meir om dei vanlegaste feilkjeldene.

1. Brukarfeil

Måleinstrument krev nøyaktig og stabil handtering. Feil teknikk, skeive vinklar eller for mykje trykk på instrumentet kan gi store måleavvik.

Skyvelære og mikrometer må alltid haldast vinkelrett mot arbeidsstykket og med jamn målekraft.

Døme

Ein operatør pressar mikrometeret for hardt mot arbeidsstykket. Dette deformerer metallet svakt og gir eit mål som er 0,02 mm for lite.

Korleis unngå brukarfeil?

  • Tren på rett måleteknikk.

  • Bruk måleinstrumentet med lett, jamt trykk.

  • Sørg for rett vinkel og stabil arbeidsflate.

2. Temperaturutviding

Alle metall utvidar seg når temperaturen aukar, og trekker seg saman når det blir kaldt. Dette gjeld både måleobjektet og instrumentet. Derfor skal presisjonsmålingar bli utførte ved referansetemperaturen 20 °C.

Døme

Ein stålkomponent blir målt til 100,05 mm på ein varm verkstad (30 °C).

Ved normal temperatur (20 °C) krympar han til 100,00 mm – ein forskjell som kan bety at delen blir forkasta eller feilmontert.

Korleis unngå temperaturfeil?

  • Utfør målingar i tempererte rom (20 °C).

  • La arbeidsstykket og måleverktøyet tilpasse seg romtemperaturen.

Noter temperatur i målerapportar ved behov.

3. Slitasje

Over tid vil måleflater, gjenge og bevegelege delar i instrument bli slitne. Dette kan føre til feil mål, spesielt ved hyppig bruk utan .

Eit skyvelære med slitne målekjevar kan vise for små mål, mens ein mikrometerskrue med slark gir ujamn presisjon.

Døme

Eit skyvelære som har vore i dagleg bruk i fleire år viser 0,03 mm for lite samanlikna med ein referansebit.

Korleis unngå slitasjefeil?

  • Kalibrer måleinstrument jamleg.

  • Oppbevar verktøy tørt og reint.

  • Unngå slag, støv og fukt som forkortar levetida.

4. Feil avlesing

Ved manuell avlesing på analoge instrument kan sjølv små unøyaktigheiter føre til feil resultat. Auget må vere plassert rett over skalaen, og skygger eller dårleg lys kan forvrenge synsinntrykket.

Døme

Ein operatør les av på eit skyvelære frå skrå vinkel og trur verdien er 25,48 mm – den rette verdien er 25,46 mm.

Korleis unngå feilavlesing?

  • Sørg for godt arbeidslys.

  • Les av verdien rett ovanfrå.

  • Bruk digitale måleinstrument der det er formålstenleg.

Praktisk døme

I ei maskineringsbedrift blir ein aksling målt med mikrometer før montering.

Operatøren står nær ei varm maskin, og verktøyet har ikkje blitt kalibrert på lenge.

Resultatet viser eit mål som ligg akkurat innanfor – men kontrollmåling i målerommet viser at akslingen er 0,03 mm for stor.

Årsaka er både temperaturpåverknad og instrumentfeil.

Refleksjonsspørsmål

  1. Kvifor utfører vi alltid presisjonsmålingar ved 20 °C?

  2. Korleis kan dårleg belysning føre til feil måleresultat?

  3. Kor ofte bør måleverktøy kalibrerast i ei produksjonsbedrift?

  4. Kva kan konsekvensane bli dersom ein brukarfeil ikkje blir oppdaga før produktet blir levert til kunden?

  5. Når du dreier, kan arbeidsemnet blir varmt. Kva konsekvensar kan det få for målingane dine?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 17.03.2025