Sveisefeil

Kva er sveisefeil?
Sveisefeil oppstår når ein sveis ikkje oppfyller dei nødvendige krava til styrke, utsjånad eller funksjonalitet. Desse feila kan vere mikroskopiske, som porøsitet, eller synlege, som sprekkar eller formfeil. Slike feil reduserer styrken i sveisen og kan føre til strukturell svikt, spesielt i kritiske konstruksjonar som bruer, skip og trykktankar. Utfordringar som manglande innbrenning, porøsitet og slagginneslutningar kan påverke kor haldbar sveisen er under belastning.
For å minimere risikoen for sveisefeil må du som sveisar følge god praksis. Du må førebu deg grundig, tilpasse materialeigenskapane og velje rett sveiseutstyr og innstillingar. Viktige sveiseprosedyrar som WPQR (Welding Procedure Qualification Record) og WPS (Welding Procedure Specification) spesifiserer føreskriven framgangsmåte for sveiseoperasjonar, som straumstyrke, varmeinnputt og sveisefart.
I tillegg er det svært viktig at du bruker og forstår sveisenemningar med standardiserte teikn og symbol som angir krav til utføring av sveisen, som t.d. sveisemetode og skøytetype.
Følger du desse prosedyrane og er merksam på materialkvalitet, vernegass og elektrodeføring, kan du unngå mange vanlege sveisefeil.
Illustrasjonen under viser vanlege defektar som kan oppstå ved sveising.
Døme på sveisefeil
Porøsitet/luftlommer (porosity)
Porøsitet oppstår når gassbobler blir fanga i smeltebadet og blir verande i sveisen etter at han er avkjølt. Det kan skje på grunn av høg fukt, forureiningar som olje eller rust eller for dårleg vern frå dekkgass. Resultatet er ein redusert strukturell styrke, sidan desse holromma svekker bindingane i materialet.
Årsaker
Porøsitet oppstår ved høg sveisefart, dårleg vernegass eller fukt på elektrodar eller materiale.
Førebygging
Bruk rett gassflow, sørg for tørre materiale og elektrodar og unngå forureiningar.
Inneslutningar/forureining (slag inclusion)
Inneslutningar, ofte slagg, oppstår når ikkje-metalliske partiklar blir fanga i sveisen. Det kan føre til brot i sveisen under belastning, for slagg fungerer som defektar i materialet. Typiske kjelder til slagginneslutningar er dårleg fjerning av slagg mellom dei ulike sveisestrengene eller bruk av feil sveiseprosess.
Årsaker
Inneslutningar oppstår ved dårleg slaggfjerning, feilaktig sveisemetode eller for mykje trådframføring.
Førebygging
Fjern slagg grundig mellom kvart pass og bruk rett teknikk.
Undersnitt/glipe (undercut)
Undersnitt er ei fordjuping som blir danna langs kanten av sveisen når metallet ikkje smeltar heilt saman med grunnmaterialet. Det reduserer effektiviteten til sveiseoverflata og kan føre til sprekkar. Dette skjer ofte ved for høg varmeinntrenging eller for høg sveisefart.
Årsaker
Undersnitt oppstår ved for høg straumstyrke eller dårleg elektrodeføring.
Førebygging
Juster straumstyrke, sveisefart og teknikk for å få jamn smelting.
Kantsår
Kantsår oppstår i overgangen mellom sveiseavsettet og grunnmaterialet, eller i overgangen mellom to sveiselarvar.
Årsaker
Kantsår oppstår ved feil elektrodetype, feil elektrodeføring, for lang lysboge, for høg straumstyrke eller for høg framføringsfart. Det kan òg komme av at elektroden brenn skeivt, at elektroden er fuktig eller at fugevinkelen er for liten.
Førebygging
Sørg for rett elektrode og straumstyrke, rett forarbeid og rett elektrodeføring.
Materialsprekkar/sprekkdanning (två cracks)
Sprekkar kan danne seg både under og etter sveising. Det finst fleire typar sprekkar, som varme sprekkar (dannar seg under smelting) og kalde sprekkar (dannar seg etter at sveisen er avkjølt).
Varme sprekkar kan oppstå på grunn av rask avkjøling eller høgt indre spenningsnivå. Kalde sprekkar kan komme av dårleg tilpassing mellom materiale og temperaturforskjellar.
Årsaker
Materialsprekkar oppstår ved hurtig avkjøling, låg duktilitet i materialet eller høg termisk ekspansjon.
Førebygging
Kontroller nedkjølingshastigheita, og tilfør varme før eller etter sveisinga ved behov.
Feil ved innbrenning (manglande innsmelting)
Dårleg innbrenning oppstår når sveisen ikkje smeltar heilt inn i grunnmaterialet. Det fører til svak samanføying, som kan svikte ved belastning. Feilen er ofte knytt til låg varmeinnputt, låg straumstyrke eller feilaktig elektrodeposisjon.

Årsaker
Feil ved innbrenning oppstår ved for låg varme og feil sveiseteknikk.
Førebygging
Auk straumstyrken og juster elektrodeposisjonen.
Overflatesprut/sveiseperler (spattars)
Overflatesprut er eit vanleg problem ved sveising med høge straumstyrkar. Små metallpartiklar blir skotne ut frå sveisestrengen og kan setje seg fast på overflata. Det påverkar ikkje nødvendigvis strukturell styrke, men kan krevje etterbehandling og føre til estetiske eller funksjonelle problem.
Årsaker
Overflatesprut oppstår ved for høg straumstyrke eller for rask rørsle av elektroden.
Førebygging
Juster straumstyrken og optimaliser teknikken.
Formfeil i sveiseprofil (weld profile)
Formfeil refererer til ujamnskapar eller misdanningar i sveiseprofilen, som kan redusere evna sveisen har til å tole last og føre til strukturell svikt. Det kan komme av dårleg kontroll av sveisefart eller bruk av feil elektrode.
Årsaker
Formfeil i sveiseprofil oppstår ved feil hastigheit, straumstyrke eller teknikk.
Førebygging
Bruk rett hastigheit og elektrodeteknikk for å sikre god form.