Sveising er ein samanføyingsmetode der materiale blir smelta saman ved høg temperatur. Ofte blir det òg tilsett eit fyllmateriale.
Lodding bind metall saman ved hjelp av eit tilsettmateriale med lågare smeltepunkt enn hovudmateriala.
Liming er ein samanføyingsmetode der ein kjemisk eller fysisk herdeprosess skaper eit fast samband mellom to flater.
Ved mekanisk samanføying bruker vi fysiske festemiddel for å låse komponentar saman.
Friksjonssamanføying vil seie at to delar blir haldne saman ved hjelp av friksjonen som oppstår mellom dei.
Plast- og ultralydsveising skaper eit fast samband gjennom bruk av høgfrekvente vibrasjonar eller varme.