Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Sveising

Fagstoff
Video

Sveisetonga

Sveisetonga er eit kjent verktøy i sveisebåsen. Kjenner du til alle dei smarte bruksområda sveisetonga har?

Bruksområde for sveisetonga

Når du sveiser, må du vedlikehalde og reparere utstyret med jamne mellom. Då er sveisetonga det viktigaste verktøyet. Ho kan brukast til å:

  • reinse gassmunnstykket/gasshylsa

  • losne/feste gassmunnstykket/gasshylsa

  • klippe elektrodetråden til rett utstikk

  • losne/feste kontakthylsa

I filmen under (lengde 1:18) får du forklart og vist i detalj korleis du gjer desse oppgåvene.

Har du sett denne tonga på sveiseverkstaden? Ho har mange praktiske funksjonar. Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 07.05.2024