Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Sveising

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Vedlikehald av MIG-/MAG-utstyr

Vedlikehald av MIG-/MAG-sveiseapparat sikrar stabil sveisestraum, forhindrar feil og forlenger levetida til maskina samtidig som det gir tryggare og meir pålitelege sveiseresultat.

Kvifor er vedlikehald viktig?

Vedlikehald av MIG- og MAG-sveiseapparat er avgjerande for å sikre optimal yting og sikkerheit. Regelmessig vedlikehald forhindrar slitasje og feil som kan føre til ujamn sveising, defektar i sveisen og til slutt strukturell svikt.

Det bidreg òg til å forlenge levetida til sveisemaskina, redusere kostnader til reparasjonar og minimere risikoen for arbeidsulykker. Ved å sikre rette innstillingar og reingjering kan du òg forbetre kvaliteten på sveisen og effektiviteten i produksjonen.

Film om bruk av sveisetong (1:18)

Sveisetonga er eit viktig verktøy ved vedlikehald av MIG-/MAG-utstyret. Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Vedlikehaldspunkt

Gå inn i dei ulike punkta i biletet under for å sjå kva vedlikehaldsoppgåver vi bør gjere på eit MIG-/MAG-sveiseapparat. Innhaldet er tilgjengeleg i tekstformat lenger nede på sida.

Vedlikehaldspunkta i tekstformat

1. Elektrodetråden (ved byte av spole)

Når du byter tråd på apparatet, klipper du elektrodetråden rett i enden og gradar han med ei fil slik at han ikkje skadar trådleiaren.

2. Inngangsdysa

Kontroller at inngangsdysa er så nær matehjulet som mogleg, og at ho ikkje er skadd.

3. Matehjulet

Gjer matehjulet reint regelmessig og byt det ut når det er slite. Sporet i matehjulet må ha rett dimensjon i forhold til elektrodetråden og vere rett sentrert i forhold til trådleiardysa.

4. Trykkhjulet

Du må ikkje stramme trykkhjulet for hardt. Du har passe matetrykk dersom du greier å stoppe ekektrodetrådmatinga med to fingrar. For stort matetrykk kan føre til at tråden krøllar seg opp mellom matehjulet og trådleiardysa.

5. Trådleiaren

Støv og smuss stoppar trådleiaren gradvis. Derfor er det viktig at du gjer han rein regelmessig med trykkluft og reinsevæske.

6. Isolasjonshylsa

Isolasjonshylsa skal vere uskadd og fri for sprut, elles kan det bli overslag.

7. Gassrøyret

Gassrøyret skal alltid stikke ut litt framfor kontaktrøyret for at kontaktrøyret ikkje skal komme borti arbeidsstykket og brenne seg fast.

8. Kontaktrøyret

Kontaktrøyret er viktig. Det leier straumen fram til elektrodetråden. Kontaktrøyret er heile tida utsett for stor slitasje, og med for stor slitasje får du ujamn straumleiing, mykje sprut og ujamn sveiseoverflate.

9. Elektrodetråden

Klipp av elektrodetråden 12–15 mm utanfor kontaktrøyret når du startar sveisinga. Bruk avbitar eller spesialtilpassa sveisetong.

10. Trådleiardysa

Du må alltid ha minst mogleg avstand mellom matehjulet og trådleiardysa for å unngå at tråden krøllar seg.

11. Gassen

Lite gass gir porer, for mykje gass gir turbulens, dårleg innsmelting og høg sveis. Sjekk alltid gassmengde opp mot sveiseprosedyre eller databladet til elektrodetråden.

12. Gassrøyret

Du må reingjere gassrøyret regelmessig og fjerne avleiringane på innsida. Dersom avleiringane blir for store, kan du få lysbogeoverslag. For å motverke avleiringar er det ein fordel å bruke pasta.

Sjølve sveisepistolen er samansett av fleire delar. I biletet under ser du dei viktigaste delane:

Vedlikehaldsplan

For å ha god oversikt over når vedlikehald er gjennomført på sveisemaskina, er det lurt å ha eit skjema som beskriv kva som skal gjerast, kor ofte vedlikehaldet skal gjennomførast, og eventuelt kven som har gjennomført vedlikehaldet.

Døme på vedlikehaldsplan:

Vedlikehaldsskjema for MIG/MAG sveiseapparat

Vedlikehaldspunkt

Frekvens

Utført av

Dato

Kommentar

Klipp elektrodetråden ved skifte av spoleVed kvart skifteGrad med fil
Kontroller inngangsdysaFør kvar brukNær matehjulet, ingen skadar
Reingjer matehjuletKvar vekeByt ut ved slitasje
Kontroller trykkhjuletKvar vekeJuster matetrykk
Reingjer trådleiarenKvar vekeBruk trykkluft og reinsevæske
Kontroller isolasjonshylsaFør kvar brukIngen sprut, uskadd
Kontroller gassrøyretKvar vekeUtstikk framfor kontaktrøyret
Kontroller kontaktrøyretFør kvar brukSjå etter slitasje
Klipp elektrodetrådenFør kvar sveising12–15 mm utanfor kontaktrøyret
Kontroller avstand mellom matehjul og trådleiardysaFør kvar brukMinst mogleg avstand
Sjekk gassmengdeFør kvar sveisingJuster opp mot prosedyre
Reingjer gassrøyretKvar vekeFjern avleiringar

Skjema til nedlasting

Viktig!

Desse vedlikehaldsråda er generelle, og du må sjå på brukarmanualen for akkurat di maskin for å setje opp ein korrekt vedlikehaldsplan.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 17.10.2024