Sliping av TIG-elektrodar
Slipemaskin for wolframelektrodar
Filmen under (lengde 4:07) viser korleis du sliper wolframelektrodar med elektrodeslipar for å unngå helseskadar.
Kva er TIG?
TIG-sveising (Tungsten Inert Gas) er ein populær sveiseprosess som bruker elektrode av wolfram eller ei blanding med thorium som elektrode. For at sveisinga skal vere effektiv og gi høg kvalitet, må elektroden vere korrekt slipt.
Sjølve TIG-sveisepistolen er samansett av fleire delar. Trykk på plussymbola på det interaktive biletet under for å få dei ulike delane beskrivne, eller les om dei artikkelen.
Elektrodekappe
Dette er ein kapsel som blir skrudd inn på baksida av elektrodehaldaren. Han beskyttar og strammar til elektroden, og finst i ulike lengder (kort, medium, lang) for å tilpasse elektrodelengda.
Brytar
Denne knappen eller brytaren aktiverer og deaktiverer sveisestraumen. Nokre modellar har òg ein brytar for å justere straumstyrken under sveising.
Sveisepistolhandtak
Dette er sjølve grepet på sveisehandtaket. Det gir brukaren kontroll over rørslene og er ofte ergonomisk utforma for at det skal vere behageleg ved langvarig bruk.
Varmeskjold
Varmeskjoldet hindrar at varmen frå elektroden spreier seg inn i handtaket.
Spennhylse
Dette er ein komponent som sørger for at elektroden blir halden fast og i riktig vinkel. Vi kan òg tilpasse han til ulike elektrodetjukkleikar.
TIG-elektrode
TIG-elektroden fører straumen fram til arbeidsstykket, og skaper lysbogen mellom elektroden og arbeidsstykket. Det er viktig at denne er slipt riktig for å få ein effektiv lysboge. TIG-elektrodar består vanlegvis av materiala wolfram eller thorium.
Spennhylsehus
Denne delen held wolframelektroden på plass. Han sørger for at elektroden er festa sikkert i riktig posisjon.
Gassmunnstykke
Dette er ei keramisk hylse som leier beskyttelsesgassen til sveisesona. Størrelsen på hylsa kan variere alt etter sveisejobben.
Framgangsmåte for sliping av wolframelektrode
Slipeprosessen for TIG-elektrodar er avgjerande for å oppnå optimal sveiseyting.
Som første steg bruker vi ein benkslipar med ei passande slipeskive, eller spesialverktøy for sliping av TIG-elektrodar. Ved bruk av benkslipar er det spesielt viktig å ta forholdsreglar når det gjeld HMS.
Under slipeprosessen blir wolfram- og eventuelt thoriumstøv frigjort. Det kan vere helseskadeleg. Derfor er det viktig å bruke personleg verneutstyr som støvmaske og vernebriller, og sørge for god ventilasjon i arbeidsområdet.
Viktig med rett sliping

Når du sliper elektroden, er det viktig å stille inn verktøyet i ein vinkel på 15–30 gradar for å danne ein spiss tupp. Det gir ein betre kontrollerbar lysboge. Ein godt slipt elektrode bidreg til stabil lysboge, reduserer sprut og forbetrar kvaliteten på sveisen.
Ein korrekt slipt TIG-elektrode er nødvendig for å oppnå:
Stabil lysboge
Ein jamn og stabil lysboge gir betre sveiseresultat.
Redusert sprut
Rett sliping reduserer sprut og gjer sveisen finare og sterkare.
Forbetra sveisesaum
Sveisen får betre kvalitet. Det er avgjerande for strukturell styrke i prosjekta du skal konstruere og sveise.
Du må òg kontrollere at elektroden ikkje blir overoppheta under slipeprosessen. Det kan nemleg påverke dei elektriske eigenskapane han har.
Val av utstyr
Bruk ei slipemaskin eller ein slipestein med passande kornstørrelse (60–120 korn er anbefalt).
Bruk verneutstyr: vernebriller, hanskar og støvmaske.
Førebuing av elektroden
Reins elektroden for mogleg smuss eller olje før sliping.
Sliping
Plasser elektroden i slipemaskina, eller hald han i handa ved sliping på ein slipestein.
Slip elektroden mot slipematerialet i ein vinkel på 15–30 gradar.
Slip elektroden i ei sirkulær rørsle. Drei elektroden mot slipeskiva for å få ei fin, konisk form.
Sliping skal gjerast til ein spiss, og anbefalt lengde på den slitne delen er ca. 2–3 gonger diameteren til elektroden.
Etterbehandling
Reingjer elektroden grundig for slipestøv.
Kontroller at spissen er jamn og utan sprekkar eller skadar.
Etter sliping må du montere elektroden i TIG-pistolen igjen. Pass då på å justere korrekt utstikk.
HMS (helse, miljø og sikkerheit)
Når vi sliper TIG-elektrodar, blir det frigjort små partiklar som kan vere helseskadelege ved innanding. Dette støvet kan innehalde skadelege stoff som tungsteinoksid. Ved langvarig eksponering kan det føre til respiratoriske problem (pusteproblem) og andre helseplager.
Sjølv om det er forska lite på dette, er det òg rapportert om mogleg kreftrisiko knytt til innanding av wolfram- og eventuelt thoriumstøv.
For å redusere eksponeringa er det viktig å bruke støvmaske og sørge for nok ventilasjon i arbeidsområdet. I tillegg bør du vurdere å bruke støvsugar med HEPA-filter for å fange opp fine partiklar.
Verneutstyr
Bruk alltid vernebriller og hanskar under sliping for å verne auga og hendene.
Støv
Sliping av wolfram og thorium kan produsere farleg støv. Bruk støvmaske for å unngå innanding av partiklar.
Ventilasjon
Sørg for god ventilasjon i arbeidsområdet så du reduserer eksponeringa for sveise- og slipestøv.