Måleliste

Kva er ei måleliste?
Ei måleliste er ei systematisk oversikt over målte verdiar for ein mekanisk komponent eller eit objekt. Ho blir brukt til å dokumentere spesifikasjonar som dimensjonar, toleransar og overflatekvalitet for å sikre at komponenten oppfyller krava i ei konstruksjonsteikning eller ein produksjonsstandard.
Målelister kan brukast til:
kvalitetskontroll – samanlikning av målte verdiar med toleransegrenser for å sikre at komponenten er innanfor spesifikasjonane
produksjonsoppfølging – dokumentasjon av avvik og trendar for å forbetre produksjonsprosessar
feilsøking og analyse – identifisering av feilproduksjon eller slitasje over tid
sporbarheit – arkivering av måledata for seinare referanse, spesielt i industriar med høge kvalitetskrav (til dømes bil- og flyindustrien)
Målelister blir ofte brukte saman med CAD-teikningar og tekniske spesifikasjonar som til dømes Verkstedhåndboka eller ISO-standardar for å sikre at alle krav er oppfylte før montering eller levering til kunde.
Utfylling av måleliste
Når du skal fylle ut ei måleliste, bør du bruke eit standardisert skjema. Ei måleliste inneheld ulike data, nokre henta frå teikning og nokre frå målingane dine, og ei vurdering eller analyse av dei måla du har teke.
Ut frå analysen av måleresultat kan det vurderast om delen er godkjend eller ikkje, altså ein utgang.
I dømet vårt på måleliste har vi valt å ha med desse kolonnane:
Målenummer
Målenummeret angir kva måling du skal gjennomføre. Det kan vere formålstenleg å analysere teikninga og dele opp målenummera ut frå dei verktøya du skal bruke. Då slepp du å hoppe så mykje fram og tilbake mellom verktøya.
Teikningskoordinatar
På større teikningar kan det vere oppgitt tal eller bokstavar på sida av arket. Til dømes kan langsida av arket ha bokstavane A til G og kortsida ha tala 1 til 8. Du kan då notere at det spesifikke målet ligg på koordinaten C4, altså på det punktet der ei rett linje frå bokstaven C møter ei rett linje frå talet 4.
Basismål og toleranse
Basismålet er det målet som er oppgitt på teikninga, og det er utgangspunktet for målinga. Skriv så inn toleransane med pluss- og minusverdi.
Måleresultat
Her skriv du inn den måleverdien du les av på måleverktøyet.
Avvik
I kolonnen for avvik skriv du inn eventuelt avvik som ligg utanfor toleransen, altså ikkje avvik utanfor basismålet. Viss måleresultatet er innanfor toleransane, kan du berre skrive "ok".
Måleverktøy
Her kan du skrive inn kva måleverktøy du brukte. Det kan vere så lett som "skyvelære", men du kan òg gjere det meir avansert, til dømes skrive "mikrometer" og nemninga og kalibreringsnummeret til mikrometeret.
Utgang
Utgang er vurderinga di av måleresultatet. Det kan vere angitt med ulike nemningar, men det vanlegaste er "ok" eller "ikkje ok". Det kan òg vere "må tilbake til bearbeiding", "blir kassert", "må utføre ny måling" eller liknande. Dette er altså konklusjonen din etter at målinga er utført og måleverdiane er analyserte.
Oppspenningsmetode
Oppspenningsmetode blir ofte nytta saman med digitale måleverktøy, men kan òg brukast ved manuelle målingar. Det kan til dømes vere "handhalden", "i jigg", "i maskin", "på bord" eller liknande.
Å notere dette hjelper deg til å bruke same metode ved ei eventuell ny måling.
Merknader
Merknader kan vere ein kommentar til kunde eller produksjon. Viss du måler ein serie av komponentar og ser at måla gradvis nærmar seg toleransegrensa, kan det vere ein kommentar til produksjonsverkstaden om å kontrollere verktøy eller maskiner.
Det kan òg vere kommentarar knytte til temperatur eller liknande.
Døme på utfylt måleliste
Her ser du eit døme på ei utfylt måleliste:

Filer
Her kan du laste ned eit døme på korleis ei slik måleliste kan sjå ut.
Felta i PDF-fila er interaktive, det vil seie at du kan skrive direkte i dokumentet. Du kan òg gjere endringar i Excel-fila (.XLSX) og tilpasse ho til eige bruk. Excel-fila har òg nedtrekksmenyar.
Relatert innhald
Ein målerapport er detaljert dokumentasjon av måleresultata for ein mekanisk komponent etter ei kontrollmåling. Kva skal han innehalde?
Nøyaktige målingar er grunnlaget for kvalitet i industrien. Sjølv små avvik kan føre til feilmontering, vibrasjonar eller tidleg slitasje.