Målerom
Interaktivt målerom
Utforsk målerommet under ved å bevege deg rundt ved hjelp av musepeikaren eller tastaturet. Vel analog eller digital måling for å lære mer om dei ulike elementa vi kan bruke ved måling.
Kva er eit målerom?
Målerommet er eit spesialtilpassa rom i produksjonsbedrifter og verkstader. Det er utstyrt med avansert måleutstyr for nøyaktig kontroll av produkt og er ein kritisk del av kvalitetskontrollen. Rommet er ofte temperatur- og fuktkontrollert for å minimere påverkinga av ytre faktorar som kan gi feil måleresultat.
Presisjonsmåleinstrument blir brukte til å undersøke til dømes dimensjonar, overflateruleik, vinkelavvik og materialeigenskapar.
Kvifor er måling viktig?
kvalitetssikring: Målingar sikrar at produkt oppfyller spesifikasjonar og toleransar.
feildeteksjon: Produksjonsfeil kan bli oppdaga før produktet blir sendt til kunden.
prosessforbetring: Måleresultat blir brukte til å optimalisere produksjonsprosessar.
Målerommet
For at målingane skal vere pålitelege, må målerommet ha stabile forhold, sidan miljøfaktorar kan påverke resultatet.
temperaturkontroll fordi materiale utvidar seg og trekker seg saman ved temperaturendringar
vibrasjonsdemping fordi presisjonsutstyr kan bli påverka av vibrasjonar frå maskiner og trafikk
rett kalibrering fordi måleinstrument må kalibrerast jamleg for å sikre nøyaktigheit
Med utviklinga av industri 4.0 og digitalisering har mange målerom fått
automatiserte koordinatmålemaskiner for rask og presis inspeksjon
sensorbaserte system som samlar inn data i sanntid
skybaserte løysingar for lagring og analyse av måledata
Målemetodar i målerom
Det finst fleire målemetodar som blir brukte i målerommet, avhengig av krav til nøyaktigheit og typen produkt som skal målast.
Manuelle måleverktøy
Manuelle måleverktøy blir ofte brukte til raske inspeksjonar og omfattar
skyvelære som måler indre og ytre mål og djupnemål med ei nøyaktigheit ned til 0,02 mm
mikrometer som blir brukt til svært nøyaktige målingar (ned til 0,001 mm)
indikatorklokker som måler små avvik i planheit eller konsentrisitet

Koordinatmålemaskiner (CMM – Coordinate Measuring Machine)
Desse maskinene måler tredimensjonale objekt med ekstrem nøyaktigheit ved å bruke ein probe som berører objektet. Koordinatmålemaskiner blir brukte til
kontroll av komplekse geometriar
måling av posisjonsavvik og toleransar
samanlikning med digitale CAD-modella


Optiske og laserbaserte målemetodar
For ikkje-kontaktmålingar blir det brukt teknologiar som
laserinterferometri som gir svært presis måling av avstandar og overflatetoleransar
3D-skanning som skaper ein detaljert digital modell av objektet
optiske målesystem der kamera og lysprojeksjon blir brukt til å måle små komponentar utan fysisk kontakt
Ruleiksmåling og profilometri
For å analysere overflata på eit materiale blir det brukt spesialiserte instrument som måler
overflateruleik (Ra-verdi)
bølgeform og mikroskopiske ujamnskapar
slitasjeeigenskapane til materialet

Omgrepsforklaringar
- toleranse
- tillate avvik frå ein spesifisert måleverdi
- koordinatmålemaskin (CMM)
- maskin som måler objekt i tre dimensjonar med høg presisjon
- ruleiksmåling
- måling av kor ujamn ei overflate er, ofte gitt som Ra-verdi
- kalibrering
- justering av måleinstrument for å sikre nøyaktige resultat
- interferometri
- optisk målemetode som bruker lysbølger for ekstremt presise målingar