Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Målerapport

Ein målerapport er ein detaljert dokumentasjon av måleresultata for ein mekanisk komponent etter ei kontrollmåling. Den gir ei strukturert oversikt over dei målte dimensjonane samanlikna med spesifikasjonane og toleransegrensene frå teikninga eller standarden.

Manuelle og automatiske målerapportar

I tradisjonelle måleprosessar – som ved bruk av handhaldne verktøy som skyvelære, mikrometer eller måleur – må målerapporten skrivast manuelt. Operatøren fører då inn måleverdiar, dato, utstyr og eventuelle avvik for hand.

Når du skal lage ein slik målerapport, må du først lage ein plan for kva mål som skal inn i rapporten. Ein slik plan blir kalla ei , og ho er utgangspunkt for målingane.

I meir avanserte system, som ved bruk av koordinatmålemaskiner (CMM), skjer rapporteringa automatisk. Maskina lagrar og skriv ut måleresultata direkte etter målinga. Dette sikrar høg og reduserer risikoen for menneskelege feil.

Formålet med ein målerapport

Ein målerapport har fleire viktige funksjonar i produksjon og kvalitetskontroll:

kvalitetskontroll
verifisere at komponenten oppfyller krava i teikninga eller spesifikasjonen
sporbarheit
sikre at måleresultata kan dokumenterast og sporast tilbake til produsent, dato og utstyr
feilanalyse
avdekke produksjonsfeil, slitasje eller avvik som kan påverke funksjon og sikkerheit
sertifisering
tene som bevis på at produktet er produsert innanfor godkjende toleransegrenser

Innhald i ein målerapport

Ein komplett målerapport inneheld fleire faste element som gjer han lesbar, etterprøvbar og sporbar:

  • komponentinformasjon: namn, nummer, teikning og revisjonsstatus

  • måleutstyr brukt: til dømes skyvelære, mikrometer, koordinatmålemaskin eller laserprobe

  • målemetode: korleis målinga vart utført

  • operatør og dato: kven som utførte målinga, og når

  • målte verdiar: samanlikna med teikningskrav og

  • avvik og kommentarar: eventuelle observasjonar utanfor spesifikasjon

  • godkjenning: signatur eller stempel frå kontrollør eller kvalitetsleiar

Bruksområde for målerapportar

Målerapportar blir brukte i mange delar av industrien, både som dokumentasjon og som grunnlag for avgjerder.

Typiske bruksområde:

godkjenning før levering
Målerapporten følger delen frå produsent til kunde som kvalitetsbevis.
sporbarheit i produksjon
Rapportane blir arkiverte slik at produksjonsdata kan sporast i ettertid.
etterforsking av feil eller ulykker
Dersom ein komponent sviktar, kan målerapporten brukast til å undersøke om han vart produsert innanfor krava.

Bransjar som bilindustri, luftfart og olje- og gassindustrien stiller særleg strenge krav til slike rapportar, fordi sikkerheita avheng av dokumentert nøyaktigheit.

Sporbarheit og arkivering

Alle målerapportar skal arkiverast i kvalitetssystemet i bedrifta. Dette gir oversikt over når og korleis komponentar er kontrollerte, og det sikrar dokumentasjon i tilfelle reklamasjonar, revisjonar eller juridiske spørsmål.

Sporbarheit betyr at ein kan følge ein del tilbake gjennom heile produksjonsprosessen – frå råmateriale til ferdig produkt – og sjå kva måledata som vart registrerte undervegs.

Filer

Her kan du laste ned eit døme på korleis ein slik målerapport kan sjå ut.

Felta i PDF-fila er interaktive, det vil seie at du kan skrive direkte i dokumentet. Du kan òg gjere endringar i Excelfila (.XLSX) og tilpasse denne til eige bruk. Excelfila har òg nedtrekksmenyar.

Refleksjonsspørsmål

  1. Kvifor er målerapportar viktige for kvalitet og sikkerheit i industrien?

  2. Kva er forskjellen på manuell og automatisk målerapportering?

  3. Korleis bidreg sporbarheit til å redusere risiko ved feilproduksjon?

  4. Kva opplysningar bør alltid vere med i ein målerapport?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 05.03.2025