Kva er sveising?

Kva er sveising?
I moderne industri er sveising den mest brukte metoden for samanføying. Det er mange ulike måtar å sveise på. Sveising er ein prosess der to materiale, som oftast metall, blir smelta saman slik at dei dannar ein sterk og permanent skøyt. Området der dei to materiala møtest, varmar vi opp til ein så høg temperatur at materiala smeltar eller blir plastiske (deigaktige). Deretter smeltar kantane saman til éin heilskap.
Sveising med og utan tilsettmateriale
Når vi sveiser, kan vi bruke eit ekstra materiale, kjent som tilsettmateriale, for å fylle gapet mellom delane vi skal føye saman. Tilsettmaterialet smeltar saman med grunnmaterialet og blir ein del av sveisen.
Andre gonger sveiser vi utan tilsettmateriale. Då smeltar materiala i seg sjølve direkte saman. I slike tilfelle blir materialet varma opp til ein plastisk tilstand og flyt eller blir pressa saman til det dannar ein sterk skøyt.
Ein annan sveisemetode er friksjonssveis. Der fører den store friksjonen mellom to delar til så høg temperatur at delane smeltar saman som ein sveis i kontaktpunktet, til dømes i ein dreiebenk.
Ulike sveisemetodar
Det er mange ulike måtar å sveise på, og sveiseteknologien blir stadig utvikla. Her er nokre av dei vanlegaste metodane:

- Lysbogesveising
Her bruker vi ein elektrisk lysboge til å smelte materialet. Døme er MIG-, MAG- og TIG-sveising.
- Gassveising
Ved gassveising bruker vi ein flamme, til dømes ein oksygen-acetylenflamme, for å varme opp materialet til smeltepunktet.
- Motstandssveising
Denne metoden bruker elektrisk straum for å generere varme, slik at materiala smeltar saman.
- Pulversveising
I denne prosessen får sveisen tilført vern i form av pulver som smeltar over sveisesona.
Kvar av desse metodane har fordelar og spesifikke bruksområde, alt etter kva materiale som skal sveisast og kva type sveiseforbindelse som er nødvendig.
Meir enn berre samanføying
Sveising handlar ikkje berre om å føye to materiale saman. Ein viktig spesialmetode som skil seg frå den tradisjonelle definisjonen av sveising, er påleggssveising. Her er ikkje målet å knyte saman to delar, men å legge på eit vernande slitelag på eit eksisterande materiale.
Det bruker vi ofte når delar blir utsette for stor slitasje, som til dømes på maskindelar eller verktøy som må tole høg belastning over tid. Påleggssveis blir òg ofte brukt innvendig i røyr som skal innehalde spesielle stoff, til dømes i olje- og gassindustrien.
Standardisering av sveising
I sveising er det viktig å bruke rett metode til rett oppgåve. For å gjere dette enklare har alle sveisemetodane fått ein ISO-kode (internasjonal standardisering), nærare bestemt ISO 4063. Denne standarden gir kvar sveisemetode eit unikt nummer som blir brukt over heile verda for å identifisere metoden i sveiseprosedyrar og dokumentasjon.
Det gjer det lettare for sveisarar og ingeniørar å kommunisere kva metode som er brukt, uavhengig av språk og land.
Eit stort og mangfaldig fagfelt
Sveising er ein svært allsidig teknikk, og det finst knapt nokon industri der det ikkje blir sveisa. Vi har sveising i alt frå bygging av massive stålkonstruksjonar som bruer og skip, til produksjon av dei minste komponentane i elektroniske apparat.
Med sveising kan vi lage alt frå store og tunge konstruksjonar til ekstremt presise sveisar på små, delikate delar. Utstyret som blir brukt, varierer òg sterkt, frå enkle, handhaldne sveisemaskiner til automatiserte robotsystem som sveiser med millimeterpresisjon.
Sveising er eit mangfaldig fagfelt i konstant utvikling, og nye metodar og teknologiar gjer det mogleg å utføre stadig meir komplekse og krevjande sveiseoppgåver.
Kontrollspørsmål
Svar på spørsmåla under for å sjå om du har lært nokre viktige element frå teksten.
Relatert innhald
Når du skal sveise, er det viktig at du følger ein sveiseprosedyre. Kva informasjon gir ein sveiseprosedyre?
Når du sveiser, vil du knyte saman to eller fleire metallbitar, og gjere forbindelsen minst like sterk som sjølve metallet. Blir det alltid slik?

