Religion og vald - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Religion og vald

Er islam meir valdeleg enn andre religionar? Er buddhismen berre fredeleg? Høyr podkasten med Iselin Frydenlund og jobb med oppgåver.

1. Før du høyrer podkasten

Diskuter kva inntrykk de har av korleis islam og buddhismen tek omsyn til vald. Noter ned det de tenker.

  • Er religionane like? Ulike?

  • Kvar trur de desse inntrykka kan komme frå?

2. Høyr på podkasten

Noter undervegs. Merk deg eventuelle vanskelege ord, slik at dei kan forklarast felles i klassen etterpå.

Religiøse symbol rundt ein jordklode. Illustrasjon.

Vald i islam og buddhismen

Er nokon religionar meir valdelege enn andre? I denne podkasten snakkar programleiar Kathrine Baldishol og religionsvitar Iselin Frydenlund saman om synet på vald i islam og buddhismen.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og AS / CC BY-SA 4.0

3. Spørsmål etter å ha høyrd podkasten

  1. Kva meiner de om utsegna til Frydenlund om at vi vanskeleg kan seie noko om kva religionar "eigentleg" er?

  2. Stemde fordommane Frydenlund nemner om buddhismen og islam med listene de laga på førehand?

  3. Tekstane i islam og tekstane i buddhismen kan brukast ulikt til å forstå korleis staten tek omsyn til religion. Kva går desse forskjellane ut på?

  4. Forklar forskjellen i politisk tradisjon mellom buddhismen og islam. Nøkkelord: "systematisert" og "religiøse tekstar".

  5. Kva kan denne podkasten fortelje dykk generelt om mangfald i islam og buddhismen?


4. Fordjupingsoppgåver

Vel ei av oppgåvene. Fordel gjerne oppgåvene på elevane i klassen og presenter funna etterpå. Til kvar oppgåve er der lagt ved ein artikkel som kan hjelpe dykk vidare.

  1. Finn konkrete døme der media kan ha vore med på å forme haldningane våre til ulike religionar. Sjå artikkelen "Religion i media".

  2. Finn konkrete døme på at religion blir brukt i populærkultur på ein måte som kan forme haldningane våre til ulike religionar. Sjå artikkelen "Religion og populærkultur".

  3. Vel somme av landa Frydenlund nemner i podkasten og finn konkrete døme på at religion har påverka politikken i landa. Sjå artikkelen "Religion, politikk og historiske endringsprosessar".

5. Korleis kan religion brukast til å legitimere vald?

Religion kan brukast til å legitimere vald på fleire måtar. Vel ein konflikt, pågåande eller avslutta, og sjå om de kan finne igjen nokre av punkta under:

  1. Bruk av sitat frå heilage skrifter: Skrifter blir fortolka på ein bestemd måte, sitat blir plukka ut, eller visse forteljingar blir refererte til som støtte til valden.

  2. Det blir hevda at Gud eller det heilage står på deira side i konflikten: Og fordi det er sånn, kjem dei til å sigre.

  3. Framstilling av krigen/konfliktsituasjonen som ein angrepskrig: Dei må verne den religiøse gruppa si mot "dei farlege andre". Då er det legitimt å bruke vald – særleg når dei tenkjer: "Viss 'dei andre' kjem no, vil 'vi' bli utsletta – då må vi stå imot."

  4. Religiøse leiarar bruker den religiøse autoriteten sin for å støtte opp om ei statsmakt eller eit opprør: Viss dei kjenner seg urettferdig behandla, kan dei òg gå til angrep på statsmakta.

  5. Ved idéar om religiøst "reine" samfunn eller statar: Då kan vald brukast for å reinske ut dei som ikkje er "reine nok" – anten fordi dei er medlemmer av andre trussamfunn – eller fordi dei ikkje er "truande nok".

  6. Fleire religionar har førestillingar om heilagt land: Det kan gjere at det kjennest nødvendig å ty til vald for å forsvare tradisjonen.

  7. Dehumanisering: Andre menneske blir gjorde mindre menneskelege. Før store folkemord har vi ofte sett kampanjar som beskriv grupper i samfunnet som "ikkje heilt menneske". Døme kan vere at grupper blir kalla rotter eller kakerlakkar.

Reflekter saman etter å ha jobba med oppgåva

  • Fann de døme i konfliktane der nokon brukte religion som argument for å dempe konflikten?

  • Kva tenker de om religionar si rolle i krig og konflikt etter dette arbeidet?

  • Kva har du lært om mangfald i religionar?

Tips:

Vald kan òg brukast som tema i oppgåva "Utforsk heilage tekstar".

Lese meir?

Skrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2022