Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Podkast

Filmar og ein podkast om bioteknologi, abort og kunstig intelligens

Her har vi samla korte filmar og ein podkast som handlar om bioteknologi, kyborgar, abort og kunstig intelligens. Under nokre av filmane er det lenker til oppgåver og relevante ressursar.

Film: Bioteknologi

I filmen (lengde 5:26) diskuterer ungdommar frå revygruppa på Elvebakken videregående skole synet på bioteknologi i ulike religionar og livssyn. Filmen blir brukt i oppgåva "Bioteknologi".

Video: Applaus! Film & TV / Avgrensa gjenbruk

Film: Abort

I filmen (lengde 6:14) diskuterer ungdommar frå revygruppa på Elvebakken videregående skole synet på abort i ulike religionar og livssyn. Ver merksam på at filmen blei laga før retten til sjølvbestemd abort blei utvida frå 12 til 18 veker. Filmen blir brukt i oppgåva "Abort".

Video: Applaus! Film & TV / Avgrensa gjenbruk

Film: Gentesting

I filmen (lengde 4:38) beskriv professor i biologi Dag O. Hessen utviklinga innan genteknologi og gentesting. Han peikar på nokre moglegheiter og farar ved denne utviklinga, og kva for etiske dilemma ho kan stille oss overfor.

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Podkast: Genteknologi

I denne podkasten reflekterer biolog Sigrid Bratlie over kva for etiske utfordringar den nye genteknologien stiller oss overfor. Podkasten blir brukt i oppgåva "Genteknologi – moglegheiter og truslar".

Illustrasjon som viser silhuettane av mann og kvinne saman med mange DNA-molekyl.

Genteknologi til glede for alle?

Korleis kan genteknologien brukast til glede for alle?

0:00
-0:00
Podkast: Sigrid Bratlie / CC BY-SA 4.0

Film: Kyborgar

I filmen (lengde 10:01) får vi døme på menneske som har plassert teknologi inn i kroppen. Filmen diskuterer positive og negative konsekvensar av denne nye teknologien, og korleis det kan endre synet vårt på kva det vil seie å vere eit menneske. Filmen blir brukt i oppgåva "Kyborgar: Mennesket 2.0".

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Reservedelar frå genmodifiserte dyr

I denne filmen (lengde 1:59) får vi ei beskriving av korleis genteknologi kan brukast til å lage organ for menneske. Vi får òg ei kort oversikt over argument for og imot å bruke dyr på denne måten.

Video: Kristin Bøhle, Einar Berg / CC BY-SA 4.0

Film: Fosterdiagnostikk og testing av befrukta egg

I denne filmen (lengde 2:30) får vi ei kort beskriving av fosterdiagnostikk. Vi ser kva for etiske val denne denne teknologiske utviklinga stiller oss overfor, og vi får ei oversikt over ulike synspunkt på denne teknologien.

Video: Kristin Bøhle, Einar Berg / CC BY-SA 4.0
Skrive av Karl Henrik Aanesen .
Sist oppdatert 08.06.2026